Hopp til innhold

Slik hugsar vi nyheitsåret 2015

Politisk sjokk-exit, solformørking og bråket rundt TIL. Dette er berre noko av det vi hugsar frå året som gjekk.

Montasje over år 2015

Frå venstre, med klokka: Jens Johan Hjort trakk seg som ordførarkandidat og eit raudt styre tok over etter valet i haust, her representert ved Ingrid Marie Kielland (SV), Jens Ingvald Olsen (R) og Kristin Røymo (Ap). I mars var det solformørking på Svalbard, og på slutten av sommaren blei Steinar Nilsen sparka på dagen som trenar for TIL. I midten: Barna i NRK-serien Oppdrag Nansen, som nådde Nordpolen.

Foto: Montasje / NRK

Eit år er snart omme. 2015 var eit år med fleire store rettssaker, det var naturkatastrofar – i tillegg til at politikk har prega valåret.

Nyheitssjef i NRK Troms, Nina Einem, seier det er fleire ting ho hugsar frå året som gjekk.

– Både den grove incestsaka i overgrepssaka i ein barnehage i Tromsø var skakande i 2015. Kva mennesket er i stand til å påføre andre sluttar aldri å sjokkere meg, og tanken på alle barna som blir svikta av vaksne dei har stor tillit til er hjarteskjerande, seier Einem.

Også politikk stod i fokus dette året:

– Eg jobba sjølv mykje med politikk i året som gjekk, og det var jo mildt sagt dramatisk i Tromsø-politikken gjennom heile året. Høgre fekk seg eit kraftig skot for bauget med ordførar-exiten til Jens Johan Hjort, og det forfølgde dei eigentleg gjennom heile valkampen, og inn i valet som dei tapte.

Einem peiker også på at Arktis har vore viktig for NRK Troms i år, som mellom anna har produsert tv-serien med barna i Oppdrag Nansen, i tillegg til at NRK var på plass under solformørkinga på Svalbard.

– Og ikkje eit år i nord utan vêr! Eg gløymer ikkje stormen Ole, og postbodet som med innbiten arbeidsinnsats leverte posten i horisontalen. Det er eit godt bilde på nordlendingen som ikkje gjer opp ved første hindring. Ein god inspirator inn i det nye året!

Nina Einem

Politikk, vêr og Arktis er noko av det nyheitssjef i NRK Troms, Nina Einem, trekk fram frå 2015.

Foto: Petter Strøm

Januar: Så var det Hjort ...

Året starta friskt med eit politisk lynnedslag. På Tromsø Høgre sitt nominasjonsmøte foreslo ordførar Jens Johan Hjort at Anne Berit Figenschau skulle få plassen til byrådsleiar Øyvind Hilmarsen – og stilte samtidig ultimatum om at både han og Figenschau ville trekke seg frå lista om nominasjonsmøtet ikkje gjekk for dette forslaget.

Forslaget falt med 31 mot 29 stemmer, og det blei konkludert med at det var eit mislykka kuppforsøk – noko Hjort innsåg sjølv nokre dagar seinare.

Det heile enda med at Jens Johan Hjort trakk seg som ordførarkandidat, og i nesten halvannan månad stod partiet heilt utan ordførarkandidat framfor haustens val. Kven det skulle bli, får du lese om når du kjem til mars.

Jens Johan Hjort

Jens Johan Hjort fekk ein sjokk-exit i Tromsø-politikken i januar. Han halde fram som ordførar til september, men etter det var det slutt.

Foto: NRK

I slutten av månaden slo naturkreftene inn og skapte store øydeleggingar sør i fylket. I ein vind opp mot orkan styrke, møtte NRK sin reporter eit landpostbod som var ute på sin daglege runde. For sjølv i kraftig vind og uvêr skal posten fram:

Postmann Runar Brenne lot seg ikke stoppe av den kraftige vinden torsdag.

Landpostbod Runar Brenne leverer post i eit stativ som har falt over ende. Foto: Nils Mehren, NRK.

Februar: 90 dagar for ulovleg fotografering

Ein butikksjef måtte i februar møte i Trondenes tingrett, tiltalt for å ha kopiert 26.000 intime og private bilde frå kundar sine datamaskinar. Datamaskinane var levert til butikken for reparasjon. Mannen skal også ha filma kvinnelege kollegaer på personaltoalettet. Mannen i 30-åra blei oppdaga etter at ein kollega fann sin eigen sambuar blant bilda. Saka blei anka til lagmannsretten, kor han i oktober blei frifunne for å ha hatt bilde på maskinen sin. Han blei dømt til fengsel i 90 dagar for å ha filma sine kvinnelege kollegaer på toalettet utan at dei visste om det.

Fekk du med deg desse sakene?

Mars: Heilt mørkt!

Som du hugsar frå januar, blei Tromsø Høgre lamma etter at Jens Johan Hjort trakk seg som partiet sin ordførarkandidat. Det tok lang tid for partiet å finne nokon som kunne fylle skoa til den svært populære ordføraren, men i starten av mars var det klart: 23 år gamle Kristian Støback Wilhelmsen var den utvalde.

Reaksjonane lét ikkje vente på seg:

Høyres ordførerkandidat Kristian Støbach Wilhelmsen leser kommetarene han har fått på internett.

I Longyearbyen på Svalbard var det ei total solformørking – ei hending som fekk folketalet i Longyearbyen til å doble seg. Om du ikkje var blant dei som tok turen til Svalbard i mars, kan du sjå det spektakulære himmelfenomenet her – den neste totale solformørkinga på Svalbard er nemleg først i 2061!

Se hele solformørkelsen på under ett minutt.

April: Millionsvindel i kommunen

21. april blir ein historisk dag: Da når Norges yngste polfarar Nordpolen. Dei fire ungane i NRK-serien «Oppdrag Nansen» hadde da gått seks dagar over isen, og nådde endeleg målet, nemleg polpunktet 90 grader nord. Heile serien om dei unge polfarar kan du sjå på NRK1 og NRK Super frå 1. januar 2016.

Flagget på Nordpolen

Ungdommane plantar flagget på Nordpolen.

Foto: Håvard Gulldahl / NRK

Ein tidlegare tilsett i Tromsø kommune blir sikta for bedrageri – han skal ha svindla til seg eit millionbeløp frå flyktningtenesta i kommunen, der han hadde hatt ei sentral stilling i fleire år. Mannen erkjente straffskuld og blei etterforska av politiet. I desember blir mannen dømt til fengsel i to år og elleve månadar for svindel av 5,2 millionar kroner.

Mai: Nord-Norge blir delt i to

Eit jordras med ein bredde på ein kilometer delte Nord-Norge i to. Jordraset, som gjekk i Sørkjosen i Nordreisa, stengde E6 og halde vegen stengt i fleire dagar. Jordraset gjorde store materielle skader på hus og småbåthamna. Fleire lokale meinte at vegarbeidet i området var årsaka til jordraset.

Opprydding ras

I mai arresterte politiet i Tromsø ein mann i 30-åra, som blir sikta for seksuelle overgrep mot ein rekke barn i barnehagen der han var tilsett. Politiet arresterte mannen etter ei uromelding. Saka skal etter kvart bli kjent som «barnehagesaka» og omfattar til slutt overgrep mot 17 barn i barnehagealder. Mannen blir varetektsfengsla fram til rettssaka, som startar i november.

Juni: Ei kald oppleving

Sommarmånaden juni blei ein kald affære – faktisk var det den kaldaste junimånaden på 33 år. Gjennomsnittstemperaturen i midten av juni var på 6,5 grader og den hadde ikkje vore så låg sidan 1982, da gjennomsnittstemperaturen var på 5,3 grader. Det blei også set snørekord med 243 centimeter snø i Sjufjellet i Balsfjord 14. juni 2015.

Sjufjellet

Det blei målt 243 centimeter snø i Sjufjellet i Balsfjord 14. juni 2015.

Foto: Rune Nordgård Andreassen

Juli: Måsedrap skapar furore

Politiet i Lenvik opna etterforsking etter ein video på Facebook som viste fram det som kunne vere dyremishandling. Filmen viste ein person på taket av Shell-stasjonen på Finnsnes som jaga og truleg drap terner.

Saka skapte eit forrykande engasjement i sosiale medium. Mattilsynet konkluderte eit par veker seinare at mannen som avliva terneungane, gjorde plikta si, ifølgje Lova om dyrevelferd.

Filmet fugledrap

Juli var også månaden da bedragerisikta Boris Benulic blei dømt i Kraft & Kultur-saka i Sverige. Benulic blei dømt til fengsel i tre år og seks månadar. Den tidlegare toppsjefen var tiltalt for grov regnskapssvindel og grov utruskap overfor Kraft & Kultur, det svenske dotterselskapet til Troms Kraft. Benulic anka saka, og den skal opp i Stockholm neste haust.

August: Nilsen ut – Flovik inn

– Det har vore misnøye og slitasje i spelargruppa på grunn av leiarstilen til Steinar Nilsen.

Slik forklara styret i TIL sparkinga av trenar Steinar Nilsen på ein pressekonferanse i august. Styret kalla inn til pressekonferanse, men det blei fort tydeleg at dei ikkje hadde nokre kommentarar til det heile:

Styreleder i TIL, Per Aronsen, og direktør i klubben, Ulf Johansen, kom ikke med mye informasjon da de møtte pressen tirsdag.

Hovudpersonen sjølv var i sjokk. Bård Flovik tok over som hovudtrenar for laget etter at Nilsen var historie.

I slutten av månaden kom det også fram at Universitetssykehuset Nord-Norge kan ha utsett 188 pasientar for smitte av hepatitt B, C eller hiv. Sjukehuset skal ha hatt feil prosedyren knytt til behandling med Botox-injeksjonar, som blei utført på nevrologisk avdeling.

September: Det blæs raudt over Tromsø

For gruvesamfunnet Svalbard blei det ein mørk start på september. 3. september kom beskjeden om at Store Norske hadde avgjort å avvikle arbeid i Lunckefjell-gruva, som hadde vore i drift halvanna år og kosta 1,2 milliardar kroner. I verste fall mistar 200 personar jobben sin.

14. september var det kommune- og fylkestingsval – og ein raud vind seglde over Ishavsbyen. Partiet Raudt blei tredje største parti med ei oppslutning på 14,4 prosent. I etterkant blei det ein stor debatt rundt støtta partileiar Jens Ingvald Olsen viste til den kinesiske kommunistleiaren Mao Zedong. Raudt sitt no i kommuneleiinga saman med SV og Ap.

Nytt regime

Valets vinnarar i Tromsø: Ingrid Marie Kielland (SV), Jens Ingvald Olsen (R) og Kristin Røymo (Ap).

Foto: Sander Edvardsen / NRK

Oktober: Rasar fjellet?

Oktober var månaden da Oksfjellet i Kåfjord starta å røre på seg. Både NVE og lokalbefolkninga frykta at fjellet ville rase ut. NVE forventa at opptil 12.000 kubikk skulle kome ned frå fjellsida, og sjølv om det rett nok gjekk steinsprang og små ras, raste ikkje heile fjellet.

Geitebonde Siv Nina Myrvoll, som bur rett ved det rasfarlege fjellet, var med på lufta i morrasendinga til NRK Troms da eit av dei små rasa gjekk. Du kan høyre intervjuet med geitebonden her:

Når geitebonde Siv Nina Myrvoll i Kåfjord blir intervjua på lufta i morrasendinga til NRK Troms, går det eit ras utanfor vindauget.

November: Flyktningkrise i nord

24. november startar den såkalla «barnehagesaka» i Nord-Troms tingrett. Ein mann i 30-åra står tiltala for seksuelle overgrep mot til saman 17 barn, og tiltalen består av 26 punkt, kor han erkjenner straffskuld på 23. Dei mest alvorlege punkta i tiltalen er seksuell omgang med barn.

Krimkommentator Olav Rønneberg rapporterer fra Nord-Troms tingrett der en 30-åring står tiltalt for en rekke overgrep.

NRK sin krimkommentator, Olav Rønneberg, rapporterer frå Nord-Troms tingrett.

I haust har også flyktningkrisa prega nyheitsbildet i nord. Grensekontrollen ved Storskog i Sør-Varanger i Finnmark har tatt i mot asylsøkjarar og migrantar som har kome til Norge gjennom Russland. Ordføraren i Sør-Varanger åtvara i november om ei humanitær krise på grunn av flyktningstraumen. Fylkesmannen i Troms var uroa over manglande informasjon frå Utlendingsdirektoratet (UDI) om kor dei ulike asylsøkjarane blei sendt. Fleire hundre asylsøkjarar har kome til Nord-Norge i haust, og det har blitt oppretta mottak i Troms og Finnmark.

I Målselv blei Rundhaug gjestegård brukt som akuttmottak. Eva Øvre Eide var frivillig i Målselv, og brukte fritida på å gje asylsøkjarane norskopplæring.

Frivillige og asylbarn

I Målselv tok frivillige på seg oppgåva med å gje norskopplæring til asylsøkjarar.

Foto: Arild Moe / nrk

Desember: Dødeleg ras i Longyearbyen

I midten av desember blir det annonsert at Erna Solberg vil gjere endringar i sitt regjeringsapparat. Nokre må gå, andre får bli, nokre kjem inn. Den store overraskinga for mange er nok at ein av dei som kjem inn i regjeringa, er Per Sandberg. Sandberg tar over etter harstadværing Elisabeth Aspaker som fiskeriminister. Aspaker blir ny europaminister.

Erna Solberg og de nye statsrådene står på Slottsplassen

Erna Solberg viser fram si nye regjering i desember. Der har Per Sandberg frå Frp fått jobben som fiskeriminister, ein jobb Elisabeth Aspaker har hatt fram til no. Ho blir ny europaminister.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

19. desember, tidleg laurdag formiddag, gjekk eit snøskred frå Sukkertoppen i Longyearbyen. Skredet raste ned i eit bustadfelt og tok med seg ein del av den ikoniske spisshus-bebygginga. Atle Husby omkom i snøskredet, og to år gamle Nikoline døde dagen etter på UNN i Tromsø. Tragedien vil prege Svalbard-samfunnet i lang tid framover.

Ødelagte hus i Longyearbyen etter snøskred

Fleire hus blei øydelagde etter snøskredet på Svalbard rett før jul.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark