Hopp til innhold

Snur etter foreldreopprør: Vil behandle fleire barn i Kristiansund

Reaksjon frå opprørte foreldre gjer inntrykk på helseleiinga i Møre og Romsdal. Dei foreslår å gi barn på Nordmøre eit tilbod i helgene likevel.

Demonstrasjon Kristiansund sykehus

Det har den siste tida vore fleire demonstrasjonar mot den helgestengte barneavdelinga i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dag Hårstad i Molde

Direktør Dag Hårstad ynskjer å opprette eit begrensa tilbod i helgene.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

Den siste tida har det vore fleire aksjonar og demonstrasjonar mot den helgestengte barneavdelinga i Kristiansund. I oktober stengte barneavdelinga for at helseføretaket skulle spare pengar. Foreldre har vore rasande over at sjuke barn har blitt transportert til sjukehuset i Ålesund og St. Olavs Hospital i Trondheim i helgene.

Barn døydde

Saka toppa seg søndag då ein 10 månader gamal gut frå Kristiansund døydde i helikopteret på veg til St.Olavs Hospital. Politiet starta full etterforsking av saka og også Helsetilsynets nasjonale undersøkingskommisjon granskar hendinga. Det er enno for tidleg å seie om helgestengt sjukehus er ein faktor som spelte inn.

Mindre køyring mellom sjukehusa

Onsdag er det styremøte i Helse Møre og Romsdal. Der vil direktør Dag Hårstad be styret om fullmakt til å sette inn tiltak på sjukehuset i Kristiansund.

– Vi vil forsøke å etablere ei ordning i Kristiansund som gjer at vi kan ha eit begrensa tilbod i helgene. Tiltaka skal redusere behovet for transport av sjuke barn, seier Hårstad.

Han kan ikkje konkret kommentere kva tiltaka går ut på.

– Betyr det at de ser at barneavdelinga bør opnast att?

– Det er for tidleg å konkludere med. Vi ser at det er behov for å sette inn tiltak raskt for å redusere usikkerheita som pårørande gir uttrykk for, seier Hårstad.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL