Hopp til innhold

Vedgår at han hadde dameundertøy på legekontoret: – Planla å begynne å selje sexy undertøy

Den tidlegare fastlegen seier at han tok fram svarte lakkstrømper for å hjelpe ein pasient å få piff på sexlivet heime hos mannen. Pasienten hevdar han forgreip seg gjentekne gongar.

Rettsak i Ålesund

Politiet har i lang tid etterforska den tidlegare fastlegen som er skulda for å ha seksuelt misbrukt fleire pasientar. No fortel fleire kvinner i retten om kva som skal ha skjedd.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kjønnssjukdommen herpes og svarte lakkstrømper på legekontoret er sentrale tema under rettsaka i Ålesund torsdag. To kvinner har uavhengig av kvarandre forklart at den tidlegare fastlegen har forgripe seg seksuelt mot dei. Begge hevdar også at han smitta dei med herpes.

Mannen i 60-åra nektar straffskuld, og aktor meiner den tidlegare fastlegen har tilpassa forklaringane sine hos politiet etterkvart som nye bevis har blitt lagt fram. Sjølv forklarer han det med sjenanse.

– Eg syntest det var jævleg flaut å snakke om det, så det hadde eg ikkje lyst til, sa han i retten torsdag føremiddag.

Då hadde statsadvokat Magne Nyborg konfrontert han med at han i politiavhøyr først nekta på at han hadde dameundertøy på kontoret, slik ei av dei fornærma kvinnene hevda.

Axel Lange

Axel Lange er mannen sin forsvarar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Ville starte business med sex-undertøy

Fastlegen forklarte i retten at grunnen til at han hadde dameundertøy på kontoret, var at han planla å begynne å selje undertøy, kremar og leiketøy til bruk i senga.

– Eg tenkte at eg skulle begynne å gjere business på det, så eg bestilte ein god del, forklarte han.

Sidan han henta postpakkane i lunsjen, blei dei med tilbake til kontoret, sa han.

Ei av kvinnene forklarte onsdag at han under ein legetime opna eit skap og henta ut svarte lakkstrømper som han ba henne ta på. Sjølv fnyste han av det i retten og hevda ho trengde råd og hjelp for å få fart på sexlivet heime.

– Eg spurte om ho ikkje kunne vise seg fram i noko slikt for mannen sin, sa den tidlegare fastlegen i retten.

Ein annan tidlegare pasient forklarte torsdag at ho stadig måtte ta på seg seksuelt utfordrande kjolar når dei var saman. Desse kunne vere laga av gjennomsiktig plast eller aluminium. Mannen nektar bestemt for at han har forgripe seg mot dei.

Statsadvokat Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg stilte spørsmål ved om kvifor kvinna heldt fram med å gå til fastlegen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skal ha hatt kondom på legekontoret

Ei av kvinnene foklarte i retten onsdag at fastlegen låste døra og forgreip seg mot henne. Han skal ha sagt at forholdet måtte vere hemmeleg.

– Eg hadde alltid auga igjen, forklarte kvinna og la til at fastlegen pusta tungt og var veldig raud i ansiktet.

Ho sa vidare at fastlegen tok fram kondom frå skrivebordet på legekontoret, og at ho syntest det var rart å ha slikt der. Han skal ikkje ha forsøkt å gøyme dei brukte kondoma.

– Eg syntest det var rart at han torde å kaste kondomet i bossbøtta, for det var vel ei vaskehjelp som kunne finne det, forklarte ho.

Tidlegare i veka forklarte ei anna kvinne seg om overgrep som skal ha starta på legekontoret, og halde fram heime hos henne. Alle kvinnene som har forklart seg, hevdar legen sa kroppskontakten hjelpte mot plagene deira.

Ålesund tinghus

Det er sett av seks dagar til rettssaka i Møre og Romsdal tingrett.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

– Redd for å misse medisinane sine

På spørsmål frå aktor om kvifor ho ikkje slutta å gå til fastlegen, forklarte kvinna at ho ikkje klarte det, og at ho var smigra over at han valde henne.

Kvinna forklarte også at ho var redd for å miste medisinane sine, dersom ho klaga på framferda til fastlegen.

– Eg var redd for å komme i unåde. Det var jo han som skreiv ut medisinane mine, forklarte ho.

– Kjende meg som ei hore

Retten fekk også høyre kvinna forklare seg om det sterke ubehaget med tanke på dei andre pasientane.

– Eg syntest det var veldig ubehageleg at det sat pasientar ute på venterommet som skulle inn på legekontoret etterpå, med tanke på det som hadde skjedd. Eg tenkte spesielt på barn og eldre, eg syntest det var grufullt. Eg kjende meg som ei hore, forklarte ho.

Avviser overgrep som fantasi

Den tidlegare fastlegen nektar for at det kvinna fortel er sant. Tvert om seier han at han hadde gjort det han kunne for å ta vare på henne. Han nekta bestemt for at han nokon gong har hatt sex med henne, og hevda ho har vore så sjuk at ho ikkje klarte å skilje mellom det som var fantasi og verkeleg.

– Eg har aldri hatt sex med NN (pasienten sitt namn) verken på kontoret eller utanfor kontoret, ei heller andre stader på Sunnmøre eller resten av verda, sa han i retten torsdag.

Den populære fastlegen er tiltalt for å ha forgripe seg mot tre kvinner, men nektar straffskuld.

Gerd Haagensen og Magne Nyborg i retten

Gerd Haagensen representerer ei rekkje kvinner i saka. Statsadvokat Magne Nyborg representerer påtalemakta.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL