Hopp til innhold

– Vi kan ikkje berre tenke økonomi

Miljøpartiet Dei Grøne reagerer på at Ålesund kommune vil fjerne parkeringsfritaket for el- og hydrogenbilar.

Elbilparkering i Ålesund

Frå og med 1. januar 2017 må også el- og hybridbileigarar betale for å parkere i Ålesund.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Frå nyttår trer den nye parkeringsforskrifta i kraft, noko som fjernar det statlege pålegget om gratis parkering på kommunale parkeringsplassar. Dermed blir det opp til kvar enkelt kommune om dei vil tilby gratis parkeringsplassar for el- og hydrogenbilar.

Jarle Hauge Steffensen bystyrerep MDG

Jarle Hauge Steffenssen reagerer på at Ålesund kommune no fjernar fritaket for el- og hybridbilar.

Foto: Frode Berg / NRK

Tysdag vedtok formannskapet i Ålesund at også desse bilane må betale for parkering frå 1. januar 2017. Bakgrunnen for det er økonomiske årsaker.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) prøvde å fremje eit alternativt forslag om å vidareføre betalingsfritaket for nullutsleppsbilar fram til 2020, men blei nedstemt av eit stort fleirtal i formannskapet. Jarle Hauge Steffenssen i Ålesund MDG reagerer på at fritaket no blir fjerna, og meiner det har vore eit viktig miljømessig tiltak.

– Det må framleis vere ordningar som aukar talet på el- og hybridbilar inn til sentrum og byen generelt. Difor er det viktig at ikkje alle fordelane blir fjerna. Vi ønskjer at fleire skal over på kollektivtransport, men det er dessverre litt opp og fram før vi får gjort noko med tilbodet. Då var dette eit umiddelbart tiltak for å stimulere til auka bruk av elbil.

Kan ikkje berre tenke økonomi

Elbilar i Ålesund

I Ålesund kan ein sjå mange elbilar.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Den nye forskrifta krev også at inntil 6 % av parkeringsplassane har ladeutstyr og blir øyremerka elbilar. Steffenssen har forståing for at Ålesund kommune ser seg nøydd til å innføre ei parkeringsavgift, men meiner kommunen ikkje må gløyme miljøet.

– Ein må ha ambisjonar om kva ein ønskjer å få til miljømessig, og då kan vi ikkje berre tenke økonomi. Vi må ha ei overordna målsetting om kva ein vil gjere for å få ned klimautsleppa, seier han.

– Framleis mange gode

Ordførar i Ålesund Eva Vinje Aurdal forstår at vedtaket om å fjerne betalingsfritaket har vekt reaksjonar, men meiner at el- og hybridbileigarar framleis har mange fordelar.

Eva Vinje Aurdal

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, meiner el- og hybridbileigarar framleis har mange fordelar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det har vore ein vellukka aksjon med å legge til rette desse bilane i Norge, og det er få saker er så viktige som miljøsakene. Men eg meiner at stimulansen for å fortsette å velje miljøalternativet, nemleg elbil, framleis er til stades, seier ho.

Aurdal meiner likevel at det er viktig å ikkje fjernar for mange av fordelane til el- og hydrogenbileigarane. Ho vektlegg også at det er viktig at kommunen utviklar eit tilbod som er så godt at det kan konkurrere ut bilbruken.

– Det aller viktigaste tiltaket er å få eit enno betre kollektivtilbod og legge betre til rette for syklande og gåande. Her har vi diskutert ulike løysingar, og bypakken vil også vere ein svært viktig del av dette.

– Eg trur uansett ikkje at folk kjøper elbil berre for å parkere gratis.

Ikkje overraska

På dei ulike parkeringsplassane i Ålesund viser tydeleg at el- og hydrogenbilar har gjort sitt inntog i byen. Medan vedtaket frå Ålesund kommune har blitt møtt med sterke reaksjonar frå nokre, er det ikkje alle som er like overraska.

– Eg hadde rekna med at det ville komme før eller sidan og eg må vel berre godta det. Eg sparar likevel pengar på bensin, seier Ingeborg Flem Honningdalnes med eit smil.

Ho står på ein parkeringsplass i Ålesund er i gang med å kople frå ladeleidningen på elbilen som har stått på lading medan ho var borte.

– Det var eit gode i starten, men for all del ikkje avgjerande for at eg kjøpte elbil, seier ho.

Elbilparkering Ålesund

Frå første januar 2017 blir det ikkje lenger gratis å parkere her.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL