Hopp til innhold
Snø på bybanen i Bergen
Foto: Ingrid Langeland Olderbakk / Ingrid Langeland Olderbakk / NRK

Trafikk og vêr i Vestland

Oppsummert

NRK gir deg dei siste meldingane om vêr- og trafikksituasjonen i Vestland fylke. Ring inn trafikktips på 55 27 57 00 (Bergen) og 57 72 42 42 (Førde).

  • Åtvara bilistar: Kraftig oljesøl på E39 på Stord

    På E39 på Stord gjorde eit kraftig dieselsøl i 11-tida at tungtrafikken sleit med å komma seg opp bakken på hovudvegen i retning nordover mot Bergen.

    – Me får inn mange meldingar om at det er veldig glatt der, sa trafikkoperatør Rolf Einar Vågheim i Vegtrafikksentralen til NRK.

    Sølet var på Vabakken, altså ved rundkøyringa ned mot Leirvik.

    Vegvesenet bad folk køyra forsiktig, fordi oljesølet spreidde seg med bildekka, til dømes utover Litlabøvegen.

    Politiet sette ned fartsgrensa midlertidig, og brannvesenet la ut absorberande masse.

    Klokka 14 har situasjonen roa seg, opplyser Vegtrafikksentralen. Men fylkesveg 6020 er stengt i Litlabøkrysset fram til klokka 18, for å unngå spreiing.

    En brannbil på en rundkjøring
    Foto: Eli Bjelland / NRK
  • Fylkesberedskapssjefen: – Ikkje komplett oversikt over skadane

    Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Vestland seier han framleis ikkje har full oversikt over skadeomfanget etter «Amy» i helga.

    – Vi har ikkje komplett oversikt over skadane rundt omkring i kommunane. Det vil til slutt vere forsikringsselskapa som får det vi blir mest involverte i, seier Stensvand til NRK.

    Han meiner det var eit avvik, nemleg at vinden på kysten vart sterkare enn meld på førehand – særleg i området rundt Bergen.

    – Der har vinden herja veldig kraftig.

    Han meiner både kommunar og publikum i Vestland var godt førebudde uveret i helga.

    Haavard Stensvand
    Foto: SONDRE DALAKER / NRK
  • Politiet sperrar av område i Bergen sentrum

    Politiet har sperra av eit mindre område i Løbergesalleen i Bergen sentrum.

    Årsaka er eit tre som velta under uvêret «Amy», og som no ligg over vegen og kviler på ein kabelstrekk.

    Politiet ber folk om å respektere sperringane og ikkje gå under treet.

    Bergen kommune er varsla slik at dei kan rydde opp i det velta treet, samt sette opp skilting om at vegen er stengt.

  • Skademeldingene renner inn i kjølvannet av «Amy»

    Tryg Forsikring opplyser til NTB at de har passert 800 skademeldinger.

    – Det er skader knyttet til vind og vann. Mesteparten, rundt 600, gjelder skader på private boliger og bygg, opplyser senior kommunikasjonsrådgiver Torbjørn Brandeggen i Tryg til NTB.

    If er søndag formiddag oppe i 960 skademeldinger.

    Fremtind Forsikring har på sin side mottatt 660 skademeldinger etter ekstremværet. De har søndag stor pågang og venter at skadetallene vil stige ytterligere.

    Det samme gjør Frende Forsikring, som nærmer seg 400 skademeldinger: (NTB)

  • Fylkesberedskapssjef om «Amy»: - Vi må vere budde for endå verre stormar framover

    Vestland fylke har sleppt unna med skrekken etter at ekstremvêret «Amy» herja i helga.

    Det har ikkje kome meldingar om alvorlege personskadar, men derimot mykje materielle skader, fortel fylkesberedskapssjef Haavard Haavard Stensvand.

    Dette viser også att hos forsikringsselskapa som blir rent ned av meldingar frå folk som har fått skader på hus og heim.

    Søndag ettermiddag er det framleis fleire utfordringar, både knytt til straum og telefonsamband. Nokre stader er basestasjonar nede, fortel fylkesberedskapssjefen til NRK.

    – Men situasjonen er langt betre enn i går, legg han til.

    Stensvand meiner kommunane i Vestland har vore godt nok budde i forkant av stormen, og gir Vestland karakteren «bestått». Men han er klar på at det er ingen grunn til å kvile på laurbæra:

    – Vi må vere budde på at vi får endå fleire slike stormar som «Amy» i tida framover, men som vil treffe oss oftare og hardare.

    en vei med trær på siden
    Foto: benjamin dyrdal / NRK
  • Mange vegar framleis stengde - har ikkje full oversikt

    Sjølv om den verste stormen har roa seg, så viser ekstremvêret «Amy» framleis godt att i Vestland.

    Framleis er ein del vegar stengde søndag morgon.

    – Eg har ikkje oversikt over kor mange, men dette får vi meir oversikt over utover dagen, seier Arne Viken i Vegtrafikksentralen til NRK like etter 07.30.

    Her kan du sjå Statens vegvesen si oppdaterte oversikt.

    I går var det på det verste over 100 stengde vegar.

    Entreprenørar har jobba på spreng med å rydde vekk tre, steinar og andre gjenstandar som har kome i vegane.

    Arbeidet går føre seg for fullt utover dagen i dag.

    – Forhåpentlegvis opnar dei fleste vegane i løpet av dagen, seier Viken.

    Men arbeidet kan ta tid sidan det fleire stader også er straumkablar som har falt ned i vegbana.

    For alle som har tenkt seg ut på vegane må bu seg på at reisa kan ta lengre tid enn planlagt, særleg gjeld dette sidevegar.

    Viken oppmodar folk til å følgje med på trafikkmeldingar utover.

    Av fjellovergangane er det berre Sognefjellet som er stengt. Klokka 09.00 i dag blir det gjort ei vurdering om den kan opne att.

    en vei med trær på siden
    Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK
  • Fire personar i trafikkuhell i Bergen

    Politiet rykte ut til Skomværsvei ved Hetlevik i Bergen like før 22.30 i går kveld etter at ein bil køyrde utfor vegen og hamna i grøfta.

    Det var fire personar i bilen, ingen av dei blei skadde.

    Køyretøyet fekk skader. Politiet opprettar sak.

    Det er ikkje mistanke om ruskøyring, melder Ingrid Teigland Tepstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

  • Bil hamna på taket i Sogn, fleire personar til legevakt

    Naudetatane rykte like før 22.30 ut til Dalavegen i Sogndal etter at ein bil hamna på taket.

    Køyretøyet låg midt i vegbana og det var ingen passasje forbi.

    Det var fem personar i bilen. Dei greidde å kome seg ut på eiga hand og var vakne og bevisste, opplyser politiet.

    Nokre av de involverte blei køyrd til legevakt.

    Bilbergar fekk frakta bilen vekk og like før midnatt kunne vegen opne att.

    Politiet opprettar sak og har tatt beslag i førarkortet til fører.

  • Fryktar løe i Bygstad kan rase ut – vil stenge veg

    Ei stor, eldre løe står i fare for å dette saman i Bygstad og rase ut i vegbana.

    Løa står fem meter frå Åmotsvegen mellom Åmot og Åse.

    Politiet og brannvesenet rykte ut til staden i går kveld.

    Løa må sikrast, men det kan først skje når det er dagslys.

    – Vegen vil verte stengt på staden medan bygget blir sikra, melder operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

    Bygget er relativt stort og har tung skiferstein på taket.

    I løpet av natta har den eine veggen rasa ut, og no kan heile bygget stå i fare for å rase ut.

  • Framleis over 20 stengde vegar

    – Me har framleis eit tjuetals stengde vegar i Vestland og Rogaland, seier trafikkoperatør Christian Strømmen i Vegtrafikksentralen.

    Ved 13.30-tida var det over 100 stengde vegar i dei to fylka. Nokre få av vegane er stengde av andre grunnar enn «Amy».

    – Men det er framleis ein del tre og busker. Det er ikkje heilt over enda. Det er ein del oppryddingsarbeid att, seier Strømmen.

    Han viser til at dei også er avhengige av straumselskapa.

    – Det er ofte straumlinjer involvert når tre har falle over vegen.

    Ryddearbeidet vil halda fram søndag.

    – Ofte blir det gjort ein grovare reinsk for å opna vegen, og så må ein ta detaljane med kosten til slutt. Det er ikkje prioritert akkurat no.

    en vei med trær på siden
    Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK
  • Over 100 vegar framleis stengde: – Dett tre i vegbana heile tida

    Vegtrafikksentralen får framleis mange meldingar om vegtrøbbel.

    Trafikkoperatør Arne Viken seier om lag 100 vegar i Vestland og Rogaland er stengt.

    – Men eg har ikkje nøyaktig oversikt, seier han til NRK 13.30.

    Viken legg til at dei heller ikkje får inn alle meldingar sidan entreprenørane er ute og fjernar gjenstandar i vegbana fortløpande.

    Ei mager trøyst er at vinden har roa seg.

    – Men det er likevel såpass mykje tre som har velta at det vil ta tid før alt er rydda. Kor tid det skjer er uvisst. Årsaka er at det dett ned tre heile tida, seier Viken.

    Einaste fjellovergangen som er stengt per no, er Sognefjellet. Her blir det gjort ny vurdering i morgon klokka 09.00.

    Vegtrafikksentralen ber folk om å halde seg heime.

    – Det ligg såpass mykje tre i vegbana enno som ikkje er rydda vekk. Det vil fort skape forseinkingar om folk reiser ut på vegane no.

    Det er også meldt ein del nedbør, og det kan også skape problem.

    en vei med trær på siden
    Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK
  • Fleire fotballmål i Stad i ferd med å blåse vekk – vurderer å sperre av område

    Politiet er på veg til Malakoff fotballbane på Nordfjordeid og vurderer å sperre av området.

    I natt kom det fleire meldingar om fotballmål som var tekne av vinden og hamna i skogen.

    På morgonkvisten har politiet fått inn endå fleire meldingar om mål som bles. Det er også fleire tre som kan velte på staden, skriv operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

    Han ber folk om å halde seg vekke frå parkområdet og fotballbana. Årsaka er at det kan blåse ting på folk.

  • 10.000 BKK- kundar utan straum på det verste

    «Amy» herjar hardt i Vestland og har ført til at mange tre har velta fleire stader.

    Henrik Wiedswang Horjen i straumselskapet BKK melder om kraftige herjingar.

    – Vi har vore oppe i litt meir enn 10.000 kundar utan straum på det meste. Vi har hatt mannskap ute i heile natt for å rette feil, fortel han.

    Klokka 09.00 er talet nede i 6378 straumlause kundar. Her kan du sjå BKK si oversikt.

    Særleg kraftig vind har det vore i Sunnhordaland, men i løpet av dei neste timane blir vinden sterkast nord for Sognefjorden.

    – Vi er framleis i skjerpa beredskap.

    Utover dagen blir det retta opp i fleire feil i straumnettet, men nokre stader kan det ta tid.

    Straumselskapet Sygnir i Sogn har 655 kundar utan straum per no.

    Linja har 2839 kundar utan straum.

    Over heile landet er omlag 100.000 personar straumlause.

    bkk sitt kart over straumlause
    Illustrasjon: BKK / BKK
  • Fann krasja bil – mistenker sjåføren var rusa

    Politiet mistenkjer at ein 19 år gamal mann på Askøy krasja i fylla i natt etter at bilen hans blei funnen skadd i vegbana.

    Det var ingen personar i køyretøyet, men politiet greidde å spore desse opp.

    Ifølge Ingrid Teigland Tepstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, trur dei sjåføren var rusa. Dei har teke frå han førarkortet og opprettar sak.

  • Trafikkulykke i Ullensvang- sjåfør til sjukehus

    Naudetatane er på plass i Ullensvang ved Råe etter at ein bil har køyrd i fjellveggen.

    Det er ein person i bilen og vedkommande blir frakta til sjukehuset i Odda. Det er ukjent skadeomfang.

    Bilen tok fyr etter kollisjonen, men føraren greidde å kome seg ut før naudetatane kom fram, skriv operasjonsleiar Bjarte Rebnord.