Hunden til «Lukas» forstår han betre enn folk flest, meiner 18-åringen sjølv.

Han vil ta fagbrev i dyrefag, men føler at lærarane ikkje tek behova hans på alvor.

Mange står i den same kampen, seier Autismeforeininga.

Læring i augehøgde

Blir ringt kvar veke av bekymra foreldre: Meiner skulane ikkje kan nok om autisme

– Dyr treng ikkje nødvendigvis augekontakt, fortel «Lukas» til NRK.

Han har teke oss med til ei bukt utkanten av Bergen, der den vesle «goldendoodlen» Regan får springe fritt i havgapet.

– Ofte når det handlar om dyr, er augekontakt det verste å søke. Spesielt med dyr som er skremde.

– Så dei søker vel augekontakt like mykje som meg. Eg har aldri tenkt på det slik før.

Ingen treng å fortelje «Lukas» at han er annleis.

Men dei som har diagnostisert han med autisme og ADHD, meiner også at han er godt rusta til å oppnå eit fagbrev.

Med trygge folk rundt seg og ein tydeleg plan, kan han oppfylle draumen sin.

Eg har lyst til å jobbe på ein dyreklinikk eller eit omplasserings-senter. Ein stad der dyr er, sannsynlegvis i den verste delen av liva sine, seier han til NRK.

– Menneske ser på deg og dømmer deg, men dyr gjer det ikkje. Regan gjer ikkje det. Ho elskar deg uansett korleis du ser ut, så lenge ho får mat og har det bra.

Lukas og Regan

I starten av skulegangen fekk «Lukas» svært gode karakterar. Han var på eit tidspunkt elevrådsrepresentant og hadde mange vennar, seier mor hans.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK
Eit stort skifte

«Lukas» fekk innvilga spesialundervisning på Stend vidaregåande skule for skuleåret 2022/2023. Enkeltvedtaket som NRK har fått tilgang på om dette har dato 7. februar 2023.

Innhaldet i spesialundervisinga skulle ifølge dette vedtaket ha grunnlag i ei sakkunnig vurdering av hans behov, levert av den Pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT).

Då var planen at han skulle trappe gradvis opp kor lenge han var med.

No er det 2024. Han har ikkje møtt opp til undervising sidan i fjor haust, og føler seg ikkje trygg på skulen.

– Det var ikkje så enkelt lagt opp som eg trudde det kom til å vere. Det fanst ingen plan, og eg visste ikkje kvar eg skulle vere hen, seier han.

– Hadde det ikkje vore for mamma veit eg ikkje kva eg skulle gjort. Eg hadde truleg fått eit panikkanfall, for å vere heilt ærleg.

Stend VGS

Stend vidaregåande spesialiserer i tilrettelagd undervisning, og har tre forskjellige klasser for elevar som treng ekstra støtte.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

Til no har han trengt å ha med seg mor eller bestemor som følgepersonar, og somme gongar Regan. Helst vil han klare å vere der med hunden, men utan familien.

Etter fleire år har ikkje «Lukas» klart å bygge opp tillit med nokon andre. Konsekvensane av ein hard skuledag er ofte synlegast når han kjem heim, ifølge mor hans.

– Det blir tungt heime. Det er vanskeleg. Han blir nedfor. Han har vanskar med å regulere kjenslene sine, og med søvn. Sjølvtilliten går i do. Han mister motet og blir veldig isolert, seier ho til NRK.

– Nokre gongar, som i fjor då guten min hadde vore på skulen og treft lærarane, blir det akutt-time hos spesialisthelsetenesta. Det blei veldig alvorleg.

Skulen leverte for dårleg plan

«Lukas» har klaga på Stend si gjennomføring av spesialundervisinga til Vestland fylkeskommune. Han meiner han ikkje har fått det tilbodet han blei lova.

Eg må minne meg sjølv på heile tida at eg verkeleg ikkje ber om mykje. Eg ber om grunnleggande ting som nesten alle menneske i verda treng, seier han.

– Eg ville på skulen for å få ei utdanning. Dersom eg ikkje får noko utdanning, kjem eg ikkje til å vere der.

Ein av fuglane til Lukas

Mykje av det «Lukas» kan om dyr, er sjølvlært. Her viser han fram ein av fuglane sine, som han trur kjem til å legge egg snart.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

Klagen hans blei avvist av fylkeskommunen, som meinte tilbodet han hadde fått var godt nok. Den gjekk dermed vidare opp i systemet.

Statsforvaltaren talte fylkeskommunen imot. Dei vurderte skulen sitt vedtak om spesialundervisning som ugyldig.

– Sidan det ikkje er klart kva [namn] har rett på etter vedtaket, kan vi heller ikkje ta stilling til om [namn] har fått den spesialundervisinga som han meiner han har rett på.

– Det kjem heller ikkje fram korleis skulen har vurdert og vektlagt eleven si stemme, eller korleis skulen elles har vurdert omsynet til eleven sitt beste.

Ein av fuglane til Lukas

Det store fugleburet har han bygd sjølv.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

NRK har kontakta Stend vidaregåande om saka. Dei sende spørsmåla vidare til fylkeskommunen.

Områdeleiar i Avdeling for opplæring og kompetanse, Øyvind Oddekalv, har svart:

Mange kjenner seg misforstått

Mette Fratini Flesland er leiar for Autismeforeininga sit lokallag i gamle Hordaland.

Ho fortel at dei veit om mange elevar som har falt ut av skulesystemet når dei kjem opp på vidaregåande nivå. Årsaka, meiner ho, er manglande tilrettelegging.

– Her i lokallaget får vi i alle fall to telefonar i veka av fortvila foreldre som slit med at barn ikkje får den tilrettelegginga dei har behov for, seier ho til NRK.

Samtidig er det ofte vanskeleg for dei tilsette på skulen å oppfatte kva eleven treng.

Dette er fordi mange med høgtfungerande autisme, slik som «Lukas» har, ofte maskerer på offentlege stader.

Mette Fratini Flesland

Flesland har sjølv ein son med autisme. Ho seier livet hans blei svært mykje betre då han blei møtt med rett tilrettelegging på skulen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Det er så individuelt, autisme. Har du møtt ein så har du møtt ein.

– Dersom dei er flinke til å maskere så vil skulen tru at barnet har det veldig godt, at det er trygt og har læringskapasitet.

Flesland er kjent med fleire tilfelle der skulen ikkje har trudd på foreldra når dei har fortalt at barnet har kome heim heilt utslite.

– Det er derfor det er så viktig at ein lyttar til det spesialisthelsetenesta seier og anbefaler. Dei har greia ut barnet og veit kva dei treng av tilrettelegging.

– Dess meir føreseieleg det blir, dess lettare er kvardagen for nokon med autisme.

Blei vurdert i kor ofte han såg dei i augo

Familien til Lukas har vist til ei rekke enkelthendingar på Stend som har gjort at «Lukas» ikkje tør å gå dit lenger.

Mange handlar om plutselege overraskingar i kvardagen, og dette vedtaket om spesialundervising som Statsforvaltaren oppheva.

Men eit anna punkt på lista har vekt oppsikt i Autismeforeininga: at «Lukas» blei vurdert av kontaktlærar utifrå kor ofte og kor lenge han oppsøkte augekontakt.

Skiltet inn mot hundeavdelinga til Stend vgs

På Stend vidaregåande skule var «Lukas» i ei tilrettelagd klasse. Han var også i gang med det faglege innhaldet.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

I ei skriftleg vurdering av framgangen hans frå november 2022 til februar 2023, skriv kontaktlærar følgande:

«I forhold til den sosiale utviklinga er følgande moment [dei] som dei vaksne rundt han har observert: Halde blikket over tid».

«Eleven var i starten snar til å sleppe blikket i samhandling med oss. No opplever vi at han held blikket lengre og [at] han kan oppsøke blikket til den som er med han.»

Ein liknande observasjon er registrert i «Lukas» sin Individuelle opplæringsplan (IOP), signert av kontaktlæraren og tidlegare rektor på Stend 14. mars 2023.

Lukas og Regan

«Lukas» fortel at hunden hjelper han med å sove gjennom natta. Fleire gongar har Regan også blitt med på skulen.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

«Lukas» seier desse vurderingane har gjort han «ganske irritert og trist».

– Eg meiner det er ein del av meg. Augekontakt er noko som høyrer til utfordringa når ein er autistisk, seier han.

– Med mindre du skal vurdere nokon som sit i rullestol kor godt dei klarar å snakke med nokon medan dei står oppreist, forstår eg ikkje behovet.

– Aldri høyrt om

Vestland fylkeskommune, som eig skulen, har skrive til familien at dei ikkje har som «opplæringsmål, eller eit vurderingskriterium, at eleven skal ha augekontakt og vere høfleg».

Autismeforeininga kan ikkje kommentere på enkeltsaker.

Men Flesland seier ho blei «sjokkert» av å høyre at ein skule har gjort vurderingar av ein elev med autisme sin læringskapasitet ut ifrå augekontakt.

– Dette med augekontakt er frykteleg vanskeleg når det gjeld personar med autisme, og det er veldig individuelt, fortel ho.

– At ein skal vere flinkare til å lære fordi ein har betre augekontakt, det har ikkje vi høyrt om nokosinne.