Hopp til innhold

Fem fantastiske plassar å fridykke

Fridykking er ikkje so vanskeleg som du kanskje tenkjer. Her får du fem tips til nokre av dei beste stadane å teste sporten.

Etter å ha sett NRK-serien Under overflaten kjenner du kanskje trongen til å teste dykking sjølv?

Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det er ein dyr hobby med krav til mykje utstyr og trening.

Fridykking, derimot, er både enklare og billigare å teste ut.

– Du får sjå ei heilt anna verd med ein gong du dukkar under vatn, seier Hanna Viken.

Ho er ein av dei fire vi vert kjend med i Under overflaten.

Hanna Hunnes Viken

Viken har drive med dykking i fleire år og seier fridykking er noko heilt spesielt.

Foto: Lars Korvald / Under overflaten

Det kan faktisk vere kjekkare også, fortel ho. Ein vil mellom anna ikkje skremme fisk og dyr med boblene ein slepp ut ved vanleg dykking.

– Du kan ta og kjenne på tinga under vatn og kome nærare fiskar og anna dyreliv, seier Viken.

Og alt som trengst er ei maske og svømmeføter. Og kanskje ei våtdrakt, om du ikkje vil bli forkjølt.

– Men det viktigaste er å finne ein fin plass å dykke.

Hanna Hunnes Viken fridykkar

Dykking utan lufttank og mykje tungt utstyr byr på eigne moglegheiter og utfordringar.

Foto: Lars Korvald / Under overflaten

– Det er heilt sikkert flotte forhold ved kysten rett ved der du bur. Ta på deg maska og svømmeføtene og utforsk nærområdet ditt, seier Viken.

Men om du framleis treng litt overtyding om at fridykking er for deg: her er seks tips til fantastiske plassar å ta ein dukkert.

Hitra – eit gratis matfat 🦪

For den matglade fridykkar er Hitra i Trøndelag eit eldorado. Med over 2500 øyer og skjer vil ein aldri rekke å utforske alle, men det er vel verdt å prøve.

Torsk, sei, lyr, kamskjel, kråkebollar, blåskjel – alt kva du treng til ein festmiddag kan du sanke ved å fridykke på Hitra.

Grasøya – tareskog full av liv 🌿

Langs heile kysten finn du tareskogen, og kring Grasøya utanfor Ålesund er den full av liv.

I bergsprekkane veks fargerike korallar der småfisken gøymer seg, og skjult av taren tek gjerne steinkobba seg ein kvil.

Om du fridykkar kan du kome tett innpå alt dette, utan å forstyrre dei som har heimen sin under overflata.

Lygnstøylvatnet – Noregs Atlantis 🏚️

Det er ingenting i vegen for å dykke i ferskvatn heller. So kva med å besøke Noregs Atlantis?

I 1908 gjekk eit skred i Norangsdalen. Det demte opp elva og drukna ei seter, eit lite skogholt og gamlevegen.

Ingen vart skadd då vatnet steig, men stølen måtte bli forlaten. Vatnet er no ein populær stad å dykke både med og utan luft på ryggen.

Vardø – å symje med fuglane 🐧

Nei, det er ikkje ei feil omsetjing av den ikoniske scena i Gudfaren. I Vardø kan ein oppleve å symje med lomvi, ein fugl som stupar ned i vatnet på jakt etter mat.

Lomvi kan faktisk dykke heilt ned til 180 meters djup, men dit er det neppe lurt å følgje som fridykkar.

Fitjar – skjerma og grunt 🌈

I Fitjar finn ein skjerma og grunt vatn i skjergarden. Med eit utal øyer å hoppe mellom, er der ein ny regnboge av fargar og liv rundt kvart eit nes.

For nokre kan det vere best å leite etter slike grunne stadar å teste fridykking, då ein slepp å utlikne for ofte.

Utlikning kan vere vanskeleg

Når ein dykkar aukar trykket jo djupare ein går. Då vert trommehinna pressa på, og ein får det vi vanlegvis kallar dott i øyret.

Ein vil trenge å utlikne trykket for å dykke. Det gjeld både fridykking og dykking med luft.

– Om du ikkje berre skal ligge i overflata og snorkle, må du jo greie å utlikne då du kjem meir enn ein meter ned, seier Viken.

For nokre kan det vere ei utfordring, som for Henrikke Øijord Haugan i episode to av Under overflaten.

– Men ein må nesten berre øve på det, seier Viken.

Du kan sjå korleis det gjekk med Haugan og Viken si fridykking i dei første episodane av Under overflaten i NRK TV.