Søndag morgon starta søka etter 25 år gamle Maja Herner opp igjen for fullt i Ørsta på Sunnmøre. Herner har vore sakna sidan onsdag ettermiddag, då ho ikkje kom tilbake frå det som skulle vere ein kort tur i retning fjellet Saudehornet i Ørsta. Sidan ho forsvann har det vore eit oppfattande leitearbeid ved dei mykje brukte turstiane i området.
– Antatt omkomen
Politiadvokat Inger Myklebust Ferstad og innsatsleiar Stian Meek ber om at turgåarar tar kontakt.
Foto: Roar Strøm / NRKSøndag kveld opplyser politiet at dei avsluttar redningsaksjonen, men at dei held fram med å leite etter kvinna.
– Vi reknar ikkje med at det lenger er mogleg å finne den sakna i live. Klokka 16.30 gjekk redningsaksjonen over til å vere eit søk etter antatt omkomen, opplyser politiet. Det omfattande redningsapparatet som har delteke i søket i helga, vert trappa ned.
Den vidare leitinga etter kvinna vert planlagt og administrert av politiet. Dei pårørande er orientert om status i leitearbeidet.
Held fram etterforskinga
Parallelt med redningsarbeidet har føregått har politiet samla inn informasjon om den sakna kvinna. Dei har prøvd å kartlegge bevegelsane hennar onsdag då ho forsvann. Den siste sikre observasjon av Herner er gjort i ein matbutikk i Ørsta sentrum klokka 12.35. Den neste timen melde ho frå til fleire uavhengige at ho skulle på ein fjelltur på ca to timar. Bilen ho disponerte vart funnen på parkeringsplassen ved turvegen opp til Skåla.
Ifylgje politiet har 25-åringen to telefonar, ein norsk og ein polsk. Den eine vart funnen i bilen. Teledata viser at den andre telefonen har vore i dekningsområde i fjellpartiet. Den har gått ut av nettdekning, så politiet har ikkje fått nærare lokasjonsdata etter det skjedde.
– Politiet held fram etterforskinga for å få klarheit i kva som har skjedd med Maja og det er svært viktig at vi kjem i kontakt med vitna som har vore i fjellområda, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.
Ber om bilete
Politiet bad søndag om at folk som har tatt bilete eller video frå området Saudehornet og Skåla i Ørsta frå klokka 12 onsdag, sender det.
Polske Maja Justyna Herner (25) har vore sakna i Ørsta sidan onsdag ettermiddag.
Foto: PolitietMange har meldt frå at dei var i området denne dagen og politiet har prata med fleire av desse, men ynskjer no å komme i kontakt med alle som var der.
Mistenker de noko kriminelt?
– Det har vi ingen haldepunkt for. Vi er opne for alle teoriar og kan ikkje konkludere med noko på dette tidspunktet, seier Ferstad.
Politiet nyttar Kripos si standard tipsteneste for mottak av bilete. Kripos er også dei som held kontakten med politi og pårørande i Polen, fordi dei er internasjonalt kontaktpunkt for norsk politi.
Mange vil hjelpe
Dei siste dagane har det blitt leita dag og natt etter kvinna. Søndag deltok nærare 300 i leiteaksjonen.
Kristin Riise, leiar i Ørsta Røde Kors, er imponert over alle som stiller opp for å hjelpe til med søket etter Maja Justyna Herner (25).
Foto: Roar Strøm / NRKKristin Riise, leiar i Ørsta Røde Kors seier at dugnadsånda har vore stor og at mange har bidratt.
– Motivasjonen er bra og folk er lystne på å gjere eit funn. Eg er utruleg imponert og takknemleg for at så mange vil stille opp, sa Kristin Riise, leiar i Ørsta Røde Kors, søndag morgon.
Silje Svee er ein av dei mange hundre som har deltatt i leiteaksjonen i Ørsta dei siste dagane.
Foto: Roar Strøm / NRKSilje Svee er ein av dei mange frivillige som dei siste dagane har leita etter den sakna kvinna i Ørsta. Svee går på folkehøgskulen i Ørsta og seier det var naturleg for ho å delta.
– Eg vil gjere min del for å hjelpe til så godt eg kan.
– Synest du det er rart at dei ikkje har funne ho endå?
– Ja det er merkeleg. Men det er kanskje det som held motivasjonen oppe. Vi har lyst til å finne fleire spor, seier Svee.
Vurderer dag for dag
Polske Herner hadde berre budd i Ørsta omtrent ei veke då ho forsvann. 25-åringen hadde nyleg flytta til kommunen for å jobbe i eit reinhaldsfirma. Ifølgje politiet hadde ho på seg tynne treningskle då ho gjekk på tur. Søndag morgon heldt finsøket fram i terrenget rundt Vallabøen, Skåla og Saudehornet i Ørsta. Det vart også leita langs elver i nærområdet.
Søndag blei også eit politihelikopter sett inn i søket.
Foto: Møre og Romsdal politidistrikt– Det blir gjennomført finsøk i dei teigane som ein ikkje fekk gått over i går, seier operasjonsleiar i politiet Per Åge Ferstad.
Søndag vart eit politihelikopter sett inn i søket. Helikopteret fotograferte dei utilgjengelege områda i fjellområda der det kan tenkast at den sakna kvinna har gått tur.
Sperra av eit område
Politiet sperra laurdag ettermiddag av eit område i nærleiken av Skåla og Saudehornet i Ørsta.
Laurdag ettermiddag sperra politiet av eit område i Ørsta.
Foto: Roar Strøm / NRKBakgrunnen var at politiet ønska å undersøke dette området nøyare etter funn av ein gjenstand. Søndag seier politiet at dei ikkje trur dette har noko med den sakna kvinna å gjere.
– Vi har ingen haldepunkt for å seie at denne gjenstanden kan knytast opp mot denne saka, men det var noko vi ville undersøke, seier Ferstad.