Hopp til innhold

Kunsten hans splittar kritikarar og folk flest

Kunsten hans har blitt kalla falsk, monoton og pompøs. Likevel strøymer tusenvis til utstillingane og bileta sel for millionar. Kva er greia med Ivan Storm Juliussen?

Ivan Storm Juliussen

Ivan Storm Juliussen er populær blant folk, men slår ikkje alltid bra an hjå kunstkritikarane.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Ivan Storm Juliussen er populær blant folk, men slår ikkje alltid bra an hjå kunstkritikarane.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Ekstremt detaljerte seglskuter held på å forlise i eit kraftig hav. Himmelen er mørk og dramatisk. Kring det store måleriet er ei snirklete, gullmåla og handlaga stor ramme.

Det heile kunne hengt på ein vegg i eit herskapshus i Downton Abbey og ingen ville reagert.

Dette er kunsten til Ivan Storm Juliussen.

Kunst som publikum elskar, men kritikarane er, vel, kritiske til.

Ivan Storm Juliussen og Bente Storm Juliussen.

Ivan Storm Juliussen og ekskona Bente Storm Juliussen malar i same stilen. Skip og seglskuter er favorittmotivet.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Pompøs eller praktfull?

«Bileta krev ikkje noko av sitt publikum, sett vekk frå pengane deira. Bileta er lettlesne, sentimentale og pompøse», skreiv ein kunstmeldar for nokre år sidan.

Likevel er måleria ein publikumsfavoritt.

Nyleg opna Storm Juliussen si siste utstilling i Klepp rådhus.

Det var det han sa sist gong også, men denne gongen meiner han det. Kanskje.

– Eg vert jo snart 77 år, og ein kan ikkje planlegge so veldig langt fram i tid. Så det er stor sjanse for at dette er siste utstilling, men eg veit ikkje, seier kunstnaren.

Så langt har han seld over 60 av dei 70 bileta han hadde på utstillinga. Dette utgjer eit sal på rundt 2 millioner kroner.

Han har i fleire år sett rekordar der han har hatt utstilling, både på besøkande og på raske sal.

Storm Juliussen er altso ein publikumsvinnar.

Ivan Storm Juliussen si utstilling i Klepp rådhus.

Ivan Storm Juliussen si siste utstilling i Klepp rådhus. Her er rekvisittar og ei stemning som hadde sklidd rett inn i eit kostymedrama om europeisk historie.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Vert sett på som gamaldags

– Sett i kunstsamanheng er det gamaldags, retrospektivt og utdatert – alle dei gale tinga eit progressivt kunstliv ikkje er interessert i.

Lars Elton er kunstkritikar og har skrive bok om ein annan kunstnar i same gate som Storm Juliussen – Oddvar Thorsheim.

Lars Elton

Kunstkritikar Lars Elton meiner Storm Juliussen utvilsamt er dyktig, men at kunsten hans vert sett på som utdatert av det moderne kunstlivet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Både Thorsheim og Storm Juliussen driv med musikk og er lett attkjennande figurar i lokalsamfunnet med sine eigne «uniformer». Likevel vert Thorsheim kanskje teken meir inn i varmen av kritikarane enn rogalandskunstnaren.

– Som kunstnar er Storm Juliussen jo veldig spesiell og veldig aparte, seier Elton.

Aparte er eit omgrep i kunsten om noko som stikk seg ut og er uvanleg – både på godt og vondt.

– Det gjer at folk kan bli glade i han. Han står fram som ein tydeleg profil som skil seg ut i den store hopen. Det er ein kvalitet som mange menneske set pris på og gjerne vil vere ein del av, seier kritikaren.

Ivan Storm Juliussen

Storm Juliussen sine nøyaktige måleri av skipsvrak er noko som ikkje har vore på moten i kunsten på ei stund, men publikum set likevel pris på det.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Han er utvilsamt dyktig

Elton meiner at det moderne kunstlivet verdset originale idear meir enn ei dyktig gjennomføring av ein lang og etablert tradisjon – som det å male dramatiske og realistiske bilete.

– Handverk har blitt ein kvalitet som har mista si betydning i kunstlivet. Det er blitt betre dei seinare åra, men den idébaserte kunsten har framleis ein dominerande posisjon, seier han.

Kritikaren trekk mellom anna fram rammene kring Storm Juliussen sine bilete. Dei er handlaga, store og forgylte – ikkje minimalistiske, slik moderne kunst gjerne er.

Og Storm Juliussen er utvilsamt dyktig, meiner han.

– Mange likar bileta fordi dei kan sette dei i samanheng med ting dei har sett før, seier han, og legg til:

– Folk flest verdset jo ein dyktig handverkar, og det er den grunnleggande forskjellen som gjer at mange kunstkritikarar reagerer negativt på dette her.

Ivan Storm Juliussen si utstilling i Klepp rådhus.

Som del av Storm Juliussen si siste utstilling finn ein denne altertavla. Den vil han gje i gåve til ei kyrkje som lovar å faktisk bruke den.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Meiner kritikarane er trongsynte

– Det er noko som heiter tradisjon. Det må vera rom for å behalde det gamle handverket, seier kunstnaren sjølv.

Storm Juliussen meiner at ein ikkje kan avfeia alt som blir kalla gamaldags. Det må vera ein plass for klassisk kunst også, som musikk, handverk, skulpturar og dikt.

Derfor meiner han at kritikarane er trongsynte.

– Eg ville aldri kalla meg ein stor kunstnar. Eg er ein tradisjonsberar som prøver å bevare det gamle handverket og den klassiske kunsten på best måte.

Ivan Storm Juliussen

– Eg malar bilde som skal ta tak i hjartet før det tar tak i auget, seier kunstnaren.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Juliussen meiner at både menneske og kunsten er forskjellige – og derfor må bli behandla slik.

– Dei seier at kunsten min ikkje er nyskaping, men eg har jo malt eit nytt bilde, så det er jo ein nyskaping.

Trass i kritikarane sine meiningar, elskar folket kunsten hans. Det trur han er fordi dei ser kva det er.

– Eg vil at folk skal kunne forstå kva kunsten handlar om. At dei har forstått hendinga, synet og følelsen.