Hopp til innhold

Fire menn fengsla – politiet jaktar på fleire

Politiet jaktar på fleire personar som skal ha vore involverte i det dei meiner er produksjon av narkotika i Ørsta på Sunnmøre.

Politiaksjon

POLITIAKSJON EIN STAD I ØRSTA: Fire menn vart arresterte her.

Foto: Tipsar

Fire menn er varetektsfengsla i Møre og Romsdal tingrett for grove narkotikalovbrot.

Fengslingane blei behandla av tingretten laurdag.

Det er lagt ned forbod mot å gjengi informasjonen som står i fengslingskjenningane. Politiet vektlegg at dette er med omsyn til etterforskinga, som er i startfasen.

Les også Politijakt etter narkoprodusentar i Ørsta

Ørsta

Tilbakehaldne med opplysningar

Det var fredag kveld at Møre og Romsdal politidistrikt melde at dei hadde avdekt produksjon av narkotika i Ørsta og at dei hadde gjort eit beslag.

Dei har vore svært forsiktige med å kome med opplysningar i saka og viser til at dei er i den innleiande fasen av etterforskinga.

Ålesund politistasjon.

LITE INFO: Politiet i Møre og Romsdal er sparsam med informasjon om saka.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Fleire kan bli arresterte

Politiet har sagt til NRK at dei jaktar på endå fleire personar som kan bli arresterte i saka. Men desse har gjort seg utilgjengelege etter at opprullinga av saka starta.

Det skal vere gjort fleire beslag i saka.

– Ingen kommentar

Advokat Torgeir Hovland representerer ein av dei som er sikta og varetektsfengsla.

Han seier søndag at han ikkje vil kome med nokon kommentar til saka no.

Måndag har NRK også vore i kontakt med advokatane til dei tre andre som er fengsla i samband med saka, Heller ikkje dei har ein kommentar til saka.

Torgeir Hovland Langva sit i ein rettssal i Ålesund. Han har på seg ei svart kappe og har gråande hår. Kan sit bak ein pult med dataskjermar og mikrofonar, samt ein stor, blå perm med dokument.

ADVOKAT: Torgeir Hovland Langva representerer ein av mennene som er varetektsfengsla.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL