Hopp til innhold

Kva kan du om livet under overflata?

Under brua eller ferja du tek til jobb er ei heil verd av fargar og liv. Men kva kan du om det som lever i det kalde vatnet her nord?

Livet under vassoverflata er full av overraskelsar. Kanskje er det meir action der nede enn du trur?

1/11 Kva anna namn har breiflabben? 🐟

Breiflabb

Breiflabben vinn neppe nokon skjønnheitskonkurranse, men godt smakar han!

Foto: Lars Korvald

Kjært barn har mange namn, vert det sagt, men også den tidlegare ufisken breiflabben har fleire titlar. Kva anna er han kjend som?

2/11 Kva haiart er mest vanleg i norske farvatn? 🦈

Dykking med hai

Fleire haiar kan du få nærkontakt med berre nokre meter under overflata.

Foto: Under overflaten / NRK

I norske fjordar og hav lev det minst ni(!) ulike haiartar, og vi får av og til besøk av fleire. Men kva hai er mest vanleg å støte på i Noreg?

3/11 Kor gamle vert kamskjela? 🦪

Henrikke Øijord Haugan med kamskjel

Store kamskjel finn ein langs nesten heile kysten og ein kan sanke dei gjennom heile året.

Foto: LARS KORVALD

Store kamskjel (Pecten maximus) finn ein langs kysten frå Oslofjorden til Vesterålen. Dei kan bli opp over 20 cm i diameter, men kor gamle kan dei bli?

4/11 Kven har lengre kystlinje enn Noreg? 🏖️

Helgelandskysten

Helgelandskysten med sine utal øyer gjer nok sitt for å gje Noreg ei lang kystlinje.

Foto: Lars Korvald

Kystlinja til Noreg er lang, veldig lang. I alle fall når ein tek med alle øyene, slik me gjer i dette spørsmålet. Me spør: Kva land har lengre kystlinje enn Noreg?

5/11 Kan selen sove under vatn? 🦦

Steinkobbe utanfor Ålesund

Selen er ein meister til å svømme med raske og krasse rørsler, men er den noko god på å slappe av under vatn?

Foto: Lars Korvald

I episode tre av Under overflaten trur Ole André at han vekkar ei sovande steinkobbe. Men kan den verkeleg sove under vatn?

6/11 Kor mykje mikroplast frå Noreg hamnar i havet? 🍬

Henrikke Øijord Haugan med plastfunn i havet

Henrikke og dei andre om bord på Saga fann mykje plast langs norskekysten.

Foto: Lars Korvald

Vi må jo sjølvsagt ha i alle fall eitt miljøspørsmål. For plast har mykje å seie for alt som lev under overflata. Kor mykje mikroplast frå norske kjelder på land hamnar i havet kvar år?

7/11 Kva er spekkhoggaren sin livrett? 🐬

Spekkhoggerflokk

Spekkhoggaren vert kalla «killer whale» på engelsk trass i at den faktisk er ein delfin. Men kva er den glad i å drepe?

Foto: Espen Bergersen / Bergersen Naturgalleri

Ein spekkhoggar kan ete fleire hundre kilo mat kvar dag. Når dei får velje – kva er dei mest svoltne på?

8/11 Kva har skjedd her? 💧

Lygnøystølen

Dette bilde er frå Lygnstøylen i Møre og Romsdal, som sidan 1908 har ligge under vatn. Kvifor hamna stølen under vatnet?

9/11 Kva et kråkebollen? 🐚

Kråkebollar

Kråkebollane er ei pest og ei plage for tareskogen, men eit ynda mål for dei som dykkar etter gratis sjømat.

Foto: Lars Korvald

Alle veit kråkebollen er ei delikatesse, men kva et kråkebollen sjølv?

10/11 Kva anna namn har stortare? 🌿

Lars Korvald dykkar i stortare

Mykje av dykkinga i Under overflaten skjer i eller nær tareskogen, der mykje av livet er.

Foto: Lars Korvald

Stortare dannar ofte det vi kallar tareskogen, og nett som breiflabben har den mange namn. Kva anna er den kjend som?

11/11 Kvar finn vi verdas tyngste sjøvatn? 🏋🏿‍♀️

bølger

Vatn er berre vatn – sant?

Foto: piola666 / Getty Images/iStockphoto

Om du hugsar NRK-serien «Kampen om tungtvatnet» har du kanskje svaret klart allereie, men kva om eg seier tungtvatn ikkje er eit alternativ?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.

Hanna og Henrikke får sitt livs nærkontakt med hai, men først må gjengen venne seg til det nye trangbodde livet på havet.

Under overflaten episode 1: Hanna og Henrikke får sitt livs nærkontakt med hai, men først må gjengen venne seg til det nye trangbodde livet på havet.