Hopp til innhold

Her har rådhuset vore låst sidan september

Truslar og sjikane gjorde at rådhuset i Vestnes blei stengt i haust. No må inngangspartiet byggast om for at tilsette skal føle seg trygge.

Ordfører i Vestnes, Randi Bergundhaugen står i inngangspartiet på rådhuset. Ho viser med armen kor det skal byggast glasvegg.

Inngangspartiet på rådhuset i Vestnes må byggast om, slik at dei tilsette blir skjerma bak glas, fortel ordførar Randi Bergundhaugen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Inngangspartiet på rådhuset i Vestnes må byggast om, slik at dei tilsette blir skjerma bak glas, fortel ordførar Randi Bergundhaugen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ingen slepp inn i rådhuset på Vestnes utan å ha gjort avtale på førehand. Slik har det vore sidan fleire tilsette blei utsett for alvorlege truslar og sjikane frå ein person.

– Eg veit om tilsette som ikkje tør å gå på butikken etter jobb eller ta ferja over fjorden. Det er vanskeleg å opne opp att her og la alle gå fritt, seier ordførar Randi Bergundhaugen (H).

Ho vil at innbyggjarane skal forstå at det ikkje berre er i Oslo og store byar at kommunetilsette står ovanfor trusselsituasjonar.

Ein plakat heng på inngangsdøra på Vestnes rådhus. Der står det at dørene er låst inntil vidare og at du må gjere avtale på førehand forå kome i kontakt med saksbehandlar

Alle som skal inn på rådhuset i Vestnes må avtale tid på førhand.

Foto: Remi Sagen / NRK

Framand mann på kontoret

Rådhuset i Vestnes blei tatt i bruk i 1986 og når du først har kome innfor dørene kan du gå rundt i heile bygget. Bergundhaugen har opplevd at ein vilt framand mann plutseleg stod inne på ordførarkontoret.

– Det går jo stort sett bra det, men det hadde jo ikkje trengt å gjere det, seier ordføraren.

Ho veit også at folk har gøymt seg inne i det kronglete bygget etter stengetid.

Kva med å leige inn vektarar?

Det kunne vi sikkert, men det er også snakk om økonomi og ei heilskapsvurdering, seier Bergundhaugen. Å innføre timebestilling blei sett på som enklare.

No blir ikkje dørene opna igjen før inngangspartiet er bygd om. Då skal glasveggar gjere at dei tilsette slepp å vere i fysisk kontakt med besøkande.

Høgare terskel

Siw Stavik står i ei gate i sentrum av Vestnes. Ho har på seg mørk vinterjakke med pels på hetta. Ho har briller og gråleg hår.

Siw Stavik meiner dei stengde dørene gjer det vanskelegare for innbyggjarane å ta kontakt med kommunen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire av innbyggjarane i Vestnes likar dårleg dei stengde dørene. 93 år gamle Per Tomren vil helst hatt det slik som før då det berre var å møte opp.

– Det er dumt. Rådhuset burde ha vore tilgjengeleg for oss som bur her, seier Tomren.

Siw Stavik forstår godt kvifor dørene er stengt, men det gjer det vanskelegare for innbyggjarane.

– Du må jo ringe og bestille time for det meste. Du kjenner at terskelen for å ta kontakt med dei er litt høgare, seier Stavik.

Fleire har stengde dører

Vestnes er ikkje åleine i landet om å ha stengde dører, sjølv om det ikkje nødvendigvis er truslar som er årsaka til alle stengingane, seier spesialrådgivar Torill Neset i Kommunesektorens organisasjon, KS.

Ho meiner likevel innbyggjarane får hjelpa dei skal ha.

– Det er viktig at kommunehus og rådhus er tilgjengelege, men eg tenker at det er ganske vanleg i samfunnet å gjere avtalar på førhand for å ta opp saker ein vil snakke om, seier Neset.

Vinterbilete av Vestnes. Vi ser gråaktige hus og parkerte bubilar. To personar er ute og går tur

Vestnes kommune er ikkje åleine om å ha stengte dører på rådhuset.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire sjuke

Personen som kom med truslar i Vestnes i haust fekk besøksforbod fram til november.

– Besøksforbodet er opphøyrt og det er ingen politisak no, opplyser politioverbetjent Vebjørn Bale.

Ordføraren i Vestnes trur kommunane må tenke meir tryggleik framover, sidan psykisk sjuke i større grad enn før blir overlatne til dei.

– Folk blir utskrivne frå sjukehus før dei er friske. Det er mange utfordringar som gjer at situasjonen blir tøffare ute i landets kommunar. Vi må rigge oss deretter, seier Bergundhaugen.

Ho er usikker på kor tid rådhuset kan opne igjen og kor dyrt det blir.

– Eg håper at folk då kan føle seg trygge på jobb, seier Bergundhaugen.

Ordfører i Vestnes, Randi Bergundhaugen står utanfor inngangspartiet til rådhuset. Ho har blå dressjakke og fargerikt sjal i halsen

Ordførar Randi Bergundhaugen håper dei tilsette kan føle seg tryggare på jobb etter ombygginga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ordførar Randi Bergundhaugen håper dei tilsette kan føle seg tryggare på jobb etter ombygginga.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL