Hopp til innhold

Fastlegen dro på heimebesøk til pasienten - tiltalt for omfattande overgrep

Bak lukka dører forklarer fleire pasientar seg om det seksuelle forholdet som starta på kontoret til den tidlegare fastlegen. Han risikerer fleire års fengsel.

Rettssak i Ålesund

Politiet i Ålesund har etterforska den tidlegare fastlegen for å ha misbrukt stillinga si til å skaffe seg sex.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein tidlegare fastlege, ekskona, fleire pasientar og tidlegare elskerinner møtes denne veka i retten i Ålesund. Den tidlegare fastlegen er tiltalt for å ha utnytta tillitsforholdet til fleire pasientar for å skaffe seg sex.

Den første kvinna som forklarte seg tysdag, gret tidvis då ho fortalte om forholdet som skal ha vart i nærare fire år.

– Han var så flink og forståelsefull, eg fekk eit nytt liv, sa ho i retten under den fleire timar lange forklaringa si.

Ho er ei av dei tre kvinnene han er tiltalt for å ha forgripe seg mot. Før ho skulle forklare seg måtte han forlate rommet.

Frå før er han fråteken autorisasjonen. No kan han også bli dømd til fengsel i fleire år.

Ålesund politistasjon

Politiet i Ålesund har etterforska den tidlegare fastlegen for å ha misbrukt stillinga si til å skaffe seg sex.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skal ha besøkt henne privat

Kvinna i 60-åra forklarte at ho hadde legen som fastlege i ei årrekkje, og at han etterkvart begynte å gje henne timar seint på dagen. På den måten skal dei to ha hatt ekstra god tid. På legekontoret skal han ha kyssa og klemt henne. Etter ei stund skal legen også ha forklart at han ville besøke henne heime. Ho forklarte i retten at ho tolka det slik at han var ekstra opptatt av å følgje opp pasientane sine.

Då ho leste i pressa om at han var fråtatt autorisasjonen etter å ha forgripe seg mot ein annan pasient, varsla ho politiet.

– Då skjønte eg at eg må seie frå. Det er ikkje første gongen han har forsøkt å få sex med pasientar, forklarte ho i retten.

Kvinna forklarte at besøket heime blei starten på eit årelang seksuelt forhold og at ho etterkvart blei med han på turar i inn- og utland. Dei skal ha blitt enige om å halde forholdet hemmeleg.

– Var på høgget for å få eit forhold til meg

Den populære fastlegen på Sunnmøre møtte i retten tysdag i mørkeblå genser og dressjakke. Også han måtte ty til tårene undervegs i forklaringa si. I eit kjensleladd innlegg skildra han seg som ein lege som har vore levande opptatt av faget. Han meiner han har gjort det han kunne for å hjelpe pasientane sine, og nektar straffskuld.

Onsdag lista han opp i retten namnet på kvinner, både pasientar og andre, som han hadde eit seksuelt forhold til. Kjønnssjukdommar blei også eit tema.

– Det høyrest ut som eg er ein rundbrennar, men det var eg ikkje. Eg var ute etter å finne nokon som eg kunne støtte meg på, seier han.

Fastlegen gjekk langt i å hevde at kvinna i 60-åra var ein pådrivar og seier dei etterkvart blei kjærestar.

– Ho var på høgget for å få eit forhold til meg, slik opplevde eg det, og då gjorde eg det, forklarte han for retten.

Han vedgår at han klar over at det ikkje var etisk rett, men forklarter det med at han miste fornuften fordi han var så forelska. Då han etterkvart innsåg at han burde avslutte forholdet, skal han ha nølt med å gjere det i frykt for hemn.

Axel Lange

Forsvarar Axel Lange seier saka har vore ei stor belastning også for den tiltalte mannen i 60-åra. Den populære fastlegen hadde 1700 pasientar på Sunnmøre.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Alvorleg sak

Statsadvokat Magne Nyborg er aktor i saka. Han sa i retten at den tidlegare fastlegen skal ha sirkla inn særleg sårbare kvinner.

– Dette er ei alvorleg sak. Her er det sårbare personar som kjem til lege for å få profesjonell hjelp, og i den settinga blir det innleia seksuelle tilnærmingar og forhold, seier Nyborg.

Han meiner saka er uvanleg, ikkje minst fordi overgrepa skal ha gått føre seg over så lang tid. Etter at mellom andre NRK omtalte tiltalen i fjor sommar har fleire kvinner meldt seg. Dei skal no forklare seg som vitne i saka.

Statsadvokat Magne Nyborg

Statsadvokat Magne Nyborg er aktor i saka.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Forklarer seg bak lukka dører

Dei tre fornærma kvinnene og fem andre skal forklare seg bak lukka dører dei neste dagane. Det betyr at berre pressa får vere til stades. Det er forbod mot å skrive noko som kan røpe private opplysningar om dei fornærma og kven dei er.

På vitnelista er også ein annan fastlege som han delte kontorfellesskap med då overgrepa skal ha skjedd.

Gerd Haagensen som er bistandsadvokat for alle kvinnene ønskjer ikkje å kommentere saka.

Gerd Haagensen

Gerd Haagensen er bistandsadvokat for kvinnene. Ho har bedt om lukka dører når dei forklarer seg for retten.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL