Hopp til innhold

Ingen spor etter sakna kvinne i Ørsta

Politiet seier fredag morgon at dei er sikre på at den sakna polske kvinna i Ørsta var i området ved fjellet Saudehornet. - Vitner har forklart at dei har sett kvinna, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad.

Store styrker har siden i går kveld deltatt i leteaksjonen /p/ etter ei 25 år gammel polsk kvinne i Ørsta. Det var i går ettermiddag kvinna la ut på en kort tur i retning fjellet Saudehornet. Tidlig på kvelden ble hun meldt savnet, og en omfattende leteaksjon har så langt vært uten resultat.

Sjå video: Store styrker har sidan i går kveld deltatt i leteaksjonen etter ei 25 år gammal polsk kvinne i Ørsta. Ho har vore sakna sidan i går ettermiddag då ho la ut på ein kort tur i retning fjellet Saudehornet.

Den 25 år gamle kvinna blei meldt sakna onsdag ettermiddag etter at ho ikkje kom tilbake frå ein tur. Det var i 14.30-tida onsdag at kvinna la ut på ein kort tur i retning fjellet Saudehornet i Ørsta kommune på Sunnmøre.

Leiteaksjon etter kvinne i Ørsta

Mange deltek i leitinga etter den sakna kvinna.

Foto: Kaja Skatvedt / NRK

Difor blei det sett i gang ein leiteaksjon etter kvinna i 18.30-tida onsdag. Så langt er ikkje kvinna funnen. Det blei leita gjennom heile natta, og i løpet av torsdag morgon har aksjonen blitt oppjustert ytterlegare. Tre helikopter har deltatt i leiteaksjonen. Det er så langt ingen spor etter kvinna.

– Over 65 personar frå Røde Kors deltek no i leitearbeidet. I tillegg har vi mannskap frå Norske Redningshundar og hundeekvipasjar frå politiet med i leitinga, seier politiet sin innsatsleiar på staden, Mats Pedersen.

Elveredningslaget deltek også, og fleire frivillige meldt seg og ønskjer å bidra. I tillegg er fleire helikopter med i leiteaksjon. Det skal mellom anna frakta personar lenger opp i fjellsida.

Leiteaksjonen held fram med full styrke torsdag utover kvelden og natta. Dette blir då gjort med varmesøkjande kamera og kikkertar. Politiet håper likevel at dei vil finne kvinna før det blir mørkt, ettersom leitearbeidet blir vanskelegare då.

Var tynnkledd

Kvinna, som er polsk, har budd i Ørsta i ei veke og skal ikkje ha vore særleg lokalkjend. Ho hadde jobb i eit reinhaldsfirma. Arbeidsgivaren hennar har også deltatt i leitinga.

Ifølgje politiet hadde ho ikkje med seg mobiltelefon og skal ha vore dårleg kledd. Det har også vore svært låge temperaturar i området natt til torsdag.

– Tidsfaktoren er alltid kritisk i slike søk og det er difor vi har så mykje folk ute og leitar, seier Pedersen.

Går ut med namn og bilete

Maja Herner

Det er 25 år gamle Maja Herner som er sakna.

Foto: Politiet

Torsdag kveld gjekk politiet ut med bilete og namn på den sakna kvinna. Ho heiter Maja Herner, har langt brunt hår, var iført sort tights og ullgenser av ukjent farge. Politiet går ut med bilete etter ønskje frå familien, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Sindre Molnes.

Bilen til kvinna blei funnen på parkeringsplassen der stien mot fjellet Saudehornet startar. Torsdag morgon tok politiet seg inn i bilen til kvinna. Politiet etterforskar saka parallelt med leiteaksjonen.

– Vi etterforskar saka for å prøve å finne andre opplysningar. Det er så langt ingenting som tyder på at dette handlar om noko anna enn ei kvinne som er sakna. Vi held fram søket med stor styrke og har framleis eit håp om å finne ho i live, seier Geir Helge Ådneram, innsatsleiar i politiet.

Politiet ønskjer tips dersom nokon har sett kvinna eller har andre opplysningar knytt til saka.

Omfattande leitearbeid

Saudehornet Ørsta, leiteaksjon etter sakna kvinne

Kvinna hadde opplyst at ho skulle å ein kort tur i retning Saudehornet i Ørsta, og blei meldt sakna då ho ikkje kom tilbake.

Foto: Kaja Skatvedt / NRK

Den sakna kvinna skulle gå ein kort tur i retning fjellet Saudehornet, men det er også fleire alternative turruter i området.

Kristin Riise i Røde Kors seier at det gjer leitearbeidet krevjande.

– Det er eit omfattande område med mange forskjellige turstiar, noko som er ei utfordring.

Kvinna hadde opplyst at ho skulle å ein kort tur i retning Saudehornet i Ørsta, og blei meldt sakna då ho ikkje kom tilbake.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL