Hopp til innhold

Bøndene lovar aksjonar frå i ettermiddag

– De kjem til å merke oss, seier fylkesleiaren i Hordaland bondelag. Bøndene starta førebuinga til aksjonane alt i dag tidleg.

Illsinte bønder køyrer i kolonne på E39 i Breim for å markere misnøye med staten sitt tilbod

SINTE BØNDER AKSJONERER LANGS E39: Bøndene i Gloppen i Sogn og Fjordane er både sine og oppgitte over det dei meiner er manglande vilje til å prioritere distriktslandbruket. Her seinkar dei trafikken på E39 med ei kolonne på over 30 traktorar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Staten og bøndene klarte ikkje å bli einige. Klokka 14 blei landbruksminister Sylvi Listhaug varsla om at bøndene bryt jordbruksforhandlingane.

Berre få minutt etter at brotet i forhandlingane blei kjent, kom dei fyrste reaksjonane.

– Staten har gitt oss eit skammeleg lågt tilbod. Det er heilt rett med eit brot, seier Frøydis Haugen, fylkesleiar i Hordaland bondelag.

– De kjem til å merke oss dei neste dagane, det er heilt sikkert. Allereie i ettermiddag vil me markere oss i Bergen. Eg trur ikkje eg skal seie så mykje. De får berre vente og sjå kva som kjem.

Under jordbruksoppgjeret i 2012 fekk ordføraren i Kvinnherad ei kyr på døra. Tidlegare aksjonar frå bøndene har og mellom anna innebore «køyr–sakte aksjonar» med traktor og gjødselsspreiing.

– Det blir kanskje ikkje gjødsel denne gongen, men noko kjem, lovar ho. De i NRK vil kanskje merke oss slik i 6-tida.

LES OGSÅ: Bøndene klare til kamp - NRK Nyheter

(Artikkelen held fram under biletet)

Frøydis Haugen

STARTAR AKSJONANE I DAG: Leiar i Hordaland bondelag, Frøydis Haugen seier tilbodet frå staten skammeleg lågt.

Foto: Marita Skeie / NRK

Klare for kamp

Staten tilbydde bøndene 150 millionar kroner ekstra neste år. Det er 1350 millionar kroner mindre enn det bøndene kravde.

Fylkesleiaren i Hordaland Bondelag er ikkje overraska over at det no blei brot i forhandlingane.

– Då staten la fram tilbodet sitt til bøndene tenkte me vårt om kva retning dette ville gå i.

– Me tok morgonstellet i fjøsen fyrst og så har me vore i gong med å førebu oss til aksjon sidan då, seier Haugen.

Ho meiner Staten ikkje har vore villige til å gje bøndene det dei treng for å drive landbruk i Noreg. Men verst vil det ikkje bli for bøndene, meiner Haugen.

– Dette er ikkje verst for oss bønder. Me skal alltid klare oss. Det handlar om korleis folk vil at Noreg skal sjå ut, kva mat me vil ha i butikkane og kva forbrukarane skal kunne finne i butikken. Dette gjeld ikkje berre bøndene.

Opp til Stortinget å bestemme

No når bønder og stat har brote, blir det ingen fleire forhandlingar mellom dei to partane. Det blir opp til Stortinget å vedta ein jordbruksavtale.

– Dei må syne at dei ikkje står for denne veldige endringa som låg i tilbodet frå staten til bøndene. Eg håpar Stortinget går inn med ei hand på rattet og styrer oppgjeret i rett retning.

bønder

GJER SEG KLARE TIL KAMP: Me starta å førebu oss til aksjon rett etter fjøsstellet i dag tidleg, seier leiar i Hordaland bondelag, Frøydis Haugen.

Foto: Hordaland bondelag