Hopp til innhold

Frå odelsjente til skandaleminister

Sylvi Listhaug takka nei til livet som bonde på Sunnmøre. I staden blei ho ein kontroversiell og fritalande politikar som sette fyr på kommentarfelta.

Sylvi Listhaug i fjøset

Sylvi Listhaug (Frp) vaks opp på gard på Sunnmøre. Men det var aldri aktuelt for henne å overta ansvaret for mjølkekyrne. I staden utdanna ho seg til adjunkt, før politikken tok henne.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Då Sylvi Listhaug (Frp) blei landbruks- og matminister i 2013, var det ei odelsjente som tok over statsrådsstolen. Men det var aldri aktuelt for henne å ta over familiegarden i Ørskog på Sunnmøre. Ho valde i staden å ta lærarutdanning ved Høgskulen i Volda, men lærarkarrieren blei kortvarig.

Ho starta politikarkarrieren i FpU, der ho sat i sentralstyret i perioden 2002–2006. Sidan 2005 har ho sete i sentralstyret til Frp. Ho har vore heiltidspolitikar sidan 2001, med eit avbrot i 2012–2013 då ho var seniorrådgjevar i kommunikasjons- og rådgivningsselskapet First House.

Sylvi Listhaug sier at innlegget har gjort norsk politikk til en barnehage

Byråd i Oslo

Etter at ho hadde vore politisk rådgjevar for Frp på Stortinget og byrådssekretær for velferd og sosiale tenester i Oslo, blei Listhaug byråd i 2006. Først for velferd og sosiale tenester, seinare for helse og eldreomsorg.

Listhaug ønskte å gjere Oslo til utstillingsvindauge for fritt brukarval i eldreomsorga, og innførte fritt brukarval på fleire område. Men i 2009 blei søkelyset sett på Listhaug då det blei kjent at Oslo kommune hadde brukt over 30 millionar kroner på ein planlagd sjukeheim i Spania, utan at det blei bygd noko.

Altea

Oslo kommune skulle bygge sjukeheim i Spania, men etter ti år og over 30 millionar kroner, var framleis ikkje første spadetaket teke. Som ansvarleg byråd fekk Sylvi Listhaug kritikk for handteringa av saka.

Foto: Omsorgsbygg

I 2010 fremma Arbeidarpartiet, Raudt og SV mistillit mot henne fordi dei meinte ho hadde handtert saka dårleg.

Året etter gav ho seg som byråd i Oslo.

Frå landbruk til integrering

Ho blei møtt med skepsis frå store delar av landbruksmiljøet då ho blei landbruksminister i 2013.

Grunnen var karakteristikkar av norsk landbruk før ho blei statsråd, der ho blant anna kalla landbruket for «kommunisme på norsk».

Det blei også sett på som problematisk at Listhaug blei henta frå PR-bransjen inn i politikken igjen. Det blei stilt spørsmål ved kva bindingar ho hadde. Men Listhaug og First House ville ikkje offentleggjere kva kundar ho hadde hatt i selskapet. I 2014 måtte dei likevel legge fram delar av kundelista.

Listhaug hadde ansvaret for landbrukspolitikken i to år, før ho gjekk til den nyoppretta statsrådsposten som innvandrings- og integreringsminister. Ho markerte seg med fleire utspel som utløyste debatt.

Sylvi Listhaug i Rinkeby

Sylvi Listhaug besøkte bydelen Rinkeby i Stockholm i 2017 for å sjå kva utslag integreringa i Sverige hadde gjeve i bydelen. Etter rundturen åtvara ho mot «svenske tilstandar».

Foto: Anders Wiklund/TT / NTB scanpix

I fjor haust, midt i valkampen, reiste ho til bydelen Rinkeby i Stockholm for å åtvare mot «svenske tilstandar». Listhaug skulle ha møtt den svenske integreringsministeren, men dette møtet blei avlyst etter sterk kritikk.

Facebook-ministeren

I tida som statsråd bygde Listhaug seg opp som profil på sosiale medium. Ho fekk raskt ein stor tilhengarskare som følgde henne. Mange av utspela hennar på Facebook kom med ei oppmoding om «lik og del».

Sylvi Listhaug spiller inn Facebook-video i New York

I tida som statsråd bygde Sylvi Listhaug seg ein stor tilhengarskare gjennom måten ho brukte Facebook på. Mange av dei utspela ho har kome med, starta med ein post eller ein video på sida hennar.

Foto: Anders Tvegård / NRK

I 2016 gjekk skodespelaren Kristoffer Joner til angrep på Listhaug, etter eitt av utspela hennar. Joner oppmoda folk til donere pengar til NOAS i Listhaug sitt namn. Det viste seg raskt at dette var ein aksjon reklamebyrået Anorak hadde gjort for organisasjonen. Listhaug meinte ho var utsett for ein svertekampanje.

Kortvarig justiskarriere

Då Venstre kom inn i regjeringa i januar, blei Sylvi Listhaug justisminister med ansvar for innvandringsområdet. Integrering blei flytta til kunnskapsministeren.

Eit utspel om fremmedkrigere på Facebook gjorde at fleirtalet på Stortinget sa dei ikkje hadde tillit til henne, og førte til at ho til slutt trekte seg.

Og det var også på Facebook ho først kunngjorde at ho gjekk av.

Etter å ha vore vararepresentant til Stortinget i perioden 2001-2013, blei ho i 2017 vald til fast plass for Møre og Romsdal. Dermed blir Mørebenken på Stortinget den neste stoppestaden hennar.

Støtteerklæring til Listhaug

Det strøymde på med blomar og støtte til Sylvi Listhaug etter at ho måtte beklage ein Facebook-post i Stortinget i førre veke.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger