NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Fire mindre snøras over Vikafjellet

    Det har gått fire mindre snøras over riksvei 13 på Vikafjellet, melder Vegtrafikksentralen. Dette skal ha skjedd opp mot Vikafjellet fra viksiden. Entreprenør er på vei til stedet.

  • Nordfjordbrua kan greiast ut

    I Nasjonal transportplan vert det gitt klart signal til Statens vegvesen om å utgreie prosjektet med Nordfjordbrua, melder Fjordabladet. Dermed skal Statens vegvesen gjere ei vurdering av prosjektet. Lokalt ynskjer ein å få brua inn som del av ei ferjeavløysingsordning for sambandet Lote-Anda på E39 i Nordfjord. – Positivt og ein gledens dag, meiner Stad-ordførar Sigurd Reksnes (Sp).

  • Bil i autovernet i Sveio

    Ein bil har kjørt i autovernet på Tittelsnesvegen i Sveio. Det er materielle skader på både autovern og bil, men det er ikkje meldt om personskader, skriv Sør-Vest politidistrikt på X.

    Entreprenør er på veg for å utbetra skadene. Førar av bilen er avhøyrt og det vert oppretta sak.

  • Meiner regjeringa bryt løfte om RV. 15

    Frank Sve, Frp sin samferdslepolitiske talsmann, er usikker på kva kake dei åt i Stryn i går. Då kom det nemleg fram at regjeringa vil bruka 5,9 milliardar på RV. 15 og Strynefjellstunnelane, noko som skapte lokal jubel.

    Sve meiner Ap og Sp går vekk frå vedtaket som dei gjorde saman med Frp og Høgre om oppstart av bygginga av ny RV. 15, med arm til Geiranger i denne perioden av NTP (før 2027). No er det usikkert kva tid det vert oppstart.

  • Vil ha fleire lovar på nynorsk

    Både Noregs Mållag og Juristmållaget meiner altfor få av norske lover er på nynorsk, skriv Bladet Tysnes. Berre 14 prosent av norske lover er på nynorsk, resten er på bokmål. Dei viser mellom anna til at både arvelova og trussamfunnslova tidlegare var på nynorsk, men når desse lovane vart reviderte i 2019 og 2020, vart begge på bokmål.

Fleire nyhende