Hopp til innhold

Vaktsjefen på «Helge Ingstad» ankar ikkje dommen til Høgsterett

I desember blei 34-åringen dømd i lagmannsretten til 60 dagar vilkårsbunde fengsel. Han er ueinig i domfellinga, men ankar likevel ikkje.

Fregatten Helge Ingstad

Fregatten «Helge Ingstad» kolliderte med eit tankskip i Øygarden.

Foto: Jakob Østheim

– Saka har vore ei svært stor belastning for vaktsjefen og hans familie, seier forsvarsadvokat Christian Lundin.

– Han har lagt vesentleg vekt på behovet for å legge saka bak seg og eit ønske om å skåne seg sjølv, familien og sjøforsvaret for ytterlegare belastningar.

Dermed er saka mot vaktsjefen omsider lukka og låst, etter fem år med etterforsking og rettssaker.

Nye overvåkningsbilder publisert av Havarikommisjonen viser det dramatiske møtet

Nye overvakingsbilete publisert av Havarikommisjonen viser det dramatiske møtet

Etter andre runde med vitneforklaringar i retten sist desember, eit drygt halvår etter at vaktsjefen først blei funnen skuldig, fekk han den same dommen på nytt: 60 dagars vilkårsbunden fengselsstraff.

Også lagmannsretten meinte at den tiltalte burde ha gripe inn langt tidlegare for å unngå ein kollisjon med tankskipet «Sola TS» i Øygarden.

«Tiltalte fekk fleire signal om at noko var gale, slik det kjem fram i form av eigen erkjenning. Han hadde umiddelbar tilgang på fleire alternative effektive navigasjonshjelpemiddel som ved grunnleggande bruk ville ha avklart feiloppfattinga,» heitte det i dommen.

KNM «Helge Ingstad» 28.11

Her er heile skipet under vatn. Biletet er teke 28. november 2018.

Foto: Kystvakten/Forsvaret Kystverket

Etter ulukka fekk Forsvarsdepartementet ei føretaksstraff på ti millionar kroner.

Les også Slår alarm etter Ingstad-dommen: – Fryktar for tryggleiken både på sjøen og i lufta

KNM Helge Ingstad på Hanøytangen.

Åtvarar om «fryktkultur»

Havarikommisjonen meinte etter si gransking at årsaka til ulukka var menneskeleg svikt og manglande opplæring hjå alle dei seks som var til stades på brua.

Likevel var det berre vaktsjefen som kunne straffeforfølgast, blei det bestemt den gongen.

Avgjerda har ikkje ført til endringar i vaktsjefen sitt arbeid, seier forsvararen hans. Han jobbar framleis på fregatt.

Lundin fortel at klienten hans er einig i at han gjorde feilvurderingar, men at han gjorde så godt han kunne «innanfor det systemet han var sett til å arbeide i».

ankesak helge ingstad

Her sat vaktsjefen i Gulating lagmannsrett medan dei mange vitna i saka forklarte seg på nytt.

Foto: John Inge Johansen / NRK

–Vaktsjefen vurderte lenge om han skulle anke for å setje søkelyset på det prinsipielle spørsmålet, om det er rett å plukke ut ein person i eit stort system involvert i ei storulukke.

– Dommen vil sannsynlegvis føre til ein fryktkultur og underrapportering av nesten-ulukker, og vil setje det viktige tryggingsarbeidet i sjøforsvaret sine andre våpengreiner, og andre offentlege og private system, mange år tilbake i tid.

Les også 21 minutt i Hjeltefjorden: Slik skjedde fregattkollisjonen

Fregatt og tankskip kolliderte.

Glad for at det har sett strek

Statsadvokat Magne Kvamme Sylta er ueinig i at vaktsjefen som enkeltperson ikkje er ansvarleg.

– Vi har fleire gongar gitt uttrykk for at vi meiner at dette ikkje er nokon systemsvikt slik det har blitt påstått, men at det er gjort feil, og at det er feil som har vore alvorlege, seier han til NRK.

Rettsaken mot vaktsjefen om bord på fregatten KNM Helge Ingstad. Aktor Magne Kvamme Sylta

Sylta meiner det er rettferdig at vaktsjefen måtte svare for seg som enkeltperson.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Det er eit standpunkt som vi ikkje har endra og som vi har fått tilslutning for i to rettsinstansar.

Slik Sylta ser det, har vaktsjefen godteke dommen når han vel å ikkje anke.

– Vi er sjølvsagt glade for at det kan setjast ein strek for saka no, legg han til.

NRK forklarer

Konsekvensane av skipskollisjonen

Konsekvensane av skipskollisjonen

10 millionar kroner i bot

Forsvarsdepartementet fekk ei føretaksstraff på ti millionar kroner, for å ha forårsaka sjøskade som lett kunne medført tap av menneskeliv.

Departementet godtok bota. Den blei gitt samstundes som det vart tatt ut tiltale mot vaktsjefen (33) for brot på same paragraf i straffelova.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Forlik på 235 millionar kroner

Tankskiprederiet Twitt Navigation og staten blei samde om eit forlik. Partane saksøkte kvarandre etter kollisjonen, men einigheita gjorde at ei omfattande rettssak vart avlyst.

Forliket gjekk ut på at tankskiprederiet betalte staten 235 millionar kroner. Det utgjorde 4–5 prosent av kva fregatten og bergingsaksjonen faktisk kosta.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Saker lagde vekk

Både losen og kapteinen på «Sola TS», og trafikkoperatøren på Fedje sjøtrafikksentral, hadde status som mistenkte under politietterforskinga av ulukka. Men Riksadvokaten la vekk sakene mot alle tre som ingen straffbare forhold bevist.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Kystverket slapp bot

I utgangspunktet ville statsadvokaten også gi Kystverket føretaksstraff for grovt aktlaus tenestefeil, men Riksadvokaten bestemte at det ikkje var hensiktsmessig.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Meiner fregatten kunne vore berga

Havarikommisjonen har levert to delrapportar på ulukka (ein om kollisjonen og ein om grunnstøytinga). Delrapport 1 peika på ei rekke med feil og omstende, både på fregatten, tankskipet og sjøtrafikksentralen, som årsaka til at kollisjonen skjedde. Delrapport 2 konkluderte med at fregatten kunne vore berga.

Konsekvensane av skipskollisjonen

Blei berga og plukka frå kvarandre

I ein spektakulær bergingsaksjon vart fregatten heva frå Hjeltefjorden og frakta heim igjen til Haakonsvern. Regjeringa bestemte seinare at fregatten ikkje ville bli reparert og til slutt enda den som skrapmetall.