Mannen, som er i slutten av 30-åra, blei i februar i Trondenes tingrett dømt for mellom anna å ha kopiert store mengder private bilde frå kundane sine.
Lagmannsretten har no frifunne han for dette forholdet.
Tiltalte har forklart at det ikkje var han som hadde lasta ned og kopiert kundematerialet til sin maskin, men at ein kollega hadde lagt dei inn på minnepenner saman med filmar og seriar som tiltalte hadde bedt om.
Lagmannsretten legg til grunn at tiltalte ikkje sjølv har stått for utveljing av bilde. Lagmannsretten understrekar likevel at det ikkje var i samsvar med bedrifta sine retningslinjer å behalde kundane sine bilde.
I rettsavgjerda frå lagmannsretten heiter det at bildematerialet ikkje hadde kommersiell verdi, og at handlingar som er gjort for å tilfredsstille ei kikkerlyst ikkje er vinning i lovens forstand slik lagmannsretten ser det.
Lagmannsretten har ikkje funne det bevist at tiltalte har gått aktivt inn for å skade bedrifta.
Fengsel i nitti dagar
Den tidlegare avdelingsleiaren må likevel i fengsel, da er han funne skyldig i å ha straffelova paragraf 201 første ledd bokstav b. Han er dømt til fengsel i nitti dagar for å filma sine kvinnelege kollegaer på toalettet utan at dei visste om det.
I rettsavgjerda frå lagmannsretten heiter det følgjande:
«Tiltaltes handlingar er grovt krenkende overfor sine kvinnelige kolleger og foregikk over en lengre periode, noe som viser et fast forsett. De kvinnelige ansatte er filmet mens de hadde all mulig rett på å være skjermet fra innsyn, og opptakene var bevisst innrettet mot å filme kvinnenes rumpe og underliv.»
Lagmannsretten seier at etterforskinga av saka har tatt for lang tid, og dette fører til at straffa blir redusert.