Hopp til innhold

Kim Kardashian i Det kvite hus

Realitystjerne og gründer Kim Kardashian var torsdag i Det kvite hus for å diskutere fengselsreform med visepresident Kamala Harris.

Møtet fann stad etter at president Joe Biden onsdag benåda fleire personar. Desse var dømde for ikkje-valdelege narkotikalovbrot, skriv NTB.

Visepresident Harris, som har bakgrunn som stats- og riksadvokat, ynskjer å overtyde minoritetsveljarar og unge amerikanarar til å gje Biden ein sjanse til fire nye år som president.

Kardashian har dei siste åra vore involvert i debatten om strafferettsreform. Ho har mellom anna møtt Donald Trump for å diskutere fengselspolitikk, både då han var president og i etterkant.

Kamala Harris Kardashian Pardons
Foto: Susan Walsh / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no