Bønder over heile landet er i opprør etter at jordbruksforhandlingane braut saman tysdag ettermiddag. På Nordfjordeid i Sogn og Fjordane gjerda sinte bønder inne nesten 30 sauer i sentrumsparken, og let ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), ta over «ansvaret» for dei.
- LES OGSÅ: Isfront i jordbruksoppgjeret
– Nok er nok. No overlèt vi ansvaret til politikarane, og vår mann er ordføraren. No vil vi ikkje ha meir ansvar for sauene. Han får det fulle og heile ansvar for å få sauene på beite, styre med slått, ordne med vinterfôr og å få dei på fjellbeite, seier bondelagsleiar Knut Tore Nes Hjelle.
(Artikkelen held fram under videoen)
Får full støtte
Jordbruksforhandlingane var knapt nok komne i gang før dei tysdag vart brotne. Bøndene krev 1.500 millionar kroner. Då partane gjekk frå forhandlingsbordet var tilbodet frå Staten oppe i 250 millionar kroner.
Dermed aksjonerer bøndene over det ganske land. I går tømde rasande bønder ut 5000 liter mjølk, blanda med vatn, utanfor Tine Meierier i Bergen.
Onsdag er misnøya framleis stor, og fleire stadar i landet aksjonerte bøndene med konvoiar med traktorar og gyllevogner på svært trafikkerte vegstrekningar for å syne si misnøye med forhandlingane. Mellom anna valde bøndene i Trøndelag å seinke trafikken på E6 onsdag formiddag.
- AUST-AGDER:
- VESTFOLD:
- MØRE OG ROMSDAL:
- ROGALAND:
- TELEMARK:
- BUSKERUD:
- BUSKERUD:
- TROMS:
- SØR-TRØNDELAG:
- HORDALAND:
- HEDMARK:
- VEST-AGDER:
- TRØNDELAG:
I Telemark rykte politiet ut for å stanse ein ulovleg aksjon der lokale bønder hadde set fyr på eit uthus.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Eg kjem heldigvis frå gard sjølv, så dette skal gå fint. Men det er ei viktig markering bøndene gjer av alvoret som ligg bak, seier ordførar Bjørlo om bøndene sitt stunt med å gi han ansvaret for sauene.
- LES OGSÅ: Pressekonferansen som provoserte Frp
– Eg støttar fullt opp om at dette ikkje er godt nok, og deler synet om at det må vere mogleg å drive landbruk lønnsamt i heile landet. Også i Sogn og Fjordane, legg han til.
– Start forhandlingane
For det er truleg bøndene i distrikta som vil tape dersom tilbodet blir svaret på årets jordbruksoppgjer.
- LES OGSÅ: Ap i tenkjeboksen om jordbruksoppgjeret
Som sentralstyremedlem i Venstre reiser Bjørlo til Oslo i dag for å møte stortingsgruppa i partiet.
- LES OGSÅ: Rasande bønder tømde ut mjølk
– No er denne saka førebels på regjeringa sitt bord, men både KrF og Venstre oppmodar så sterkt ein kan partane til å gå tilbake til forhandlingsbordet og prøve meir enn det ein tilsynelatande har gjort til no, seier Eid-ordføraren.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Positivt, men ...
– Vi set oss ikkje til forhandlingsbordet utan at staten viser meir vilje til å leggje fleire millionar på bordet, svarar Nes Hjelle og skildrar tilbodet som dårleg for alle bøndene i Sogn og Fjordane.
Sjølv om enkelte mjølkebønder kan drive med 1,2 millionar liter som kvotetak.
– Dei største vil nok på kort sikt tene litt meir, men til neste år er det dei som blir for små og står for hogg, seier bondelagsleiaren i Eid.
– Men er det ikkje positivt med ein dult i ryggen for å drive litt meir effektivt, få betre produksjonsresultat og drive størst mogleg?
– Det er positivt at ein vil auke produksjonen, men vi er usamde i verkemidla dei set inn.