Hopp til innhold

Slik slapp han unna: – Heilt tragisk at dei ikkje skjønte at han var farleg

Johny Vassbakk er dømd for drapet på Birgitte Tengs nesten 28 år etter at det blei gjort. Dommen vil bli anka, men kvifor tok det så lang tid før han blei tatt?

Johny Vassbakk og Grete Strømme

Grete Strømme meiner politiet ikkje tok varslingane hennar om Johny Vassbakk på alvor.

Foto: Privat

«Han står fram med dei nødvendige personlege eigenskapane til å stå bak eit slikt grotesk drap», las dommar Arne Vikse opp frå dommen måndag.

Han las opp at Vassbakk nærast gjekk inn i ein transe og viste lite teikn til anger.

– Det er heilt tragisk at ingen forstod at Johny Vassbakk var farleg. Eg snakka for døve øyre, seier privatetterforskar Grete Strømme til NRK kort tid etter at dommen har falle.

Vi kjem tilbake til rolla hennar i saka. Ho har i fleire år kritisert politiet for å ikkje ta varslingane hennar om Vassbakk på alvor.

NRK understrekar her at dommen mot Vassbakk ikkje er rettskraftig. Det er varsla anke frå forsvararane hans.

– Han er svært skuffa over dommen, sa forsvarer Stian Kristensen etter at dommen kom.

NRK vil også gjere merksam på at fleire av forholda som blir omtalte under, har Vassbakk beklaga og uttrykt anger for i retten.

– Eg tenkjer at Grete Strømme får meine kva ho vil. Det er ikkje overraskande. Vi brukte ordet feiging då vi beskreiv Vassbakk sine tilnærmingar overfor kvinner på denne tida. Eg synest det er skummelt å dra samanlikningar om at han kan ha gjort dette fordi han har gjort noko anna gale, men me ser at retten har vurdert dette på ein annan måte, seier Kristensen.

Vassbakk har halde fast på at han verken har hatt noko med drapet eller Birgitte Tengs å gjere.

– Vi kan vera samde i at etterforskinga burde vore betre på eit tidlegare tidspunkt, hadde det blitt gjort skikkelege avhøyr av Vassbakk kunne han ha forklart meir tidsnært kva han gjorde i mai 1995. Det hadde vore betre for hans rettstryggleik også, seier Kristensen.

Han er altså dømd for eit drap nesten 28 år seinare. Han blei ikkje tiltalt før i 2022.

Politiinspektør Lars Ole Berge og politiinspektør Unni Byberg Malmin møter pressen på politihuset i Stavanger

I september 2021 fortalde politiet til offentlegheita at Johny Vassbakk var sikta for drapet på Birgitte Tengs.

Foto: Carina Johansen / NTB

Kvifor tok det så lang tid?

Allereie 10. mai 1995 fekk politiet første tips om Vassbakk. Jorunn Øpsen, den tidlegare psykologen hans, var den som tipsa politiet. Fire dagar etter drapet.

– Det eg hugsar best er blikket hans då han prøvde å kvele meg, sa Øpsen i Haugaland og Sunnhordland tingrett no i desember.

Der fortalde ho om korleis ho blei oppsøkt heime av mannen i 1991. Han skal ha vore seksuelt opphissa og iført kvinneklede. Det enda neste fatalt.

– Eg tenkte at dette er ein mann som er i stand til å gjere mykje i affekt, sa psykologen i retten.

Jorunn Øpsen

Jorunn Øpsen tipsa politiet tidleg om Johny Vassbakk.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Fleire tips

I mai 1995 fekk politiet også tips frå lensmannen frå Skudeneshavn i Karmøy, Hallstein Trælhaug.

Han hadde sagt at Vassbakk hadde angripe kvinner fleire gonger i seksuelt opphissa tilstand.

I 1996 fekk politiet igjen tips om Vassbakk. Det eine var frå politiet. Ei utuktshending hadde ført til ei vill biljakt der Edgar Mannes nesten hadde blitt påkøyrd av Vassbakk.

Det andre tipset var frå Grete Strømme, politisekretæren som etter kvart blei privatetterforskar og medhjelpar for fetteren til Birgitte Tengs.

Hennar 22 sider lange rapport om Vassbakk har blitt framheva av mellom anna dokumentarjournalist Bjørn Olav Jahr.

Alle tipsarane var inne på Vassbakks modus og/eller manglande alibi.

I saka under kan du lesa om Vassbakk sin straffehistorikk.

Les også Tengs-saken: Slik vil statsadvokaten få 52-åringen dømt

Tiltalte i Birgitte Tengs-saken

Og i slutten av 1996, då politiet peika ut 13 aktuelle kandidatar som kunne vere aktuelle som drapsmenn, stod Vassbakk sitt namn på lista.

Det var etter at det såkalla «hårbeviset» hadde vist seg å vere ein blindveg.

No var det «bilsporet» som gjaldt.

Kripos-etterforsker Ståle Finsal og advokat Arvid Sjødin i rettssaken mot fetteren til Birgitte Tengs.

Ståle Finsal og Arvid Sjødin på 90-talet. I slutten av 1996 snudde Finsal og politiet bunken for sjå på saka med nye auge. Først var det bilsporet som gjaldt. Så dreidde etterforskinga seg mot fetteren.

Foto: Alf Ove Hansen / NTB

Bil-sporet

«Birgitte har vore i bil til åstaden. Det har oppstått ein seksuell fundert situasjon i bilen. Dette blir grunngitt med skade av nyare dato i livmorhals og hymen. Gjerningsmannen må forvisse seg om at Birgitte ikkje kan kjenne igjen han. Slagvåpen er brukt.»

Teksten er henta frå ein av evalueringsrapportane frå politiet frå 7. november 1995.

Det var på bakgrunn av desse observasjonane frå rundt midnatt 6. mai 1995.

Birgitte Tengs hadde om kvelden 5. mai 1995 vore på eit arrangement på bedehuset Karmel på Avaldsnes. Ho hadde komme litt før klokka 21. Arrangementet hadde blitt ferdig omtrent klokka 23. Ho hadde sete på med tre kvinner i ei Volkswagen-boble mellom 23.40 og 23.50 og komme til Kopervik ved midnatt.

Ho hadde snakka med nokre venner i Kopervik sentrum. Så er det uvisse rundt kva som skjedde vidare.

Drapet skal ha skjedd omtrent klokka 00.30. Om lag fire kilometer frå der dei siste sikre observasjonane av henne var gjorde.

Politiet meiner at det ville tatt for lang tid for henne å gå heile vegen til åstaden. Derfor var følgjande observasjonar svært interessante:

Fleire av observasjonane er kopla til ei utrykking med blålys ved Torfæus pub. Meldinga om utrykkinga kom klokka 00.04 den 6. mai 1995. Patruljebilen til lensmannskontoret passerte Kopervik sentrum 00.07-00.08.

Dette var dei siste observasjonane av Birgitte Tengs.

Observasjonane

Mann i 20-åra: Han køyrde ned Statsråd Vinjes gate i ein grå eldre Honda. Hadde to passasjerar med seg i bilen. Som følgje av utrykkinga måtte han vike til side for å sleppe utrykkinga fram. Dei hadde stansa ved Torfæus pub som ligg i enden av nemnde gate.

Der observerte alle tre ei jente som samsvarer med Birgitte Tengs sitt signalement. Ho gjekk inn i eller stod ved sida av ein bil. Jenta hadde langt skjørt og ei jakke av tøy.

Passasjer 1, mann: Bilen var lys. Han meiner han var grå eller beige, men er usikker.

Passasjer 2, mann: Meiner det var ein litt liten bil, som var lys av farge. Han trudde det var ein japansk bil, men var veldig usikker på dette. Det stod ei jente ved bilen som var i ferd med å bøye seg inn i bilen.

Andre observasjonar i Kopervik:

Kvinne 1: Så ein grøn bil. Ho trudde det var bilen til ein person ho kjende (ikkje Vassbakk, journ.mrk.). Han som ho kjende hadde ein grøn Mazda 929. Ho meinte denne likna.

Bilen hadde skrått bakvindauge. Det var ei jente med lyst langt hår som hadde stått ved sida av bilen. Ho fekk ikkje sett den som køyrde bilen fordi vedkommande kan ha vore på veg til å bøye seg over til passasjersida.

Kvinne 2: Det var ein gammal bil. Gul, beige eller brun. Ho meinte bilen hadde bagasjerom med luke. Ho meinte bilen var tom for folk og lysa var av. Det var ikkje striper av noko slag på bilen, og han verka lang og smal.

Observasjon av bil i Øygardsvegen av to studentar som var ute og gjekk tur.

Student 1, kvinne: Like før dei nærma seg slutten på vegen passerte ein bil dei. Den køyrer mot krysset Sundvegen/Gamle Sundvegen. Bilen tok av mot Gamle Sundvegen.

Bilen køyrde i ein høg fart. Altfor høg, ifølgje kvinna.

Ho trudde ikkje føraren av bilen såg dei då han passerte dei. Ho såg ikkje om det sat nokon i passasjersetet. Ho sa ikkje noko om bilen, bortsett frå at det var ein vanleg personbil. Den hadde bagasjelokk og var mørkare i fargen enn kvit.

Observasjonen blei gjord cirka 00.15.

Student 2, mann: Han høyrde at det kom ein bil bakfrå og drog student 1 mot grøfta og bort frå vegen. Bilen hadde høg fart.

Bilen likna på ein Ford Taunus eller Opel Kadett på karosseriet.

Hugsa ikkje fargen, men sa det var to personar inne i bilen. Langhåra mann, og mogleg kvinne med langt hår i passasjersetet framfor. Stadfesta same tidspunkt.

Kva bil hadde mannen som 26 år seinare vart sikta?

Frå 1996 og utover er det fleire som melde at han køyrde ein grøn Opel. Ifølgje Vegvesenet eigde Vassbakk ein Opel Ascona 1982 modell frå 1996 og nokre år utover. I 1995 var same bil registrert på far hans.

Ascona

Det var ein Opel Ascona 1982-modell den sikta mannen køyrde på 90-talet. Biletet er berre ein illustrasjon NRK har laga basert på biltype og vitneobservasjonane. Dette er vår tolking, og det er ikkje sikkert at det var nøyaktig ein slik bil vitnane så.

Foto: Illustrasjon/Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK

Denne bilen finst det ingen bilete av i dag som retten har hatt tilgang til. Men desse observasjonane har vore sentrale i saka mot Vassbakk dei siste åra.

Men viss han køyrde ein bil som likna ein bil som blei sett på eit så sentralt tidspunkt i hendingsgangen her, korleis kunne Vassbakk unngå søkjelyset?

Svaret kan vere nokre venninner han hadde.

Fleire av desse har vitna i retten.

Venninnene

NRK har fleire gonger fortalt om Vassbakk sin forklaring rundt tidsperioden før drapet. På denne tida pleidde han å køyre rundt på nokre 16–17 år gamle jenter.

Han køyrde dei til fest, og anna.

Ingen av kvinnene som kjende Vassbakk og som hadde vore i Kopervik 5. og 6. mai 1995, hadde sett han.

Det hadde heller ikkje over 100 namngitte personar frå Skudeneshavn som hadde vore i Kopervik, ifølgje etterforskingsleiaren til politiet, Ståle Finsal.

Det har i ettertid vist seg at dei ikkje vart spurde spesifikt om Vassbakk, men ein gjekk ut frå at dei ville fortalt om han sidan han var «kjend» som følgje av dei tidlegare utukts- og valdssakene.

Dermed var Vassbakk «sjekka ut» av saka.

Dette heldt Finsal fast på seinare, då han sa at alle andre enn fetteren var sjekka ut av saka.

Privatetterforskar og tidlegare politisekretær Grete Strømme meiner dette viser at politiet ikkje tok tipsa om Vassbakk på alvor.

– Eg møtte ein mur hos politiet. Han var ikkje sett på som ein moduskandidat, han var ikkje registrert og dokumentført i saksdokumenta. Han blei berre sett på som ein stakkarsleg fyr som det var synd på, seier ho etter dommen.

– Av politiet. Av påtalemakta. Og av domstolane.

I staden var det altså fetteren som hamna i søkjelyset tidleg i 1997.

Heile historia der skal vi ikkje ta no, men etter at han vart strafferettsleg frikjend, la politiet drapssaka vekk.

Advokatane til fetteren, Arvid Sjødin og Sigurd Klomsæt, heldt likevel fram med å presse på for ei løysing.

Privatetterforskar Harald Olsen hadde på oppdrag frå advokatane gått gjennom moglege gjerningsmenn og laga ei oversikt.

Harald Olsen

Privatetterforskar Harald Olsen peika på Vassbakk som ein av fleire moglege kandidatar.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

I rapporten hans blei Vassbakk utheva som ein av dei viktigaste moduskandidatane. Han framheva også at Vassbakk ikkje hadde alibi.

Strømme var sentral i arbeidet til advokatane i åra som følgde.

Kor var Vassbakk?

Vassbakks historie om drapskvelden har heile tida vore at han var ute på bowling eller kino i Haugesund åleine. Så seier han at han åt hamburgar og var heime i løpet av natta.

Men det har altså ikkje vore nokon vitne som har stadfesta Vassbakk sin historie om drapskvelden.

Dermed har det blitt rekna som at han ikkje har alibi frå påtalemakta.

I byrjinga av 2000-talet fekk Thor Buberg ved Haugesund politistasjon jobben med å sjekke om det var moment i saka som gjorde at ho burde opnast opp.

Han var samd med privatetterforskar Olsen om at fleire personar, blant dei Vassbakk, ikkje var sjekka ut av saka.

Han skreiv i rapporten sin:

«Etter å ha gått gjennom saka er det i etterpåklokskapens lys openbert at fleire omstende burde vore nærare undersøkt i saka».

Den nye etterforskinga vart leidd av Buberg. Dei sende klede, hår og fleire prøver til Rettsmedisinsk institutt i Innsbruck i Austerrike. Mellom anna frå Vassbakk.

Ingen gjerningsperson vart peika ut som følgje av desse analysane.

Blant dei låg likevel ikkje prøva som seinare kom til å gi svar. Den låg i frysaren i over 20 år.

Grete Strømme meiner det fanst metodar som kunne ha gitt svar for fleire år sidan.

– I åra frå 2005 til 2016 gjekk gjennom alt etterforskingsmateriale i saka. Eg skreiv krav og rapportar, også rettslege. Eg fekk rettsforhandling i Gulating lagmannsrett i 2007. Og alt vi la fram for politiet i møter, for Buberg og Hans Barane, seier ho.

Kva dei tenkjer om saka kan du lesa lenger nede:

Påtalemyndigheten mener at et Y-kromosom i en blodflekk på Birgitte Tengs’ strømpebukse knytter 52-åringen til drapet.

Birgittes Tengs si strømpebuksa ser ut til å ha gitt svaret på drapsgåta. Siste ord likevel ikkje sagt.

Foto: Politiet

DNA-treffet

Vassbakk vart avhøyrt om Birgitte Tengs-saka i desember 1995 og i 1996. Det blei tatt ei såkalla referanseprøve av mannen blant fleire.

Så var han i avhøyr for Tina Jørgensen-saka i 2001 og 2013. Han blei i 2021 mistenkt og seinare sikta også for denne drapssaka, men denne har politiet innstilt på å leggje vekk.

Drapsgåta med Birgitte Tengs blei den første saka politiet si Cold Case-eining gjekk gjennom, og i 2016 blei saka opna opp.

Før dette fanst det ingen tekniske bevis eller observasjonar av Vassbakk.

Men ekstraktet, som hadde lege i frysaren i år etter år, blei først no sendt til OUS og seinare til GMI i Austerrike. I 2019 melde dei om treff.

Det var Vassbakk sin Y-profil som var funnen.

Walther Parson

DNA-ekspert Walther Parson var i Haugaland og Sunnhordland tingrett for å forklare om DNA-treffet hans institutt fekk.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Politiet starta ei skjult etterforsking som gjekk føre seg fram til Vassbakk blei arrestert i september 2021.

No har denne etterforskinga ført til ein dom på 17 års fengsel.

Spesielt DNA-treffet har ein sentral posisjon i dommen. Dommaren Arne Vikse las opp:

«Retten meiner funna ikkje er prega av svakheit eller uvisse. Analyseresultatet må leggjast til grunn for saka.»

Grete Strømme meiner dommen kjem fleire år seinare enn nødvendig.

– Ragne Farmen (hos det private laboratoriet Gena fram til 2015, journ.mrk.), kunne allereie i 2006/2007 fått resultat med dei sensitive DNA-metodane som ein hadde tatt i bruk mellom anna i England, seier ho.

Også Ragne Farmen har fortalt til NRK at teknologien som gav treff har vore brukt i fleire år.

– I ein politirapport kjem det fram at i 2013 var DNA-ekstraktane som fanst i saka, eit tema, men pengane kom ikkje på plass. Det må granskast kva politiet ikkje gjorde.

Tengs-saken i Haugaland og Sunnhordland tingrett.

Privatetterforskar Grete Strømme meiner politiet bør granskast.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Strømme viser til at Kripos sende brev til politidistrikta om at nye DNA-metodar var i bruk hos Folkehelseinstituttet i 2013. Ved GMI (rettsmedisinsk i Austerrike) hadde desse metodane vore i bruk sidan 2012.

Også dei tidlegare forsvararane til fetteren har komme med kraftige utsegner etter dommen kom.

– Politiet heldt Vassbakk skjult for oss. Vi fekk ikkje vite om Grete Strømme sitt varsel til politiet. Den heile sanninga må fram. Det var ein gedigen tabbe av politiet og Kripos å gå etter fetteren, seier Arvid Sjødin.

Sigurd Klomsæt og Arvid Sjødin

Sigurd Klomsæt (nærast) og Arvid Sjødin forsvarte fetteren til Birgitte Tengs.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Øvst på lista vår med sju personar som var meir aktuelle som drapsmenn enn fetteren, var Vassbakk. Han burde openbert vore ein kandidat i 1998, seier Sigurd Klomsæt.

– Vi hadde lite ressursar

NRK har i løpet av måndagen og tysdagen vore i kontakt med fleire av politifolka som var involverte i saka. Dei ville ikkje kommentere dommen.

Thor Buberg og Hans Barane som dreiv den «nye» etterforskinga tidleg på 00-talet, tar Strømme sine utsegn til etterretning.

Buberg bekreftar likevel at dei hadde lite ressursar.

– Vi fekk tilført lite ressursar. Men eg er glad for oppklaring nå. Eg trur rett mann er tatt.

Buberg og Barane meiner dei ville sjekke fleire DNA-ekstrakt enn det dei gjorde, og sistnemnde fortel at dei var i kontakt med FHI om nye analysar. Men dei hadde fått beskjed om at det ikkje var hensiktsmessig.

– Vi hadde ikkje mandat til ei full etterforsking. Det hemma oss, seier Barane.

– De sende fleire prøver til nye analysar. Men ikkje den som no har ført til ein dom. Kva tenkjer du om der?

– Eg har mine tankar om det, men det må du spørje FHI og Bente Mevåg om.

Thor Buberg

Thor Buberg leia etterforskinga i Birgitte Tengs saka på 00-talet.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Les også Dei etterforska drapet på Birgitte Tengs på 90-talet: – Håpar på ein tydeleg dom

Karl-Henrik Sjursen, Gro Rossehaug og Ståle Finsal på pressekonferanse.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) blei spurd av NRK måndag kva ho tenkte om dommen og kritikken som har komme. Ho svarte at dommen ikkje er rettskraftig, og at det derfor blei feil av henne som statsråd å kommentere på noverande tidspunkt.

– Men dette har vore ei vond sak over mange år. Eg håpar det kjem svar, seier Mehl.

Konstituert statsadvokat og aktor i saka, Thale Thomseth, sa at det ikkje vil vere unaturleg med anke og så etterfølgjande omkamp i lagmannsretten etter dommen måndag.

– Vi ser at retten deler dei vurderingane vi har gjort, og det er vi fornøgd med. Det er ikkje unaturleg at den tiltalte ankar dommen. Han nektar for å ha gjort seg skuldig i drapet.