Dykking ved Træna i Nordland

Drøymer du om å kaste deg ut i eventyret?

Foto: Lars Korvald / Under overflaten

Er det verd å følgje draumen?

Dei slapp alt dei hadde for å satse på eventyret. Men kva skjer når det også vert kvardag?

Stormen riv i seglet og det smell av at nok ein del ryk øvst i masta.

Det går hól på kalesja. Under dekk er alt vått, dassen er tett og stemninga litt amper.

Det var ikkje dette som var draumen, men det er dette som er kvardagen.

Det var dette dei selde leilegheita for, det dei sa opp jobben for og satsa alt for.

Var det verd det?

Vi går vel alle med ein eller annan versjon av den same fantasien; slutte i jobben og legge alt bak oss. Kjøpe eit småbruk, segle jorda rundt eller gå Noreg på langs.

Å «følgje draumen», som det heiter på fint.

Det evige eventyret er freistande når dagane er fylt av knekkebrød med ost, same rundturen med bikkja kvar morgon og Nytt på nytt kvar fredag.

Nokon gjer noko med det. Dei hoppar av hamsterhjulet og kastar seg inn i eventyret. Dei jaktar noko heilt spesielt – lukka.

Men er ein stadig eufori i det heile teke mogleg?

Draumen om havet

2014: Ole André Hammerøy sit og skriv bacheloroppgåve for å bli elektroingeniør. I ein pause frå likningar og grafar finn han ein seglblogg.

Draumen om eit liv på havet vert fødd.

– Det var berre ein brytar som slo seg på og eg tenkte «Dæven, i løpet av livet skal eg på jordomsegling.»

For livet under havet kjenner Ole André allereie godt.

I fleire år har han og sambuaren Hanna Hunnes Viken drive med dykking.

Det var også under overflata dei møtte Henrikke Øijord Haugan og Lars Korvald – det andre paret som skal bli med på eventyret.

Henrikke og Lars brenn for å ta vare på livet i havet, og nett det kan dette eventyret vere med og bidra til.

Eit eventyr som kjem til å gje dei nærkontakt med hai, kval og stormar på ope hav. Og mange tette doar.

Fridykking på Træna

Lars Korvald har fotografert dykking lenge, som her i tareskogen utanfor Træna på ein tidlegare tur.

Foto: Lars Korvald

Lars Korvald har fotografert dykking lenge, som her i tareskogen utanfor Træna på ein tidlegare tur.

Foto: Lars Korvald

2019: Hanna og Ole André har seld både leilegheit og bil. Lars og Henrikke har sagt opp jobben.

I Bud i Møre og Romsdal pakkar dei den 50 fot lange seglbåten Havblikk full av mat, dykkarutstyr, harpunar og kamera.

– No er det eit heilt anna liv som skal levast, seier Lars.

– Motivasjonen er på topp. No skal vi ut på livets reise

Ole André
Under overflaten-gjengen.
Foto: Tom Edvindsen / NRK
Foto: Tom Edvindsen / NRK

Eventyret er i gang.

Drivkrafta

Veneparet skal dykke med allslags dyr og fisk, oppleve verdas nest lengste kyst med seglbåt og lage sin eigen mat av det dei finn under overflata.

– Eg hadde ikkje tenkt på anna i eit heilt år. Kvar einaste dag var det det handla om: Å gjere seg klar til det vi skulle oppleve, seier Lars.

I tillegg skal dei lage ein TV-serie om ekspedisjonen sin. Det å ha ein plan om filming og episodar skal syne seg å bli ei viktig drivkraft og motivasjon for gjengen.

Serien skal handle om noko dei alle vil ta vare på – livet under overflata.

Men for å ta vare på noko må du vere glad i det, og for å vere glad i det må du kjenne til det, som Lars og Henrikke seier. Ein TV-serie om livet i havet kan gjere nett det.

Men serien skulle også føre til eit tidspress og tvinge dei til å segle forbi stadar dei hadde gleda seg til å sjå.

Eventyret skal altso bli litt knekkebrød og kvardag, det også.

Under overflaten si bucketliste

Gjengen lagde ei ønskeliste som skulle styre eventyret til havs.

Det er juli. Sola skin og Havblikk har fulle segl. Gjengen seglar sørover frå Bud.

Dei solar seg på dekk, lærer seg å segle og dagdrøymer om alt dei har føre seg.

Naturopplevingane ligg som perler på ei snor framføre dei.

Solbading og klatring i masta

Strikking, soling og litt moro i masta. Sommaren er ei fin tid om bord på Havblikk.

Foto: Privat

Ein dans under vatn

– ... 16, 17, 18 stykk. Sjå!

Henrikke og Lars sit på dekk med ein kikkert i handa. Dei speidar mot Grasøyane utanfor Ålesund og peikar mot noko svart som svømmer inne ved land.

No har gjengen vore på havet i to månadar. Dei har byrja lære seg å segle, forsøkt å finne eit system for alt rotet under dekk og ikkje minst fått nærkontakt med hai(!)

Dei har også fiksa lekke dykkardrakter, hatt eit lite uhell på eit skjer og fiksa sin første tette do.

Ja, og brannalarmen gjekk midt i ei av dei mange søvnlause nettene.

No treng gjengen ei skikkeleg dykkaroppleving.

– Eg trur at i dag er dagen, altso, seier Ole André.

No skal dei få gjort noko Lars har drøymt om og gleda seg til lenge.

Dei skal filme selar på nært hald.

Denne gongen fridykkar dei, utan gasstankar på ryggen, og må difor halde pusten under vatn.

– Det å fridykke på slike plassar er so nydeleg. Det er so stor og fin tareskog du kan svømme under. Det er som å vere ein sel, seier Ole André.

Det går ikkje lang tid før dei får eit glimt av nokre lysande auge under tareskogen.

Nokre av selane søv på havbotnen, men vert vekka av dei rare vesena som snik seg innpå dei gjennom taren.

Lars får eit nærare møte enn han kunne drøymt om når han møter ein nysgjerrig sel heilt i overflata.

Ei stor naturoppleving ligg no bak heile gjengen og nok eit punkt på bucketlista er kryssa ut.

Dei fann lukka og euforien under overflata.

Men no kjem den lange vinteren.

Bølgjene

Sjølv på livets reise, som Ole André kalla det, er der bølgjer. Nokre dagar er betre eller tyngre enn andre.

For medan opplevingane står i kø, gjer også dei kvardagslege tinga det.

– Dei fine opplevingane hadde eg liksom greidd å dagdrøyme om, men eg hadde ikkje dagdrøymt om at det skulle ta dritlang tid å segle norskekysten og at vi skulle fikse ting heile tida, seier Lars.

For det tek tid å segle. Og på ein seglbåt slepp ein aldri opp for arbeid. Stadig ryk ein liten plastdel, noko i motoren vert øydelagd eller seglet treng nokre rundar med nål og tråd.

Og ein vert vêrfast i ein seglbåt – særleg om vinteren. Då ligg Havblikk til kai, gjerne i fleire dagar, og dei fire om bord må dele det vesle som er av plass.

Men naturopplevingane står framleis i kø når vêret lettar.

Kvalen

Utanfor Skjervøy i Troms skjer det kvar vinter eit stort drama. Eit utal sild kjem frå det store Atlanterhavet og inn fjorden Kvænangen.

Og der silda kjem, er spekkhoggaren og knølkvalen aldri langt bak.

Å få dykke saman med dei 30 tonn tunge kjempene er nok det som heng aller høgst på ønskelista for gjengen.

Men vêret er framleis ikkje på lag med eventyrarane.

Etter å ha gått for motor hundrevis av kilometer i motvind i sniglefart, vert dei liggande vêrfaste i hamna.

Men dei kjem seg til slutt ut på fjorden att. Dei speidar utover bølgjene etter sildevak eller ein ryggfinne.

Plutseleg står ein sprut opp av vatnet. Den låge vintersola skin i dropane.

Dei har funne spekkhoggarane.

– Dei er so sinnssjukt fine. Det er nesten so eg får ei tåre i augekroken, seier Hanna og snufsar medan ho ler litt.

So hoppar dei uti.

Dette vert nokre av dei beste minutta på heile turen.

Når eventyret blir kvardag

– Vi tenkte at vi kom til å få veldig god tid, at kvar dag skulle vere ein fest, seier Lars.

No er det årelange eventyret over, serien dei laga har gått på TV og både han og Henrikke er attende i den vanlege kvardagen.

– Pulsen skulle senke seg og kvardagsstresset skulle forsvinne då vi var på tur, men det var ikkje heilt slik det vart, seier Henrikke.

For sjølv om turen dei var på var eit eventyr, hadde dei framleis plikter.

Eitt var å fikse alt som vart slite ned på båten og å bu tett oppå kvarandre.

Det andre var å få gjort jobben dei skulle gjere. Å få gjort alle dykka dei hadde planlagt og filma alt dei skulle filme.

Og etter enda arbeidsdag måtte dykkarutstyr tørkast, kamera ladast, videoklipp sorterast og neste dag planleggast.

– Det høyrast fælt ut å sei det, men alt vert jo kvardag, berre ein gjer det lenge nok, seier Henrikke.

Sjølv på eit eventyr til havs er der knekkebrød med ost og daglege rutinar.

Gjengen under dekk

Video skal sorterast, batteri ladast og middagen serverast. Daglege rutinar slepp ein ikkje unna.

Foto: Privat

Tidspresset dei hadde på seg gjorde mellom anna at dei måtte segle raskt forbi Helgeland – eitt av stadane dei hadde gledd seg til å dykke.

– Motivasjonen vart litt tom etter kvart fordi vi ikkje fekk til å glede seg og fordøye opplevingane, seier Lars.

For utan ein «vanleg» kvardag vert det vanskelegare å skilje ut dei store opplevingane frå dei bitte litt mindre store.

– Det har eigentleg utruleg mykje å seie for at ein skal få dei der toppane, seier han.

Er det evige eventyret mogleg?

– Nei, eg trur ikkje det.

Egon Hagen er psykolog og kjend frå NRK-podkasten Psykologen.

Han meiner lukke er ei ganske flyktig greie ein kan oppleve i små glimt.

Psykologen tykkjer ikkje det er rart i det heile at ein kan føle på litt slitasje – sjølv om ein lev draumen og får stadig nye opplevingar dag etter dag.

For Hagen trur ein treng vanlege plikter og vanlege kvardagar, slik at dei gode stundene kan stå i kontrast til noko.

– Eg trur vi treng måndagar, rett og slett.

– Kor mange paraplydrinkar kan du drikke på ei strand før du er lei? Kva gjer du dagen etter liksom?

Egon Hagen
Egon Hagen
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Han seier at det gode livet er ein cocktail av alvor, spenning og avspenning. Av nærkontakt med folk og av å få vere åleine.

Psykologen trur at eventyret er best i fleire omgangar. At ein får tid til å fordøye det ein gjer, roe litt ned og gle seg til neste gong.

Og nett det var det Hanna, Ole André, Henrikke og Lars også kom fram til.

– Det finst ein mellomting

– Det følte eg og Lars mykje på etterpå. Vi drøymde om å setje av eit heilt år. So fann vi fort ut at du ikkje treng legge ut på ei so lang reise for å oppnå det same, seier Ole André.

Euforien dei kjende etter å ha svømt med selane eller dykka med kvalen hadde ikkje blitt mindre sterk om dei fekk kjenne på det på to ulike turar.

Henrikke meiner ein kan følgje draumen sin utan å bryte opp alt ein har.

Det verkar som mange trur at ein anten føl draumen sin, eller so gjer ein ikkje det i det heile. Det finst ein mellomting, seier ho.

Ein kan gjere det i små steg – stikke på ein lengre tur ein ferie, ta seg fri frå jobb nokre veker eller snike det inn i kvardagen ein allereie har.

Samstundes er det dei harde dagane eg har lært mest av, seier Henrikke.

Ole André Hammerøy, Hanna Hunnes Viken, Henrikke Øijord Haugan og Lars Korvald. De dykker langs hele norskekysten i NRK-serien "Under overflaten".

Ole André, Hanna, Henrikke og Lars.

Foto: Tonje Selvåg

Klisjeen

For trass i tette doar, lite tid til å slappe av og konstante reparasjonar – ingen av dei fire er i tvil om at eventyret var verd det.

Du kjem til å angre meir på å ikkje har gjort det enn å ha gjort det. Det er kanskje ein klisje, men det er no slik det er, seier Ole André.

Og medan mange av oss har nokre bilete langt bak i albumet på telefonen eller eit par postar på Instagram frå ein tur, har denne gjengen ein heil TV-serie med minner å sjå attende på.

– Eg kjem aldri til å gløyme det, seier Hanna.

Lars seier at det kan virke stort og skummelt å satse tid og pengar på eit eventyr ein ikkje veit korleis vil ende. I det store og heile er likevel ikkje ein månad eller eit halvår so mykje – om ein verkeleg vil noko.

Om du har moglegheita til å gjere noko som det her: køyr på! Du kjem aldri til å angre på det, seier Henrikke.

Du kan sjå heile serien Under overflaten i NRK TV.

Hanna og Henrikke får sitt livs nærkontakt med hai, men først må gjengen venne seg til det nye trangbodde livet på havet.

Hanna og Henrikke får sitt livs nærkontakt med hai, men først må gjengen venne seg til det nye trangbodde livet på havet.

Hei!

Har du tankar om artikkelen eller tips til andre saker eg bør sjå på? Eg er alltid interessert i å høyre om kva som interesserer deg.

Eg har tidlegare skrive saker om mellom anna at den kvite jula eigentleg er ein myte, om at verdas lengste undersjøiske tunell leggast i jordskjelvutsett område utan noko risikovurdering og forsøkt å finne ut av kva som er greia med Ivan Storm Juliussen.