Hopp til innhold

Slår alarm etter Ingstad-dommen: – Fryktar for tryggleiken både på sjøen og i lufta

Dommen mot vaktsjefen på fregatten KNM «Helge Ingstad» kan truga tryggleiken både på sjøen, langs vegane, og i lufta, meiner fleire organisasjonar.

KNM Helge Ingstad på Hanøytangen.

Fleire organisasjonar meiner dommen mot vaktsjefen på «Helge Ingstad» vil vera ein trussel mot tryggleiksarbeidet.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Tingrett og lagmannsrett har vore klokkeklare:

Vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad» braut lova og skal straffast etter kollisjonen med tankskipet TS Sola i Hjeltefjorden 8. november 2018.

«Tiltalte er klart å klandra i slik grad at det er grunnlag for straffansvar for aktlaus navigering,» heiter det i dommen.

Både i tingrett og lagmannsrett vart han dømt til 60 dagars fengsel på vilkår.

Vaktsjefen har sjølv nekta straffskuld og gjekk i kjellaren då dommen kom, sa mannens forsvarar, advokat Christian Lundin, då han vart dømt for andre gong.

– Han er hengt ut som syndebukk for eit system som ikkje fungerer, har Lundin tidlegare uttalt til NRK.

Ansvaret hos ein person

Men no slår fleire organisasjonar alarm om dommen som plasserer det strafferettslege ansvaret for ulukka hos éin person, vaktsjefen.

– Med dommen har diverre tryggleikskulturen vorte kasta under jussbussen. Me står alle att som taparar, seier Aleksander Wasland, forbundsleiar i Norsk Flygerforbund til NRK.

Han meiner dommen fjernar grunnfjellet i tryggleikskulturen, som går på rapportering av egne feil.

– Me fryktar at tilsette i bransjar som skipsfart, tungtransport, jernbane og luftfart vil kvi seg for å rapportera egne feil når dei ser kvar det kan enda, meiner Wasland.

Byggjer ned tiår med arbeid

Han får støtte frå Norsk Flygelederforening

Ifølgje dei er tillit og openheit ein av dei viktigaste mekanismane for å rapportera inn hendingar, og hindra alvorlege ulukker.

– Ein dom som denne er med på å byggja ned fleire tiår med arbeid lagt ned for å skapa system og metodikkar ein kan stola på innanfor rapportering og handtering av hendingar, seier Robert Gjønnes, leiar i foreininga til NRK.

Dei fryktar dommen får direkte negative konsekvensar for tryggleiken på generelt grunnlag.

Fregatten Helge Ingstad

Etter kollisjonen hamna fregatten KNM «Helge Ingstad» i fjøresteinane. I etterkant vart skipet heva og seinare hogd opp.

Foto: Jakob Østheim

Sjømannsforbundet: – Saka har engasjert sterkt

Også Sjømannsforbundet er sterkt kritiske til konklusjonen til lagmannsretten.

Advokat Terje Hernes Pettersen i forbundet var tydeleg i ein artikkel i Frifagbevegelse etter at tiltalen var teke ut.

Etter at vaktsjefen no er dømt i to rettsinstansar er han krystallklar.

– Medlemmar i Norsk Sjømannsforbund har gjeve klart uttrykk for at dei vil tenkja seg om to gonger før dei tek utdanning som navigatør, seier han.

Saka har engasjert mange sjøfolk sterkt, ifølgje Hernes Pettersen.

Innsiden av KNM "Helge Ingstad"

Slik såg det ut på innsida av fregatten etter kollisjonen med tankskipet.

Foto: Alexander Undrum Fathi/Sjøforsvaret

– Dei fleste ulukker skuldast systemsvikt. Men etter ei ulukke til sjøs er det likevel som regel sjøfolk som vert utpeikt som syndebukkar og stilt personleg ansvarleg, seier advokaten i forbundet.

Han fryktar dommen kan gjera at hendingar no vert feia under teppet av frykt for konsekvensar.

Difor oppnår ein ikkje læring etter alvorlege hendingar.

Tiltale etter ordre frå Riksadvokaten

Lagmannsretten understrekar at det er Riksadvokaten som har beordra tiltale.

Og at retten skal ta stilling om vaktsjefen skal dømmast eller ikkje etter gjeldande lover og reglar.

Ikkje om det er rett eller gale å tiltala han.

I etterkant av kollisjonen fekk Forsvarsdepartementet ei føretaksstraff, som dei vedtok.

helge-ingstad-dom-201223

Advokat Christian Lundin er forsvarar for vaktsjefen som er dømt i to rettsinstansar. Han meiner vaktsjefen er gjort til syndebukk for eit system som ikkje fungerer.

Foto: Trygve Heide / NRK

Forsvararane meinte i rettssaka at ein fellande dom ville ha stor betydning for tryggleikskulturen i Sjøforsvaret.

I dommen heiter det at det er opp til politikarane (lovgjevar) å bestemma om det er hensiktsmessig å straffa nokon for aktløyse.

Statsadvokat Magne Kvamme Sylta, ein av to aktorar under begge rettsrundane mot vaktsjefen, meiner det er riktig person som var tiltalt.

– I forkant av rettssaka vart det gjort grundige vurderingar av kven som skulle verta tiltalt, og stilt til ansvar. Me meiner desse vurderingane er riktige, og at riktig person er tiltalt. Retten har bygd sine vurderingar ut ifrå dei bevisa som me presenterte mot vaktsjefen, sa Sylta i etterkant av dommen i lagmannsretten.