Hopp til innhold

Kallar inn nye vitne til ankesaka: Vil vise at systemfeil forårsaka «Helge Ingstad»-ulukka

Med nye opplysningar og nye vitne, vil forsvaret få lagmannsretten med på at det er urimeleg å dømme ein enkeltperson for kollisjonen.

KNM Helge Ingstad slepes fra Ågotsnes til Hanøytangen.

TAPT: Helge Ingstad gjekk tapt etter kollisjonen i Hjeltefjorden i 2018. Her blir vraket slept til Hanøytangen for destruering.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Har han som navigerte fregatten nok skuld til å dømmast?

Det er hovudspørsmålet i Gulating lagmannsrett dei neste fire vekene, då ankesaka etter «Helge Ingstad»-forliset skal behandlast.

Sidan vaktsjefen i mai vart dømd til 60 dagar vilkårsbunde fengsel har forsvararane hans lest ei mengde dokument og snakka med mange personar om kva prosedyrar og system som var i Sjøforsvaret før ulukka.

Deira hovudfokus vert å vise at systemsvikten i forsvaret sterkt medverka til at den då 29 år gamle mannen vart verande i ein fastlåst og uriktig situasjonsforståing, seier forsvarar Christian Lundin.

Advokat Christian Lundin

FORSVARAR: Christian Lundin er forsvarar for den tiltalte vaktsjefen.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Tingretten isolerte vår klient sine handlingar. Vi vil få belyst bakgrunnen betre. Det kan gje svar på kvifor han ikkje kom seg ut av den feilaktige situasjonsforståinga han hadde.

Les også Lyddrama på tankskipet spilt av i retten: «Warship?» «Fucking hell!»

Grafikk: Kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad» og «Sola TS»

Nye vitne

Strategien overraskar ikkje aktoratet og statsadvokat Benedikte Høgseth.

– Dette var jo eit sentralt tema og i tingretten. Vi deler ikkje vurderinga av at den tiltalte er offer for ein systemsvikt.

Alle bevis skal opp på nytt i den nye runden i retten. Men det vil truleg brukt mindre tid på hendingar der det er semje om kva som har skjedd.

Aktoratet seier dei i stor grad har lagt opp same taktikk som i tingretten.

Statsadvokatene Benedikte Høgseth og Magne Kvamme Sylta i Hordaland tingrett

AKTORATET: Statsadvokatane Benedikte Høgseth og Magne Sylta fører saka mot vaktsjefen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Mellom nye vitne som forsvaret har kalla inn i lagmannsretten er ein tidlegare tryggleikssjef i Sjøforsvaret og den ansvarlege for opplæringa av vaktsjefen.

Forsvaret av vaktsjefen har og kalla inn to forskarar som har undersøkt ulukker og nestenulukker i Sjøforsvaret.

– Den tiltalte gjorde ein feilvurdering. Dei kan hjelpe oss å forstå kvifor, seier Lundin.

Får ikkje kaptein i vitneboksen

Det har gått snart fem år sidan fregatten KNM Helge Ingstad kolliderte med tankaren «Sola TS» ved Stureterminalen i Hjeltefjorden i Vestland.

I Hordaland tingrett vart minutta før kollisjonen gjennomgått i detalj.

Men det var ein person forsvaret meiner burde ha vitna. Heller ikkje i lagmannsretten får ein høyre frå kapteinen på oljetankaren.

– Handlingane til dei andre aktørane i saka er heilt sentral for å forstå kvifor vaktsjefen handla som han gjorde. Kapteinen på «Sola TS» har ansvaret for kva vurderingar og kva planlegging som vart gjort om bord der, seier Lundin.

Tankskipet Sola TS

TANKSKIPET: Kapteinen på «Sola TS» kjem ikkje til å vitne i ankesaka.

Foto: Jan Kåre Ness

Statsadvokat Høgseth meiner det ikkje er rett å bruke tid på å få kapteinen i vitneboksen.

– Her har vi hatt ein prosess med lagmannsretten. Dei er samde med oss om at han ikkje er sentral for bevisa.

Lundin seier det tek avgjerda om at kapteinen ikkje skal vitne til etterretning, og meiner dei likevel skal få fram kva som skjedde på tankaren ulukkesnatta.

Les også 21 minutt i Hjeltefjorden: Slik skjedde fregattkollisjonen

Fregatt og tankskip kolliderte.

Pregar Sjøforsvaret sterkt

Vaktsjefen på «Helge Ingstad» arbeider framleis i Sjøforsvaret, men i ei anna stilling.

Den nye sjøforsvarssjefen Oliver Berdal seier det viktigaste for dei har vore å ta vare på vaktsjefen og dei andre som var om bord ulukkesnatta.

– Helge Ingstad-ulukka var, og er framleis, særs alvorleg for Sjøforsvaret. Eg vonar vi har lært så mykje av den at noko liknande aldri kan skje igjen.

Berdal seier han ikkje vil kommentere saka meir no når ankesaka byrjar.

Oliver Berdal

NY SJEF: Oliver Berdal er ny sjef for Sjøforsvaret.

Foto: Kystvakten/Forsvaret

Sjøforsvaret fekk ei føretaksstraff på 10 millionar kroner for manglande rutinar.

Dei har og fått skarp kritikk frå fleire hald etter kollisjonen.

Ein av fem norske fregattar gjekk tapt. Verdien var på over 4 milliardar kroner.

Stor belastning

I tingretten tok ein meddommar dissens mot domfellinga av vaktsjefen.

I lagmannsretten er dommarsamansetninga litt annleis. Her er det to lagdommarar. I tillegg kjem to dommarar med bakgrunn frå sjøfart.

Tre av dei totalt sju dommarane har ikkje bakgrunn innan juss, forsvar eller skipstrafikk.

Forsvarar Lundin seier klienten hans ser fram mot ankesaka i lagmannsretten i Bergen.

– Dette er ei belastning for han. Samstundes ser han fram til å få ein ny mogelegheit til å forklare seg. Han trur han skal klare ankesaka på ein så god måte som mogeleg.

Etter planen skal ankesaka vare fram til 18. november.