Hopp til innhold
Triathlon - Mixed Relay
Foto: Piroschka Van De Wouw / Reuters

Sport i Vestland

Oppsummert

Få siste nytt om det som rører seg av smått og stort frå idretten i Vestland.

  • Tommy Urhaug (45) satsar mot OL i Los Angeles

    For eit par år sidan heldt bordtennisspelaren på å leggja opp, men no satsar han mot OL i 2028, melder BA. Bakgrunnen for den vidare satsinga er endringar i paraidretten.

    – Den auka merksemda som paraidretten har fått dei siste åra, har ført til at sponsorar no kjem til meg med spørsmål om me kan få til noko. Dette, i tillegg til sportsleg suksess, har gjort at eg har bestemt meg for å halda fram, seier Urhaug til avisa.

    Paralympics-gull til Urhaug
    Foto: AP
  • Brann møter Lille – følg kampen her

    Branns Europa League-eventyr startar i dag mot franske Lille. Laget har rikeleg med erfaring frå spel i europacupen, då dei er med for sjette gong sidan 2019.

    I 2024 slo dei oppsiktsvekkande Real Madrid 1–0. Dagens kamp er den første av åtte oppgjer for Brann i dette seriespelet.

    Det er spådd at Brann kan få pryl i dette seriespelet. Du kan høyra kampen på NRK Radio eller følgja han her.

  • Raude tal for Sogndal Fotball

    Sogndal Fotball rapporterer på raudt i halvårsrapporteringa til Noregs Fotballforbund for sesongen 2025.

    Dette er eit resultat av strategiske og medvitne val, og ikkje uttrykk for svak økonomi, skriv klubben i ei pressemelding.

    Klubben og konsernet har prioritert investeringar og langsiktig sportsleg satsing framfor kortsiktig rapportering.

    Den såkalla lisensscoren til Sogndal Fotball er på no 22,4 poeng. For å rapportere på gult måtte kubben hatt over 65 poeng.

  • Brann møter Hammarby i europacupkvalifiseringen

    Brann skal opp mot svenske Hammarby i dobbeltkamp i siste kvalifiseringsrunde til kvinnenes europacup i fotball.

    Det ble klart i fredagens trekning i Uefas hovedkvarter i Nyon i Sveits.

    Brann havnet i europacupen etter å ha tapt 1-3 sammenlagt for Manchester United i mesterligakvalifiseringen.

    Europacupen er ny av året og tilsvarer mennenes europaliga nivåmessig.

    Kampene spilles 7./8. og 15./16. oktober. Brann avslutter på hjemmebane.

    Det er ikke noen ligafase i europacupen. Etter 2. kvalifiseringsrunde venter åttedelsfinaler i november. Det spilles dobbeltkamper hele veien, også i finalen.

    (©NTB)

  • Trippelt bergensk i triatlon-VM 

    Casper Stornes og lagkameratane Gustav Iden og Kristian Blummenfelt tapetserte pallen under VM i triatlon i Nice søndag formiddag.

    «Bergen–Resten av verda 3–0», samanfattar Bergens Tidende.

    Triatlonkonkurransen blir rekna som éin av dei mest krevjande uthaldskonkurransane i verda: Det startar med 3,8 kilometer svømming. Deretter trakkar seg gjennom 180 kilometer på sykkel. Før det blir avslutta med ein maraton – 42,2 kilometer løping.

    Olav Alexander Bu Kristian Blummenfelt

    4000 hull skal gi norsk VM-gull: – Teknologien er enda mer usynlig

    Det er fullt hemmelighetskremmeri rundt de norske superdraktene foran VM i Ironman. Men nå letter Kristian Blummenfelt litt på sløret.