Hopp til innhold

Vil endra regelverket for folk som må flytta grunna rasfare

Stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) vil endra lovverket for å sikra at folk som må flytta grunna rasfare, likevel får forsikringsutbetaling.

NRK har tidlegare skrive om familien Tjordal i Ullensvang. Dei måtte flytta frå huset sitt i Tyssedal i april i fjor etter ras. Og dei kan framleis ikkje flytta tilbake. Men forsikringspengar kan dei sjå langt etter. Det kan dei nemleg ikkje få om huset ikkje har fått skader i raset.

– Me må påleggja forsikringsselskapa å betala ut erstatning til folk som ikkje lenger kan bu i sin eigen heim, seier Haltbrekken.

Inger Marie Tjordal ved det tomme huset på Tveitahaugen, Tyssedal
Foto: Tale Hauso