Hopp til innhold

Stenger rådhuset etter truslar: – Eg synest dette er trist

Truslar gjer at rådhuset i Vestnes kommune i Møre og Romsdal blir heldt stengt for besøkande som ikkje har avtale.

Randi Bergundhaugen ordfører i Vestnes

Omsynet til dei tilsette gjer at rådhuset blir stengd for dei som ikkje har avtale, seier ordførar Randi Bergundhaugen (H).

Foto: Roar Strøm / NRK

Vestnes kommune har meld ein person til politiet for grove truslar, sjikanering og trakassering. Grunnen til at rådhuset blir stengt, er omsynet til tryggleiken til dei tilsette, seier ordførar Randi Bergundhaugen (H):

– Eg synest det er trist at vi må gå til det skritt å låse døra inn til rådhuset. Men vi er nøydde til å gjere ein slik vurdering når fleire tilsette i ulike avdelingar blir trua og trakassert og ikkje kjenner seg trygge på jobb.

Har kome truslar tidlegare

Det var Vestnes-avisa som omtalte saka først. Ordføraren orienterte om situasjonen i kommunestyret i går. Ho seier at dei veit kven det er som har kome med truslane, og at det har kome slike truslar tidlegare også.

Det er fleire funksjonar som har vore utsett for truslar. Det gjeld servicekontoret, NAV-kontoret og kontoret for barn, ungdom og familie.

Det er ikkje greitt at tilsette kjem i ein slik situasjon, seier ordføraren.

– Det er absolutt ikkje greitt. Det er jo derfor at vi har ekstra strenge reglar for vald, truslar og sjikane mot offentlege tilsette. Og kommunen har eit ansvar for å ta vare på den enkelte tilsette.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL