Hopp til innhold

Verdas lengste undersjøiske tunell skal ligge i jordskjelvutsett område – utan risikovurdering

Under 200 meter vatn og 50 meter fjell skal verdas lengste undersjøiske tunell byggast – midt i Skandinavias mest aktive jordskjelvområde. Risikoen har ingen vurdert.

Vestkysten av Noreg, frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord, er spesielt utsett for jordskjelv.
Særleg utsett er eit område mellom Stavanger og Bergen.
Og her skal verdas lengste og djupaste undersjøiske tunell gå.
Utan at det er gjort noko risikovurdering av eit eventuelt jordskjelv.
Og jordskjelva er ikkje sjeldne.
Eit mellomstort skjelv 100 kilometer unna Preikestolen i Rogaland vart kjend av turistane oppe på fjellet i august 2000.

Det syner eit globalt seismisk farekart utvikla av Global Earthquake Model.

Trass i at området mellom Stavanger og Bergen er det mest utsette i Noreg, er det relativt – risikoen for at noko forferdeleg skal skje er liten.

Men, sett vekk frå Island – som ligg midt mellom to tektoniske plater og stadig har både jordskjelv og vulkanutbrot – er dette området det mest utsette i heile Norden.

Og her skal verdas lengste undersjøiske tunell byggast – utan nokon rapport eller vurderingar av konsekvensane av eit eventuelt jordskjelv.

Seismologar seier nokon definitivt burde tenkt på det før prosjektet vart sett i gang.

Kan få store konsekvensar

Jordskjelv er vanlege i Noreg. Faktisk har vi den høgste jordskjelvaktiviteten i Europa nord for Alpane. Men dei aller fleste skjelva er so små at vi menneske so vidt kjenner dei.

Denne animasjonen syner registrerte jordskjelv dei siste 20 åra:

Eit par gongar i nyare tid har det likevel vore skjelv som har, bokstaveleg talt, skaka folk.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har vurdert sannsynet for og konsekvensane av eit relativt stort jordskjelv utanfor ein stor by på Vestlandet.

Konsekvensane av ei slik hending vert rekna til å vere svært store, med fleire hundre dødsfall og store økonomiske konsekvensar.

Samstundes er det svært usannsynleg – det er om lag 10 prosent risiko for at det skjer ein eller annan stad i landet i løpet av dei neste 100 åra.

Det DSB sin rapport peikar på som moglege tiltak for å motverke store konsekvensar er å sikre bygningar og infrastruktur – som Rogfast-tunellen.

I tillegg til det står det at ein bør «bruke eit jordskjelvscenario til å vurdere konsekvensane på kritisk infrastruktur og bygningar».

Analyseresultata peikar på at det først og fremst er evna bygningar og infrastrukturar har til å tole ristingar som påverkar konsekvensomfanget

Direktoratet for samfunnstrykkleik og beredskap / DSB AKS 2019

– Burde definitivt tenkt tanken

Volker Oye er avdelingsleiar for seismologi i Norsar, ei stifting av forskarar som er spesialistar på seismologi – læra om jordskjelv.

Han meiner at alle større infrastrukturprosjekt, i alle fall ein undersjøisk tunell på Vestlandet, burde gjere ei jordskjelvvurdering.

Særleg i Rogaland, eit område som vi veit er spesielt utsett.

– Det er høgare risiko at eit jordskjelv av større magnitude (størrelse, journ.anm.) kan skje. Då burde ein ha gjort ein risikoanalyse, seier Oye.

Volker Oye

Volker Oye i Norsar.

Foto: Norsar

Ein slik analyse kan bidra til at ein er viss på at traseen til tunellen er god, om ein må styrke konstruksjonen og for eventuelle hendingar i vidare drift av tunellen.

– Men Noreg er jo ikkje kjend for å ha store jordskjelv, er det verkeleg verd å bruke tid og pengar på ei slik undersøking?

– Ja, det er det nok.

Oye meiner at vestkysten av Noreg og Oslofjorden er område som er so utsette at ein ikkje kan legge problemstillinga til side.

Rogfast

Slik skal krysset under Kvitsøy sjå ut. Her møtast Kvitsøy- og Boknafjordtunnelen.

Foto: Statens vegvesen

– Det er sjeldan skjelv, men det har vore store skjelv. Det er potensial for magnitude seks-sju-skjelv som er store og øydeleggande, seier seismologen.

Det var eit jordskjelv av størrelse sju som råka Tyrkia i fjor haust der 44 menneskje mista livet.

No skal vi i Noreg ha høgare standard på bygningar og infrastruktur, so talet på omkomne ville nok ikkje vore like høge her heime. Og slike store skjelv er som sagt sjeldne.

– Dei skjer kanskje berre ein gong på 5000 år, men likevel er det eit sannsyn for at det kan skje, seier Oye.

Men kva ordet «sjeldan» betyr når ein snakkar om rørsler i jordplatene, det er ikkje godt å sei for oss lekfolk. Administrerande direktør i Norsar, Anne Strømmen Lycke, svarar:

– Det betyr mellom i overmorgon og om ein million år, ikkje sant. Vi kan sei mykje om kvar jordskjelv truleg vil oppstå og maks størrelse på dei, men når dei kjem kan vi ikkje sei, forklarar ho.

Har diskutert før

Norsar og Statens vegvesen har vore ueinige om tunellar og risikovurderingar før.

I 2018 meinte jordskjelvekspertane at Vegvesenet ikkje hadde gjort gode nok vurderingar då Oslofjordtunnelen vart bygga.

Kritikken deira var at opninga av tunellen ligg i ei forkastingssone – eit område der ulike bergartar møtast – og at Vegvesenet ikkje hadde gjort seismologiske undersøkingar.

For det er i nett slike forkastingssoner jordskjelv typisk skjer, meinte ekspertane.

Oslofjordtunnelen

Oslofjordtunnelen var tema for diskusjon mellom Vegvesenet og seismologane for nokre år sidan.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Vi veit jo frå alle andre stadar i verda at der det har vore jordskjelv før, der vil det kome igjen, sa Lycke til NRK den gongen.

Vegvesenet svarte at dei hadde gjort geologiske undersøkingar og gjort «spesielle tiltak» i ei støypesone i tunellen for å bu den for jordskjelv.

– Om det er nok får Norsar ha si meining om, men vi meiner det er gjort tilstrekkelege undersøkingar før dette løpet vart bygga, sa då avdelingsdirektør i Akershus Nils Karbø til NRK.

Har ikkje gjort undersøkingar

– Vi har ikkje ein eigen rapport som handlar direkte om konsekvensen av moglege jordskjelv og kva det vil bety for Rogfast. Det har vi ikkje.

Oddvar Kaarmo er prosjektleiar for E39 Rogfast. Han meiner at jordskjelv ikkje normalt er ei stor problemstilling i Noreg.

Oddvar Kaarmo

Oddvar Kaarmo i Statens vegvesen seier ei sjølvstendig vurdering som vert fletta inn i planen tidlegare kanskje burde vore gjort, men at ingeniørgeologane har forsikra han om at tunellen vert sikra nok til å handtere mindre skjelv – utan nokon eiga vurdering av nett det scenarioet.

Foto: Statens vegvesen

– Seismologane meiner jo at det burde vore gjort ei undersøking, trass at jordskjelv er sjeldne?

– Eg tenker det alltid er nyttig å få ulike faglege auge inn på ulike problemstillingar. Det at det kjem på dagsorden no er betre enn at det kanskje hadde kome like etter at tunellen sto ferdig, seier Kaarmo.

Han seier at det er relevante utfordringar som styrer kvar dei legg vekt på utgreiingar og rapportar. Her har altso ikkje jordskjelv nådd opp på agendaen.

Bygging av Rogfast på Kvitsøy medio oktober 2021.

Første del av Rogfast er undervegs. Her på Kvitsøy bygger dei det første tunelløpet ned til dei store tunellane som kjem seinare.

Foto: Oddvar Kaarmo

– Det er jo eit stort prosjekt dette her, verdas lengste undersjøiske tunell, burde ein gjort slike vurderingar?

– Tja, etterpåklokskap er jo kanskje den viktigaste delen av det å lære. Eg trur ikkje det har noko stor praktisk betydning for Rogfast, men det er gunstig å vere heilt sikker og ikkje nesten heilt sikker, seier Kaarmo.

(Presisering: Etter at NRK publiserte denne saka, bestemte prosjektleiinga at dei likevel vil ha ein slik rapport. Les meir om det her).

Og å få eit godt bilete av risikoen bør ikkje vere store jobben, meiner Oye.

– Det er ikkje snakk om store undersøkingar. Det er berre ein skrivebordsaktivitet – at ein har gjort det ein burde ha gjort.

– Mest sannsynleg finn dei at det går greitt, men vi vil ha det dokumentert, seier seismologen.

Hei!

Har du tankar om artikkelen eller tips til andre saker eg bør sjå på? Eg er alltid interessert i å høyre om kva som interesserer deg.

Eg har tidlegare skrive saker om mellom anna kommunen som brukte 17 millionar over budsjett utan å informere dei folkevaldejakta på den forsvunne nobelprisen Hamsun gav til nazistane, og om bommen der éi av to kroner går til renter og kontorarbeid.