Gro Versto Larsen
Foto: Tale Hauso / NRK

Jordmor Gro (29) ville berre døy då ho var gravid

Ho visste betre enn dei fleste om faresignala for fødselsdepresjon. Likevel heldt Gro Versto Larsen dei mørke tankane skjult. Elektrosjokkbehandling blei redninga.

Gro Versto Larsen har gledd seg heile livet til å bli mor.

– Det har alltid vore det største ønsket i livet å bli mamma.

Men då ho blei gravid som 27-åring, endra kjenslene seg.

– Eg ser den positive testen, og føler absolutt ingenting.

For kvar milepæl ho når, håpar ho at lykkekjensla skal kome. Men den kjem aldri, berre kjensler av raseri og fortviling.

– Då eg forstod at ungen verkeleg kom for å bli, då rakna det heilt.

Gro opplevde å bli alvorleg deprimert. For første gong i livet.

No håpar ho historia hennar kan hjelpa andre.

Gro Versto Larsen
Foto: Tale Hauso / NRK

Sjølvmordstankane kom allereie i første trimester.

Ikkje langt frå huset i Herøysund i Kvinnherad, ligg ei steinbrygge som går ut i fjorden. Her kunne Gro gå ned fleire gonger i veka.

– Her sat eg mykje. Eg tenkte at eg skulle gå ut i havet og berre bli der.

Men ho kom til eit punkt der fødselen nærma seg, og bestemte seg for å venta til etter ho hadde fødd.

Gro Versto Larsen
Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg tenkte at når fødselen var gjennomført, så hadde eg gjort jobben min, og kunne avslutta med godt samvit.

Inne i huset gjorde Gro alt klart til eit småbarnsliv ho trudde ho ikkje skulle ta del i.

Ho kjøpte inn utstyr og kle som babyen kunne vekse i.

– Eg kjøpte inn alt slik at sambuaren min berre skulle få kosa seg med babyen. Det var førebuing på at dei to skulle klara seg åleine.

Gro Versto Larsen

Gro tek fram ei bok som står i hylla på rommet til dottera. Det står «Boka om meg». Her skreiv ho inn ting før dottera var fødd.

Foto: Tale Hauso / NRK
Gro Versto Larsen

I boka skal foreldre skrive korleis dei har det når dei ventar på barnet. - Her skriv eg «du var høgt ønska hos alle», men det var ikkje sant. Ikkje hos meg, seier Gro.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Elektrosjokk

Under fødselen takka ho nei til epidural. Dei fysiske smertene var meir behagelege enn dei psykiske.

Så kom vesle Ingeborg til verda.

– Då dei serverte ho til meg så sa eg «æsj, få ho vekk, ho er ikkje mi».

Men samtidig gjorde Gro som alle andre mødrer gjer. Ho la barnet til for amming og strauk på barnet sitt.

Då jordmora kom på heimebesøk litt over ei veke etter at Ingeborg blei fødd, slo sambuaren alarm.

Gro blei innlagd og fekk endeleg hjelp.

Redninga var elektrokonvulsiv terapi (ECT), som i gamle dagar blei kalla elektrosjokk.

Behandlinga blir som hovudregel berre brukt i alvorlege tilfelle eller når anna behandling ikkje fører til betring.

Gro var først skeptisk til behandlingsforma, då ho knapt hadde høyrd om den.

– Eg såg for meg slik dei gjorde i gamle dagar. At du rister, og det knekk i rygg og bein, og du må ha ein pinne i munnen for å ikkje bite deg i tunga.

Men dette skjer ikkje i dag.

Gro Versto Larsen og Ingeborg

Gro og Ingeborg.

Foto: Privat

Behandling

– Akkurat som Gro har fortald, så er det vanleg at mange er skeptiske når vi foreslår dette som mogleg behandling, seier Dag Sele som er overlege ved Stord distriktspsykiatriske senter.

Han har hatt tett oppfølging av Gro.

Pasienten er i narkose og avslappa under behandlinga, som er over på nokre minutt.

Gro Versto Larsen er den første pasienten med fødselsdepresjon Sele har behandla med ECT.

– Det fortel oss at ECT kan vera ein veldig viktig behandling for dei aller mest alvorlege svangerskapsdepresjonane, seier Sele.

Behandlinga har vist seg å vera effektiv. Ei amerikansk undersøking viser at mellom 60 og 80 % av dei dårlegaste pasientane blir friske frå depresjonen sin etter ferdig behandling.

Men ein kan få tilbakefall etter ei viss tid, og difor blir det gitt både medisin og samtalar som oppfølging i tillegg.

Dag Sele er spesialist i psykiatri og i allmennmedisin og er avdelingsoverlege og ECT-ansvarleg overlege ved Stord DPS.
Foto: Eli Bjelland / NRK

Gro merka at ho orka å vera med Ingeborg litt meir for kvar behandling. I tillegg til at ho blei meir mottakeleg for hjelp.

– Eg er ganske sikker på at om eg ikkje hadde fått ECT, så var det ikkje tid for meg å venta på effekt av medisinar. Så eg er overtydd om at det spelte ei stor rolle for at eg sit her i dag.

Treng meir informasjon

Det er få som blir så sjuke som Gro, men perioden rundt svangerskap, fødsel og barsel er ein risikoperiode med omsyn til kvinna si psykiske helse.

I ei stor undersøking publisert i British Medical Journal nyleg, viste det seg at kvinner som har perinatal depresjon har seks gonger så høg risiko for å ta sitt eige liv.

Det er få nasjonale tal, men Folkehelserapporten viser til at fødselsdepresjon rammar mellom 7 prosent og 13 prosent av fødande kvinner, altså mellom 4000 og 8000 kvinner kvart år.

Og ikkje alle får hjelpa dei treng, meiner professor og spesialist i samfunnsmedisin, Malin Eberhard-Gran.

– Vi må gjera dette meir systematisk, vi må spørja om psykisk helse for å kunne oppdaga dei som ikkje har det så godt i denne perioden.

For nokre år sidan blei det gjort ei undersøking av i underkant 4000 kvinner. Ein tredel av kvinnene svarte at dei ikkje blei spurde om psykisk helse i møte med helsepersonell.

– Så det er nok mange som ikkje blir fanga opp i det heile, seier Eberhard-Gran.

Gro Versto Larsen på jobb på Stord sjukehus.
Foto: Eli Bjelland / NRK

Vil nå ut til fleire

– Vi har ein veg å gå på openheit rundt psykisk helse i svangerskapet og barsel, seier Gro.

Gro var spesielt interessert i fødselsdepresjon då ho jobba som jordmor. Ho hadde og jobba tre år i psykiatrien før det igjen.

Likevel klarte ho ikkje å kjenne igjen teikna som dukka opp.

– Eg tenkte at om eg skulle få det ein dag, så skulle eg aldri skamma meg over det. Likevel klarte eg ikkje å innrømma det sjølv. I staden ville eg ikkje ha hjelp før det nesten var for seint.

Gro kom nettopp tilbake på jobb som jordmor på Stord sjukehus. Vegen ut av depresjon har vore lang. No håpar ho historia hennar kan hjelpa andre.

– Det må vera meir openheit for å våga å seie at ein ikkje har det bra, og at det er hjelp der ute som ein kan få, seier Gro.

Gro Versto Larsen fortel si historie ved Kvinneklinikken på Stavanger universitetssjukehus.
Foto: Øystein Otterdal / NRK

Deler historia si

No reiser Gro til ulike sjukehus for at fleire skal få ei forståing over korleis sjukdommen er.

– Eg har fått erfare at dette kan skje med alle. Alle kan få det.

Kvinneklinikken på Stavanger universitetssjukehus er ein av plassane ho har halde foredrag for andre jordmødrer og sjukepleiarar.

Jordmor Lise Penne er ein av dei som har fått med seg foredraget, og er rørt etter å ha høyrd Gro si historie.

– Eg hadde aldri sett for meg at det skulle bli så sterkt. Det er veldig verdifullt at vi jordmødrer får vite. Vi kan redde mammaer og pappaer, seier Penne.

Gro Versto Larsen fortel si historie ved Kvinneklinikken på Stavanger universitetssjukehus.
Foto: Øystein Otterdal / NRK

Livet i dag

No er dottera Ingeborg blitt to år, og det kjæraste i livet.

– Ingeborg er favorittmennesket mitt og eg har lyst å gjera absolutt alt for ho. Det er godt å kjenne på det å vera ei frisk mamma og gleda å få vera mamma.

Barn med mødrer som har fødselsdepresjon har større risiko for å utvikla ulike vanskar, men noko slik er ikkje blitt oppdaga med Ingeborg.

– No har vi eit vanleg småbarnsliv, som er veldig kjekt. Eg kunne ikkje ha ønska det på nokon annan måte. No har eg det livet eg såg for meg.

Familien
Foto: Privat

Hei!

Takk for at du leste saka om Gro <3

Har du ris, ros eller tips til andre saker? 

Vi vil gjerne høyra!

Ta kontakt med oss på e-post til eli.bjelland@nrk.no eller tale.hauso@nrk.no