Hopp til innhold

Vil sende privatdetektiv til Ørsta for å leite etter Maja (25)

Onsdag har polske Maja Herner (25) vore sakna i to veker. No har venane til kvinna samla inn pengar for å sende polske detektivar til Ørsta på Sunnmøre.

Maja Herner

Maja Herner har snart vore sakna i to veker. Det er så langt ingen spor etter 25-åringen som blei meldt sakna då ho ikkje kom tilbake frå ein tur.

Foto: Politiet

Det var onsdag 21. november at 25 år gamle Maja Herner frå Polen blei meldt sakna då ho ikkje kom tilbake frå det som skulle vere ein kort tur. Same dag blei det sett i gang ein omfattande leiteaksjon som varte i fleire dagar. Så langt er det ingen spor etter den sakna kvinna.

Leiteaksjon etter sakna Maja i Ørsta

I fleire dagar deltok fleire hundre i leitinga etter Maja Herner i Ørsta.

Foto: Roar Strøm / NRK

No har vener av Herner starta ein innsamlingsaksjon i heimlandet. Så langt har dei samla inn ca. 70.000 kroner, melder avisa Møre-Nytt. Pengane skal mellom anna bli brukt til å sende personar frå eit polsk detektivbyrå til Noreg. Det har også blitt oppretta ein aksjon på Facebook.

– Dei gjer dette kostnadsfritt, men vi støttar reise og opphald med dei innsamla pengane, seier Paulina Kmiecik, som ein av initiativtakarane til innsamlinga til avisa.

Stadfestar kontakt

Søndag 25. november uttalte politiet at dei ikkje lenger har håp om å finne Herner i livet. Det skjedde etter at store styrker hadde leita dag og natt i fem dagar utan å finne noko spor etter kvinna. Venane til 25-åringen har likevel ikkje gitt opp håpet.

Dronepilot fra Herøy kommune i oppdrag for politiet i letingen etter Maja Herner

Politiet har leita med drone i ulike turområde i Ørsta etter den sakna kvinna.

Foto: Møre og Romsdal politidistrikt

– Så lenge ho ikkje er funnen, er det håp. Og det kan hende ho har kome seg ned frå fjellet, seier Kmiecik til Møre-Nytt.

Møre og Romsdal politidistrikt kan stadfeste at representantar frå eit polsk byrå har teke kontakt med lokalt politi i Noreg.

– Tilbakemeldinga til desse er at norsk politi må halde oss til dei formelle kanalane for samarbeid mellom ulike lands politimyndigheiter, skriv kommunikasjonsrådgivar Eli Anne Tvergrov i ei pressemelding måndag ettermiddag.

Går gjennom sosiale medium og foto

Politiet har den siste veka gått gjennom nærare 3000 bilde som er tatt i området i Ørsta der ein trur at den sakna kvinna gjekk på tur. I tillegg har politiet leita med drone i det same området. Fleire punkt har blitt undersøkt nærare, utan at det har gitt resultat.

I mellomtida held etterforskinga fram for fullt og politiet har til no gjennomført 120 vitneavhøyr.

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad

Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad seier at etterforskinga held fram for fullt.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Det blir fortløpande teke stilling til korleis ein skal gå fram i vidare undersøkingar i fjellet. Det er også eit faktum at snøen kan gjere leiteforholda framover krevjande i dei høgareliggande områda, seier leiar for etterforskinga, politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.

Det skjer også eit omfattande arbeid med å samle inn informasjon frå telefon, sosiale medium, foto og andre kjelder.

– Fram til Maja blir funnen må politiet vere opne for alle teoriar, sjølv om det ikkje er noko haldepunkt for at ho er utsett for noko straffbart, seier Myklebust Ferstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL