– Det er no her eg har røtene mine og alt eg har hatt i livet. Og så er det og eit forsøk på å halde liv i bygdesamfunnet, seier Håvar Hilmo.
Saman med kjærasten Ingrid Selboe frå Selbu, nabokommunen lengre nede i dalen, går han mot flyttestraumen og etablerer seg i Tydal.
På tomta til familien til Håvar, ein kort spasertur frå der foreldra og broren har sine hus, byggjer han og Ingrid sin framtidige heim.
Sjølv om Ingrid og Håvar har valt seg eit meir sjølvberga liv tett på naturen, kan dei ikkje leve berre på luft og kjærleik.
– Det viktigaste er at vi har ein jobb å gå til, som ikkje er for langt unna, seier Håvar Hilmo.
Dei har tidlegare fortalt om husbygginga i lokalavisa Selbyggen. Det unge paret nemner også fritidstilbod, barnehage og skule som veldig viktige tilbod om folk skal bu i Tydal.
Heile 158 av Noregs 209 minst sentrale kommunar har opplevd folkenedgang sidan 2000. Tydal er ein av dei.
Statistikk: SSB
Halve klassa har flytta
Sola glimtar fram mellom skyene på Tydal barne- og ungdomsskole, 260 meter over havet. Ein av elevane på den vesle skulen peikar på to ting, når vi spør ho korleis fråflyttinga påverkar dei.
– Då vi var små var det både minihandball og minifotball i Tydal. Det er ganske kjedeleg at dei tilboda har forsvunne, seier Marit Flakne som går i niande klasse.
Ho og klassekameraten, Sindre Aas, skal snart reise vekk for å gå på skule. Kanskje lengre ned i dalen. Eller kanskje heile vegen til storbyen.
Då Marit Flakne byrja i første klasse var dei seks elevar på trinnet hennar.
– Sidan då har tre av oss flytta, seier ho.
PÅ VEG UT: Sindre Aas og Marit Kvithammer Flakne skal snart flytte frå Tydal for å gå på vidaregåande skule.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRKSentralisering internt i distrikta
Det går føre seg ein regional kamp om folk. Mange stader rundt om i landet taper dei minste distriktskommunar innbyggjarar til større nabokommunar.
Slik er det også rundt Tydal, viser statistikken frå SSB.
Vil denne flyttetrenden bli endå sterkare om regjeringa gjennomfører ein strategi der tettstadane i distriktet skal styrkast?
– Desto færre vi blir, desto vanskelegare blir det
Frå veggen i rådhuset stirar eit tjuetals forgjengarar i både svart-kvit og fargar ned på han som no sit med ansvaret for å stoppe fråflyttinga i Tydal.
Ordførar Jens Arne Kvello (Sp) kjempar for å snu den store folkevandringa frå kommunen. Sidan tusenårsskiftet har dei blitt 20 prosent færre innbyggarar i Tydal.
– Desto færre vi blir, desto vanskelegare blir det å få til det meste, for eksempel innan skule og idrett, Vi er nøydde til å snu trenden, seier Kvello.
Tala viser berre flytting mellom dei markerte kommunane i kvar region. Tala er frå perioden 2010-2019.
Det har fleire prøvd før han. Men dei siste tjue åra har folketalet berre gått ein veg. Nedover.
Men ordføraren trur fleire vil flytte til kommunen hans, om dei klarar å skape fleire jobbar, bustader og eit betre sosialt miljø for unge personar.
– Det meiner eg vi er godt i gong med no, seier Kvello.
KJEMPAR FOR Å OVERLEVE: – Vi må prøve å snu flyttestraumen så fort som mogleg, så kommunen ikkje døyr, seier ordføraren i Tydal om fråflyttinga i kommunen.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRKTre ulike strategiar frå regjeringa
I sommar legg regjeringa fram «Strategi for småbyar som regionale kraftsenter». Tanken er at meir attraktive sentrum skal lokke fleire folk til heile regionen.
I tillegg kjem regjeringa med eigne strategiar for kystkommunar og for fjellkommunar. Distriktsminister Linda Hofstad Helleland er oppteken av at dei tre strategiane må sjåast i ein samanheng, og at fjellstrategien er spesielt relevant for Tydal.
Det er førebels ganske uklart kva konkrete endringar strategiane vil føre til, men ifølge Helleland vil dei ikkje føre til reduserte tenester i små kommunar, eller endringar i pengeoverføringane frå stat til kommune.
– Tydal skal ha dei same tenestene som i dag. Men det er ikkje noko negativt for folk i Tydal at dei også kan ha ulike servicetilbod og tenester som dei kan nytte av på Røros og i Selbu, seier Helleland.
LEGG FRAM NYE STRATEGIAR FOR DISTRIKTA: Distriktsminister Linda Helleland (H) seier både utkantar og sentrum i distrikta vil bli styrkja gjennom dei nye strategiane til regjeringa.
Vil ha eige kraftsentrum i Tydal
Tydal er bygd på vasskraft. Tidlegare kunne ungdommar gå rett inn i ein anleggsjobb i heimkommunen då dei var ferdig på skulen. Slik er det ikkje lengre. Det meste av kraftutbygginga i kommunen er no ferdig.
– No er vi nøydde til å snu om heile systemet, seier ordføraren.
– Kva synest du generelt om regjeringa sin strategi for småbyar som regionale kraftsentrum?
– Eg trur kommunane må ha sine eigne kraftsentrum. Byrjar du å ordne til regionsentrum, så er det ein jobb for å få til storkommunar. Det er ein del av sentraliseringa, seier Kvello.
Nybyggarane Håvar Hilmo og Ingrid Selboe trur ikkje fleire vil flytte til Tydal om Selbu, Stjørdal eller Røros veks og vert meir attraktive.
– Eg er redd for at vi blir for mykje i utkanten, at avstanden blir for stor, seier Hilmo.
– Vi er for langt unna, seier Selboe.
FOR LANGT UNNA: Ingrid Selboe og Håvar Hilmo etablerer seg i Tydal, dei meiner at ei styrking av tenesttilboda internt i kommunen kan føre til at fleire gjer som dei.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRKUeinig i kritikken
– No er jo Senterpartiet programmert til å vere imot alle nye forslag og endringar, så det er inga overrasking, seier distriktsminister Helleland om kritikken frå Tydal sin ordførar.
Ho lister opp fleire tilbod som folk i distriktet kan få tilgang til om regionsenteret vert styrka: Butikkar, kafear, pubar, tannlege og fysioterapeut.
– Som nødvendigvis ikkje kan vere på kvar einaste minste stad i Noreg, seier ho.
TO AV SEKS: Tiandeklassingen Sindre Aas og niandeklassingen Marit Kvithammer Flakne er to av seks elevar på skulen sine to øvste trinn.
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK– Ei fin lita bygd
Sindre Aas trur han vil prøve å finne seg ein jobb i Tydal når han er ferdig med vidaregåande i Stjørdal. Kanskje som mekanikar.
– Eg ser for meg å flytte tilbake til Tydal. Det er ei fin lita bygd. Her kan eg kan halde på med snøscooterkøyring og skyting, seier han.
Marit Kvithammer Flakne skal først gå på vidaregåande i Trondheim. Etter det vil ho finne seg ein jobb innan handball eller som fysioterapeut. Kan ho jobbe med idrett, eller noko anna ho liker i heimbygda, vil ho vurdere å flytte heim.
– Då får eg sjå om eg kjem tilbake til Tydal, seier ho.
Hei!
Har du noko på hjartet etter å ha lese saka? Har du forslag til andre ting eg kan lage sak om?
Ta gjerne kontakt med meg eller ein av mine kollegaer.
Denne saka er del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
Tanja er den einaste jenta på biletet som har flytta heim
Nær ein av tre norske kommunar hadde 20 eller færre fødslar i fjor.
Forskning viser at koronalivet er bedre i distriktet: – Det ble kvelende å være i Oslo
De drømte om mer luft og natur, og mindre nedstengt by. En ny studie slår fast at folk i storbyen har slitt mest.
Dei fleste bygdeungdom er som Truls. Dei vil bu, leve og døy på bygda.
Det er ikkje slik at alle bygdeungdommar vil flytte til byen. Fleirtalet vil helst bli buande på bygda, viser ei fersk undersøking. Men dei stiller nokre krav.
Legestudenten Marja er like viktig for helsen som for et truet språk
Marja-Elina Varsi har gjort som tusenvis av andre samer: Flyttet fra bygda til byen. Nå håper ordføreren i hjemkommunen at hun kommer tilbake.
Sunniva jobber med finans for San Francisco-selskap fra øy med 400 innbyggere
Hun begynte med hjemmekontor hos foreldrene da pandemien brøt ut. Nå har Sunniva Antonsen Remmen (26) kjøpt seg hus på Træna.
SSB mener Mathildes (20) hjemkommune skal vokse – forsker mener det er en grov bom
SSB spår vekst i folketallet i Hamarøy og mange andre kommuner i distriktene de neste 20 årene. Forsker mener SSB tar systematisk feil og mener de vil få en mye større nedgang.
Anna og Piotr har vore med på å berge folketalet på bygda, men no snur det
No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.
Sara og Joachim måtte gi opp å bygge nytt: – Har pusset opp for 5 millioner
I en av kommunene der det bygges færrest boliger, fikk Sara og Joachim knapt lån til å kjøpe et gammelt, forfallent hus.
Berre ti søkte på departementsjobbar som var meint for folk frå distrikta
Det kom færre søkarar enn normalt då Næringsdepartementet gjorde det mogleg å søka på departementsjobb,