Det var ingen angrande syndar som møtte i rettssaka i Møre og Romsdal i starten av februar. Han hevda bestemt at han ikkje hadde utnytta dei tre pasientane sine og at det dei forklarte var fri fantasi.
No har han fått delvis medhald i retten. Han er dømd til fengsel i åtte månader for eitt av forholda, men frifunnen for to av dei.
Han slepp også å betale erstatning til meir enn ei av dei.
– Eg er glad for at det blei domfelling på eitt punkt og skuffa over frifinninga på to punkt, seier bistandsadvokat Gerd Haagensen.
– Kva synest klientane dine?
– Dei ønskjer ikkje å seie noko om det, seier ho.
Bistandsadvokat Gerd Haagensen representerer dei tre kvinnene.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKStatsadvokat Magne Nyborg bad om 4 år og 10 månaders fengsel for den tidlegare fastlegen. No vurderer påtalemakta ankespørsmålet.
– Retten har eit anna syn på dette enn oss, seier statsadvokat Magne Nyborg kort til NRK.
I tvil om overgrepa kan ha skjedd
I dommen kjem det fram at Møre og Romsdal tingrett meiner det er rimeleg tvil om den tidlegare legen har forgripe seg mot to av dei tre. Retten er komne til at han ikkje kan dømmast for å ha forgripe seg mot ho som forklarte at han leitte fram lakkstrømper og kasta brukte kondom i bossbøtta.
Om forholdet til ei anna kvinne konkluderer retten med at det verkar som eit gjensidig forhold, og at det er tvil om legen utnytta henne seksuelt.
Om forholdet til den tredje kvinna, derimot, er ikkje retten i tvil om at den tidlegare fastlegen har utnytta stillinga si:
Dette forholdet er han no dømt til fengsel i åtte månader for, og til denne kvinna må han betale 80 000 kroner i erstatning.
– Vi noterer oss at han er frifunnen for to av tre og må no bruke tid å lese dommen, seier forsvarar Axel Lange til NRK.
Axel Lange er forsvarar for den tidlegare fastlegen.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK– Avhengig av han
Det var tårevått då dei tre kvinnene forklarte seg bak lukka dører i Møre og Romsdal tingrett. Den tidlegare fastlegen måtte forlate rommet for at dei skulle klare å fortelje kva dei har opplevd.
Ei av kvinnene sa ho var avhengig av legen sin for å få ut sterke medisinar som ho var blitt avhengig av. Ei anna forklarte at ho ikkje torde å seie nei, fordi ho ville vere sikker på at han stilte opp som vitne i ei rettssak.
Sjølv har den tidlegare legen skildra forholda som likeverdige kjæresteforhold. Ei av kvinnene nektar han for å ha røyvd.
Elskarinner og undertøy
I den uvanlege rettssaka har det teikna seg eit bilde av ein flink og omtenksam fastlege med stor seksuell appetitt. I tillegg til dei tre fornærma, er han under politietterforsking for å ha forgripe seg også mot to andre pasientar. Tre elskarinner og ekskona har også forklart seg.
Det er allereie sett av tid til ei eventuell ankesak i Frostating lagmannsrett i juni.