Hopp til innhold
Vestnes
Foto: Trond Vestre / NRK

Vestnes kommune

  • Kommune går glipp av 450 000

    Vestnes kommune går glipp av 450 000 kroner til drifta av Frivillegsentralen, etter at dei ikkje søkte om stønad innan fristen. Det skriv Vestnesavisa.

    Kommunen søkte Lotteri- og stiftelsestilsynet ein dag for seint - og får difor ikkje pengar i år. Vestnes har klaga på avgjerda, og skriv i klagen at stønaden er eit "vere eller ikkje vere" for frivillegsentralen.

  • Vil selge seg ut av Møreaksen

    Vestnes kommunestyre vil ut av Møreaksen AS og selge aksjene sine i selskapet. Det skriver Romsdals Budstikke. Dette ble vedtatt med 13 mot ti stemmer i Vestnes kommunestyre torsdag.

    Ordfører Randi Bergundhaugen opplyser til avisa at de har en aksjepost på 50.000 kroner i selskapet.

    – Så spørs det om noen vil kjøpe den? Vi får se hva som skjer. Vedtaket i Vestnes kommunestyre er endelig, hvilken betydning dette har er mer uklart, sier Bergundhaugen til Romsdals Budstikke.

    Fremskrittspartiet tok opp saken gjennom en interpellasjon, og er glade for vedtaket.

    – Vi i Vestnes vil fremdeles kunne reise gratis med ferje til Molde, kontra å betale flere hundre dersom vi ville få Møreaksen, sa Frode Gjelstenli (Frp) etter at vedtaket var klart, skriver avisa.

  • Ordfører i Vestnes er delvis sykemeldt

    Randi Bergundhaugen, ordfører i Vestnes, skriver i en pressemelding at hun er delvis sykemeldt.

    – Etter en kreftoperasjon i august, er jeg for tiden delvis sykmeldt. Operasjonen gikk bra, og kreftsvulsten er fjernet. Men for å sikre at ingen kreftceller overlever og sprer seg videre, er jeg nå i gang med cellegiftbehandling. Så langt har det også gått veldig bra. Etter planen er jeg ferdig med behandlingen i november, og da er jeg forhåpentligvis frisk, skriver Bergundhaugen.

    Hun opplyser videre at hun for en periode må overlate mange av ordføreroppgavene til varaordføreren.

  • Dømt for truslar

    Ein mann i 30-åra er dømt til samfunnsstraff for to tilfelle av truslar. Han blei dømt til 30 timar samfunnsstraff med ein gjennomføringstid på 120 timar.

    Det var i fjor haust at mannen var i kontakt med tilsette i Vestnes kommune. Ifølge dommen trua han med å kutte ein mann i småbitar og kome etter to av dei tilsette.

    Dette skjedde i samband med at kommunen skulle hjelpe mannen og sambuaren å finne ein permanent bustad. I retten forklarte mannen at han låg innlagt på sjukehus då han fekk beskjed om at dei måtte flytta frå den midlertidige bustaden dei budde i. Mannen forklarte at han blei fortvilt, både fordi dei måtte flytte, og fordi sambuaren då måtte pakke saman bustaden deira aleine. Han enda opp med å skrive seg ut frå sjukehuset mot deira anbefaling.

    Nokre dagar seinare var mannen i kontakt med to tilsette i Nav. Også då skal han ha kome med truslar mot ei av dei. Dette skjedde då han og sambuaren skulle flytte inn i ein ny bustad. Mannen hadde vore irritert fordi taxisjåføren ikkje hadde stoppa på eit apotek på veg til bustaden. Han forklarte at han hadde hatt sterke smerter. Han hadde også vore kritisk til den nye bustaden og meinte den låg i eit belasta område. I tillegg hadde han vore irritert over flytteprosessen. Han vedgjekk å ha vore sint og at han kan ha sagt ting han ikkje meinte, men hugsar ikkje at han har sagt det han no er dømd for.

    Rådhuset i Vestnes har vore stengt for besøkande utan avtale sidan mannen kom med truslane.

    Kommunen jobbar no med å bygge om rådhuset. Dørene blir ikkje opna igjen før inngangspartiet er bygd om. Då skal glasveggar gjere at dei tilsette slepp å vere i fysisk kontakt med besøkande.

    Informasjonsskilt om rådhuset i Vestnes og kva tilbod som ligg i dei ulike etasjane. I bakgrunnen ser vi rådhuset
    Foto: Remi Sagen / NRK
  • Arbeidstilsynet kritiserer Vestnes

    Vestnes kommune får kritikk og pålegg frå Arbeidstilsynet etter at ein kommunetilsett fall fleire meter ned i ein kum.

    Det skriv Vestnesavisa.

    Ein kommunetilsett skulle klatre ned i kummen for å reinske opp slam frå botnen. Då knakk stigen og mannen fall mellom fire og fem meter ned til botnen. Den tilsette fekk eit komplisert brot i ankelen.

    Det var ikkje tilgjengeleg redningsutstyr i området og hendinga blei ikkje varsla til Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet meiner, ifølgje avisa, at kommunen ikkje har gode nok rutiner for varsling av arbeidsulukker.