Hopp til innhold

Arbeidstilsynet kritiserer Vestnes

Vestnes kommune får kritikk og pålegg frå Arbeidstilsynet etter at ein kommunetilsett fall fleire meter ned i ein kum.

Det skriv Vestnesavisa.

Ein kommunetilsett skulle klatre ned i kummen for å reinske opp slam frå botnen. Då knakk stigen og mannen fall mellom fire og fem meter ned til botnen. Den tilsette fekk eit komplisert brot i ankelen.

Det var ikkje tilgjengeleg redningsutstyr i området og hendinga blei ikkje varsla til Arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet meiner, ifølgje avisa, at kommunen ikkje har gode nok rutiner for varsling av arbeidsulukker.