Hopp til innhold

Her tømmer rasande bønder ut mjølk

Bøndene aksjonerte i ettermiddag mot tilbodet frå Staten i årets landbruksoppgjer. 5000 liter mjølk blanda med vatn blei spreia utanfor Tine Meierier i Bergen.

Rasande bønder markerer si misnøye med tilbodet frå Staten i landbruksoppgjeret. No varslar dei fleire aksjonar.

TØMTE UT MJØLK: Sinte bønder aksjonerte i ettermiddag mot Statens tilbod i jordbruksforhandlingane. Her tømmer dei ut 5000 liter mjølk utanfor Tine Meierier i Bergen.

Frøydis Haugen

Frøydis Haugen, fylkesleiar i Hordaland bondelag.

Foto: Anders Ekanger / NRK

I ettermiddag blei det kjent at bøndene bryt forhandlingane med staten i årets jordbruksoppgjer. Sinte bønder over heile landet aksjonerte i dag mot det dei meiner er eit skuffande dårleg tilbod.

– Me ønsker å vise kor sinte me er. Me finn oss ikkje i eit så dårleg tilbod frå Staten, seier fylkesleiar i Hordaland bondelag Frøydis Haugen.

Ho var ein av bøndene som i ettermiddag synte si misnøye med landbrukspolitikken og tilbodet bøndene har fått under årets landbruksoppgjer. 5000 liter mjølk blanda med vatn blei spreia frå traktorar framfor meieriet.

– Staten gjev ikkje bøndene det dei treng for å drive matproduksjon i Noreg, seier Haugen.

LES OGSÅ: Illsinte bønder aksjonerte på E39 - NRK – Sogn og Fjordane

Held fram aksjonane i morgon

Berre få minutt etter at brotet i forhandlingane blei kjent, varsla fylkesleiaren i Hordaland bondelag at bøndene kom til å syne si misnøye med Staten.

Aksjon mot landbruksoppgjeret
Foto: Ketil Jordan / NRK

Alt no har folk fått merke følgjene av misfornøgde bønder. Politiet har rykka ut til Kanalveien i Bergen etter fleire meldingar om glatte vegar på grunn av mjølkesøl.

Hauge seier aksjonane kjem til å halde fram utover dagen i morgon.

LES OGSÅ: Traktorer på plass foran Stortinget - NRK – Norge

– Eit skuffande lågt tilbod

Det har vore stor avstand mellom dei to partane, etter bøndene fekk eit tilbod på 150 millionar kroner ekstra neste år. Ein sum som er 1350 millionar kroner mindre enn det bøndene kravde.

Når forhandlingane no er brote, er det opp til Stortinget å avgjere kor mykje pengar bøndene skal få.