Kari kjører traktor på eplegården.

DIT EI FRAMTID ENNO BUR. For første gong sidan Svartedauden er distrikta ikkje lenger i stand til å reprodusere seg sjølve, skriv Demografiutvalet. Er det enno håp for Bygde-Noreg?

Foto: THERESE G.PISANI / NRK

Dødsdømte kommunar nektar å gje opp

Ekspertar rår distriktskommunar til å «krympe smart», men nokon vågar å drøyme stort.

Ved innløpet til Sognefjorden ligg Gulen kommune.

Her vart den eldste bevarte lova i Norden – Gulatingslova – skrive ned då folk frå heile landet kom til bygda for å drøfte politikk.

Sidan har Gulen kommune, med sine 2300 innbyggjarar, fått ei meir perifer rolle i veven som er Noreg.

Men slik treng det ikkje vere, meiner ordførarkandidat for Høgre, Stein Inge Larsen.

Under ein debatt i regi av NRK sist veke lanserte han følgjande målsetjing:

På hans vakt skal kommunen tiltrekkje seg tusen nye innbyggjarar.

Det svarer til ein befolkningsvekst på nesten 50 prosent.

Vips skreiv han seg inn i diskusjonen om «krisa i Bygde-Noreg»:

Kor «hårete» mål bør kommunane setje seg?

Er resepten å strekkje seg etter draumane, eller å forsone seg med realitetane og førebu ei mjukast mogleg landing?

Dei harde realitetane, varslar SSB, er at fire av ti norske kommunar vil ha færre innbyggjarar i 2050.

Motsetninga mellom «optimistane» og «realistane» går att i to offentlege utgreiingar:

I juni kom den håpefulle «Gjelsvik-meldinga» der regjeringa tek mål av seg at alle norske kommunar skal snu trenden og bli større.

Dette i motsetninga til Demografiutvalets meir nøkterne plan om å satse på regionssentera til å demme opp for befolkningsflukta.

Utvalet åtvara: Distrikts-Noreg ligg an til å bli «ein gamleheim i naturskjønne omgivnader».

Og til sist: ein kyrkjegard.

Huset på Røst, Toralfhuset

I april kom ein rapport om at ingen norske kommunar klarer å løyse alle 220 oppgåvene dei skal yte til innbyggjarane sine, og at skåren er dårlegast i små distriktskommunar.

Fraflyttet hus i Lierne

Den norske «flukta frå bygda» møtest med ei blanding av realisme, kynisme og håp.

Utsiden av forlatt hus.

Nær halvparten av norske kommunar er såkalla små og avsidesliggjande.

Dei kastar blår i auga på innbyggjarane

Jonas Stein, som sat i Demografiutvalet kallar målsetjinga i Gulen for «fullstendig urealistisk».

Ved ikkje å tilpasse seg dei mest realistiske scenarioa kastar ein blår i auga på innbyggjarane og risikerer å få dårlegare tenester. Det er viktig med ambisjonar, men dei må vere nokolunde forankra i røyndommen, seier han.

(Sjå kva ordførarkandidaten for Høgre svarer nedst i saka.)

Professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk, Reidar Almås har skrive boka Kva skjer i Bygde-Norge?

Eg har liten sans på draumane til statsrådar og ordførarar som konkurrerer om dei mest offensive måla for befolkningsutvikling. Dei er dømt til å mislykkast herifrå til æva, og eg forstår ikkje at dei vil seg sjølve så vondt, seier han.

Ta toget i Nord-Sverige og det kan gå timar mellom kvar gong du ser eit hus med lys i.

Der svenskane har sponsa folk for å flytte frå bygda, har norske politikarar vore samde om å snu gravitasjonen andre vegen.

Historisk har argumenta vore av det økonomiske og tryggingsmessige slaget, men også «ikkje-materielle» omsyn har spelt inn:

Levande bygdesamfunn har vore rekna som eit norsk adelsmerke og eit uttrykk for den norske ånda.

SSB, Telemarksforskning

Dette kartet viser SSB sine prognoser for befolkningsutvikling i Norge i perioden 2020-2040. Fargene viser grader av befolkningsendring hvor blå er sterk vekst og rød er sterk nedgang.

SSB, Telemarksforskning

Dette kartet viser Telemarksforskning sine prognoser for befolkningsutvikling i Norge i perioden 2020-2040. Fargene viser grader av befolkningsendring hvor blå er sterk vekst og rød er sterk nedgang.

Det er ikkje nødvendigvis gale å ha visjonar for framtida. Men viss hårete mål er frikopla kunnskap om sannsynlege framtidsbanar, tek dei folkevalde frå seg sjølv høvet til å styre på ein god måte, seier seniorforskar ved Nordlandsforskning, Arild Gjertsen.

Han seier framskrivingane til SSB og Demografiutvalet er «for optimistiske» og at landinga blir hardare enn «mange lokale folkevalde tek innover seg».

Det handlar ikkje nødvendigvis om inkompetanse og dumskap. Men det handlar kanskje om manglande mot. Realisme gir grunnlag for betre politisk treffsikkerheit, seier han.

Geitekilling foran traktor.

Fire av ti norske kommunar krympar. Ekspertar rår Bygde-Noreg til å «krympe smart» og førebu ei mjukast mogleg landing, men nokon insisterer på å drøyme.

Sauer på beite i fjellet.

Studiar viser at 80 prosent av distriktskommunane jobbar systematisk med å tiltrekkje seg nye innbyggjarar, og at salsargumenta helst krinsar rundt naturskjønne omgivnader og gode oppvekstforhold.

Solund

Victor Norman og Demografiutvalget skriv at det er «eit stort behov for nytenking om plassen til distrikta i det norske samfunnet og om distriktspolitikken».

Bør heller planleggje for å bremse nedgangen

Marit Mellingen, som er direktør i Distriktssenteret, seier til NRK at «optimisme, engasjement og framtidstru er viktige drivstoff for utvikling», men at det enkelte kommunar heller bør «planleggje for å bremse nedgangen enn å planleggje for ein vekst som ikkje kjem».

Langs kysten kryr det av nye og gamle arbeidsplassar innan havbruk, offshore og det grøne skiftet. Men fleire kystkommunar ser at arbeidsplassane ikkje nødvendigvis lar seg «omsette» til fleire fastbuande.

I staden er tendensen at arbeidstakarane flyg inn og ut etter modell av australske gruvebyar («FIFO-workers»: «fly-in-fly-out»).

Katrina Rønningen ved Institutt for rural- og regionalforsking seier at mønsteret vil bli det same ved etableringar av batterifabrikkar og andre blå og grøne næringar – om ikkje skule- og helsetilbodet står i stil.

Svært mange kommunar planleggje for fallande befolkningstal, seier ho.

Delar av Bygde-Noreg har dei siste åra kompensert for flukta ved å tilby «signeringsbonusar» og ved å opne armane for fleire flyktningar og asylsøkjarar.

Eit anna forslag er førarkort til 16-åringane.

Vesle Luster i Sogn har sagt ja til å busetje 180 ukrainarar i løpet av to år.

Om løysinga er berekraftig, er eit anna spørsmål. Ei undersøking i Minerva viser at 72 prosent av ukrainarane ikkje ser for seg å bli verande i landet dei har flykta til.

Når fjorden speiler solen, gir det ekstra lys til fruktplantene langs Sognefjorden.

Ved årtusenskiftet var det 59 norske kommunar med færre enn 20 fødslar i året. I 2020 var det same talet 109.

Fruktgård Ølmheim

I dei minst sentrale kommunane har innvandrardelen vakse til 10 prosent sidan 2000-talet.

IDYLL: Refviksanden ligg mellom bygda Refvik og storhavet.

Statistisk sentralbyrå deler norske kommunar opp i seks kategoriar etter kor sentrale dei er. 209 av kommunane er definert som lite sentrale. På bilete: Refviksanden i Kinn kommune.

Fleire bør «krympe smart»

Siri Holmboe Høibo er prosjektleiar for byutvikling i Norsk design- og arkitektursenter.

Ho meiner det grøne industriløftet kunne ha vore ein «game changer», men at sjansen blir forspilt.

Fleire politikarar burde fokusere på å «krympe smart», men det er inga sak å vinne veljarar på, seier ho.

Åslaug Krogsæter er kommunedirektør i Stad kommune, og tidlegare medlem i Demografiutvalet.

Eg heiar på dei som har framtidstru. Men utan realisme og konkrete planar trur eg slike løfte verkar mot si hensikt, seier ho.

Ho seier fleire distriktskommunar bør forsone seg med utviklinga, og gjere det beste ut av det.

Eg trur det er lurt om fleire tek sikte på at stagnasjon kan vere eit godt utfall, og dimensjonere tenestene i tråd med det.

Ho legg til at «fagre løfte og ambisiøse vedtak» kan gjere vondt verre.

Mitt råd er å stikke fingeren i jorda og ikkje tru at du kan vedta folketalsauke.

Attande i Gulen står Stein Inge Larsen i Høgre fast på at målet er tusen nye innbyggjarar.

Eg er «fed up» av domedagsprofetiar. Om vi ikkje greier å passere 1000 nye innbyggjarar innan fire år, så gjer vi noko feil.

Han samanliknar kommunen med ein sykkel, som nesten er klar til å ta fart.

No må vi få luft i dekka, og lys i husa!

Gulatinget - illustrasjon av Bernt Kristiansen

I Gulen vart den eldste bevarte lova i Norden – Gulatingslova – skrive ned då folk frå heile landet kom til bygda for å drøfte politikk.

Eivindvik

Sidan har Gulen kommune, med sine 2300 innbyggjar, fått ei meir perifer rolle i veven som er Noreg.

Stein Inge Larsen i Skipavika i Gulen.

Men slik treng det ikkje vere, meiner ordførarkandidat for Høgre, Stein Inge Larsen.

Eivindvik

På hans vakt skal kommunen tiltrekkje seg tusen nye innbyggjarar. Håper han.