Hopp til innhold

Sve vil fjerne elbil-fordel på ferjene

Frank Sve, samferdselspolitikar for Frp, ønskjer å fjerne betalingsfritaket for elbilar på ferjer og i bomstasjonar.

Ferger på Moldefjorden

SLUTT PÅ GRATIS FERJER? Frank Sve vil ha slutt på betalingsfritaket for elbilar på ferjer i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

I dag er det opp til fylka sjølv å avgjere om elbilar skal betale på fylkesvegferjene eller på fylkeskommunale bomstasjonar. Frank Sve, samferdselspolitikar for Frp, meiner fritaket på elbilar er ei økonomisk belasting.

Han ønskjer difor at saka skal bli behandla i samferdselsutvalet så snart som råd og har difor bedd fylkesrådmannen om å opprette ei sak på dette til neste Samferdselsutvalsmøte.

– Vi har ikkje råd til å halde fram å subsidiere elbilane på ferjene. Trafikken aukar og behovet for betre ferjer aukar, men vi maktar ikkje det om ingen skal betale for det, seier Sve.

– Alle må betale

Til no har det også vore gratis for elbilar å parkere på offentlege parkeringsplassar med avgift, men både Ålesund og Molde kommune har valt å innføre betalingsavgift for el- og hybridbilar frå nyttår. No håper Sve at ein kan fjerne fritaket også på ferjer og i bomstasjonar.

Frank Sve

Frank Sve, samferdselspolitikar for Frp, ønskjer å fjerne betalingsfritaket for elbilar på ferjer og i bomstasjonar.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Ein elbil om bord i ei ferje forureinar like mykje som ein annan bil. Det er ferjene sine utslepp som er avgjerande og difor er viktig for oss å få på plass nye og meir miljøvennlege ferjer. Men alle er nøydd til å betale dersom vi skal få råd til det, då kan vi ikkje ha gratispassasjerar, seier han.

Samferdselspolitikaren seier han har forståing for dei miljømessige fordelane som er knytt til å bruke elbil, men meiner det er nødvendig at også desse bilistane betalar på lik linje med alle andre.

– Vi har sett at tek lenger tid å betale ned bomprosjekt enn planlagt fordi det er så mange som har elbil. Vi er avhengig av at alle som bruker vegane og ferjene betalar, elles kan vi ikkje gjennomføre nye vegprosjekt i framtida, seier Sve.

– Uforståeleg

Christina Bu, generalsekretær i elbilforeininga, meiner elbilar ikkje er konkurransedyktige utan dei fordelane dei har i dag, og at det er for tidleg å fjerne desse no.

Christina Bu

Christina Bu, generalsekretær i elbilforeininga, meiner eit slikt vedtak vil få konsekvensar.

Foto: Elbilforeningen

– Elbilsalet i Møre og Romsdal er mykje lågare enn elles i landet. I tillegg stussar eg over at ein fylkespolitikar vil fjerne fritaket no når bilane endeleg får ei rekkevidd som gjer dei meir attraktive i distrikta. Det synest eg er ganske urettferdig for innbyggarane, seier ho.

Bu har forståing for argumenta til Sve, men meiner det ikkje handlar om å prise plassen på ferja. Det handlar om å hjelpe ny og meir miljøvennleg teknologi inn i marknaden, seier ho.

– Dette er elbilar som vil bidra til å kutte utsleppa frå transport. Møre og Romsdal fylkeskommune har sjølv eit mål å kutte utsleppa frå transport med ti prosent innan 2020. Eg lurer på korleis dei skal få til det om dei ikkje gjer det meir attraktivt for folk å velje miljøvennlege bilar, seier ho.

Bu meiner eit slikt vedtak vil få store konsekvensar.

– Konsekvensen er at færre innbyggarar i Møre og Romsdal vil velje elbil, noko som vil vere katastrofalt med tanke på å redusere utsleppa som dei har eit mål om, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL