Hopp til innhold

Politiet om bedragerisikta: – Han har hatt ei sentral stilling i Flyktningtenesta

Tidlegare tilsett i Tromsø kommune meldt for grovt bedrageri.

Yngve Myrvoll

Leiar for etterforskingsseksjonen ved Tromsø politikammer, politibetjent Yngve Myrvoll, bekrefter at mannen no er sikta for bedrageri.

Foto: Erling Bjørklund / NRK

Ein mann er sikta for bedrageri, og bustaden hans er ransaka.

Mannen er tidlegare tilsett i Flyktningtenesta i Tromsø kommune, og er meldt for bedrageri av om lag 4,5 millionar kroner.

Mannen er no i avhøyr hos politiet. Det bekreftar sjef for etterforskningsseksjonen i Troms politidistrikt, Yngve Myrvoll.

– Vi jobbar tett med politiet for å avdekke kva som har skjedd, seier byrådsleiar Øyvind Hilmarsen i ei pressemelding.

Kommunen vart gjort oppmerksam på moglege uregelmessigheiter av Skatteetaten, og den tidlegare tilsette vart meldt.

Kommunen har no nedsett ei gruppa som gjennomgår verksemda ved Flyktningtenesta.

Alvorlege funn

– Vi fekk eit brev frå Skatteetaten der vi vart gjort oppmerksame på uregelmessigheiter i drifta. Og da vart det gjort såpass alvorlege funn at vi ser på dette som grovt bedrageri og saka er derfor meldt til politiet, seier byrådsleiar Øyvind Hilmarsen til NRK.

Øyvind Hilmarsen

Byrådsleiar Øyvind Hilmarsen seier dette er ei svært alvorleg sak.

Foto: Trygve Hongset

Hilmarsen seier at kommunen no hjelper politiet i etterforskinga, men kan ikkje gå inn på detaljar i saka av omsyn til etterforskinga.

– Vi legg til rette for at politiet skal kome til botns til kva som har skjedd i saka. Vi jobbar kontinuerleg med internkontroll og skal no gå igjennom regler og rutinar og sjå korleis desse vert følgt.

– Svært uheldig sak

Hilmarsen vil ikkje seie noko om kor lang tid bedrageriet skal ha pågått.

Men korleis er det mogleg å kunne gjere eit så grovt bedrageri?

– Det er eit veldig godt spørsmål. Vi håpar at etterforskinga og undersøkingane vi gjer vil finne ut av det.

Korleis reagerer dei tilsette i Flyktningtenesta på det som no kjem fram?

– Dei har nettopp blitt orientert om saka av leiinga. Det er klart at dette er ei svært uheldig sak, både for tenesta og kommunen.

Har den tidlegare tilsette innrømma straffskuld?

– Det kan eg ikkje kommentere, seier Hilmarsen.

Politiet: Det begynner å danne seg eit bilde

– Vi kan bekrefte av vi i dag pågreip ein mann for grovt bedrageri. Han er no sikta for forholdet, har i løpet av dagen vore i avhøyr. No skal vi etterforske saka ut ifrå det materialet vi per i dag sitt med, opplyser leiar for etterforskingsseksjonen ved Tromsø politikammer, politibetjent Yngve Myrvoll.

Rådhuset i Tromsø.

Den bedragerisikta var tilsett i Flyktningetenesta i Tromsø kommune.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Myrvoll seier at dei no skal gjere ein heil del analyse på det materiale som er samla inn, som dreier seg om opplysingar frå bankkonto og andre databeslag.

– Det begynner å danne seg eit bilde av kva som har skjedd, og no gjeld det å bygge ei sak ut ifrå det vi har.

Fortrudd stilling

Han understrekar at det framleis er tidleg i etterforskinga, og er forsiktig med å gå ut med detaljar. Myrvoll vil heller ikkje seie noko om stillinga mannen skal ha hatt i Flyktningtenesta i kommunen.

Men han må jo ha hatt ei viktig stilling, sidan han har hatt moglegheit til å bedra kommunen?

– Det er openbart at han har hatt anleiing til å gjere det. Han har hatt ei fortrudd stilling, seier Myrvoll.

Veit de noko om kor lenge dette skal ha pågått?

– Det skal ha pågådd over ei tid.

Politiet skal i løpet av kvelden ta stilling til om mannen vil bli varetektsfengsla.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark