Hopp til innhold

I fall du er i tvil – den kvite jula er ein myte

I alle fall for mange av oss.

"Kvit" jul i Stavanger

Eller – jula i Stavanger er jo ofte kvit – om enn av skodde heller enn snø.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Eller – jula i Stavanger er jo ofte kvit – om enn av skodde heller enn snø.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Befolkingstettleik i Noreg anno 2021
Dette kartet syner kor folk flest bur.
Døme på eit snøkart
Og dette syner kor det er mest snø.
Mørkeblått = djup snø. Grønt = ingen snø.
Dette kartet syner snødekket på julaftan dei siste ti åra.

🎶 I'm dreaming of a white Christmas
Just like the ones I used to know
Where the tree tops glisten
And children listen
To hear sleigh bells in the snow, oh, the snow 🎶

Michael Bublé og Bing Crosby kan halde fram å drøyme. I alle fall om dei skal feire jula på kysten i Noreg.

Julefilmar og julesongar kan handle om snø på julaftan so mykje dei berre vil – for mange av oss er eit kvitt teppe utanfor på julaftan unntaket heller enn regelen.

– Vi er jo vande med det

– Vi har jo hatt ein del juler utan snø, so det er kanskje ikkje so viktig, seier Oda Førsvoll.

Ho og Idun Helland er på veg over eit torg i Stavanger seint i desember – i åtte plussgrader og duskregn.

– Vi er vel vande med det no, å ikkje ha snø, men det er jo fint med det då. Eg får meir julestemning av det, seier Helland.

For ein julekveld utan snø er noko anna, meiner jentene.

– Det følast kanskje meir som berre ein vanleg dag enn som julaftan, seier Førsvoll.

"Kvit" jul i Stavanger
Men ikkje alle håpar på ei kvit jul.

Jan Larsen seier han er glad til for skodde heller enn snøbyer.

– Eg slepp å måke, det er mindre arbeid og deilig og varmt, seier han.

– Korleis held du oppe julestemninga då?

– Nei, det gjer eg med god mat, godt selskap og litt julemusikk. Hiv på litt juleevangelium og slikt so vert det jul, seier Larsen.

Havet har skulda

– Først og fremst treng det å vere kaldt nok for at det skal snø og ikkje regne, det seier seg sjølv, seier Marte Sofie Buraas.

Ho er klimavakt hjå Meteorologisk institutt.

Marte Sofie Buraas, klimavakt Meteorologisk institutt

Marte Sofie Buraas er klimavakt hjå Meteorologisk institutt.

Foto: Privat

Det er jo ikkje rakettforsking det her, men ein er jo avhengig av at gjennomsnittstemperaturen er under null grader over ein lengre periode. Elles vil snøen forsvinne med det same.

– Vatnet har ei mykje høgre evne til å halde på varme, so på vinteren vil temperaturen i havet varme opp lufta ved kysten, seier Buraas.

I år kan det slå til

Men du hugsar det kartet som synte snødjupna dei siste åra? Vel, slik ser prognosen ut for årets julaftan:

Årets julaftan -- prognose
– Det er ein sjanse for at mange kan få ei kvit jul i år, seier meteorolog Unni Nilssen.

Det mørkaste blå i vestlandsfjella og på Svartisen er over fire meter djup snø. Det heilt lyseblå som dekker store delar av landet er snø under 25 cm djup.

For no i helga skjer det eit spesielt fenomen. Kulde frå Sibir kjem inn over landet og vil senke temperaturen – kanskje i fleire veker.

Og i byrjinga av neste veke er det venta nedbør.

– Det kan kome som regn eller som snø. Vi må berre følgje med, men sjansen er nok der for ei kvit jul, seier Nilssen.

So i år kan det hende vi slepp å drøyme om ei kvit jul som Bublé og Crosby. Kanskje vi faktisk får det.