Hopp til innhold

Fastlege om forhold til pasientar: – Eg var ingen Don Juan

Samtidig som Helsetilsynet trua med å ta autorisasjonen frå fastlegen innleia han stadig nye forhold til pasientar. Han hevdar forholda var basert på gjensidig kjærleik.

Rettsak i Ålesund

Fleire kvinnelege pasientar har denne veka forklart seg om ein seksuelt pågåande fastlege.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Den tidlegare fastlegen i 60-åra avviser at han har vore nokon skjørtejegar. Det skjer samtidig med at fleire pasientar og elskerinner denne veka vitnar i retten om at dei skal ha hatt eit seksuelt forhold til den tidlgare fastlegen.

– Det var kjærleiken som dreiv meg, eg sjekka ikkje i lovverket, sa han då han forklarte seg i retten fredag føremiddag.

Den populære fastlegen på Sunnmøre hadde 1700 pasientar på lista si og har praktisert i fleire tiår. No er han tiltalt for å ha utnytta tre kvinnelege pasientar.

Seier han stilte opp

Tidlegare i veka forklarte ei småbarnsmor seg for retten om den tidlegare fastlegen.

– Han var veldig tilgjengeleg og omsorgsfull, han stilte opp, sa ho.

Kvinna er den tredje som denne veka har forklart seg om ein seksuelt pågåande fastlege som kyssa og klemte bak den lukka døra på legekontoret.

På vitnelista står også ekskona og fleire tidlegare elskerinner. Forholda til kvinnene skal ha pågått delvis parallelt, og både dameundertøy og kjønnssjukdom har vore tema i retten denne veka.

Rettssak i Ålesund

Den tidlegare fastlegen skal forklare seg for retten fredag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Omtalte legen som ei redningsbøye

Alle dei tre kvinnene han no er tiltalt for å ha forgripe seg mot, har hatt store utfordringar i livet. På eitt tidspunkt følte ho at ho ikkje fekk hjelp nokon stad.

– Fastlegen blei mi redningsbøye, gret ho.

Han var med som kontaktperson i fleire møte med hjelpeapparatet.

Axel Lange

Mannen sin forsvar, Axel Lange, har stilt fleire kritiske spørsmål til småbarnsmora. Han meiner fleire av tekstmeldingane mellom dei, viser at også ho var aktiv i dialogen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg måtte sørge for at han ville forsyne seg

Men etter kvart skal kontakten ha endra seg. Det skal ha starta med at han kyssa henne etter ein legetime og bedt om at dei skulle bli vener på Facebook. Etter kvart skal han ha begynt å invitere henne med på tur.

– Eg var noko han forsynte seg av. Og eg måtte sørge for at han ville forsyne seg, sa ho i retten.

I retten forklarte ho det med at han hadde ei avgjerande rolle overfor hjelpeapparatet og at ho var avhengig av hans velvilje.

Kvinna måtte ha fleire pausar undervegs i forklaringa si, men heldt fast på at ho frykta at han skulle melde henne til barnevernet om ho ikkje var med på notane.

Hevdar forholdet var frivillig

Den tidlegare fastlegen hevdar at forholdet til småbarnsmora som forklarte seg torsdag, var gjensidig og frivillig. Han skildrar henne som ressurssterk og kunnskapsrik, og hevdar at ho bortforklarer forholdet deira.

–- Det blei laussleppt, men eg fekk inntrykk av at ho likte det, forklarte han i retten fredag morgon.

I si forklaring sår han tvil om det ho forklarte i retten torsdag, og meiner bildet er langt meir nyansert.

Kvinna har forklart at ho gav etter mellom anna fordi ho var redd for at fastlegen skulle melde henne til barnevernet.

–- Det har eg aldri gjort. Det er noko ho finn på i ettertid for å prøve å demonisere meg, sa mannen i 60-åra.

Støtta han då han mista autorisasjonen

Den tidlegare fastlegen miste autorisasjonen i 2017 etter å ha forgripe seg mot ein annan pasient. I retten har kvinna forklart at ho, trass i det ho sjølv opplevde, skreiv eit brev direkte til Statens helsetilsyn for å prøve å redde skinnet hans.

– Eg sette meg ned og skreiv at han hadde vore ein veldig flink fastlege, forklarte ho.

I ettertid fann ho ut at ho måtte seie frå om kva ho skal ha opplevd sjølv.

– Eg ønskjer ikkje at mi dotter og mi syster skal oppleve det same som meg. Eg kjende ei plikt til å stå fram og seie at dette har skjedd med meg også, gret ho.