Hus brann ned i Vestby
Eit hus i Vestby er totalskadd etter ein brann torsdag kveld.
– Vi har kontroll på alle involverte, òg i nabohusa. Dei 11 bebuarane evakuerte seg sjølve, seier innsatsleiar Ole Juelsen til NRK.
Dei evakuerte får overnatte hjå kjenningar, opplyser politiet.
Huset det brann i hadde to bueiningar, der ei av leilegheitene husa ein barnefamilie.
– Alle har det bra, det er ikkje røykskadar eller brannskadar på dei evakuerte, seier Juelsen.
Då naudetatane gjekk i gang med sløkking var huset allereie overtent. Det var då kjend at alle bebuarane hadde kome seg ut av huset, og det blei ikkje meld om personskadar.