Hopp til innhold

Slutt på gratis parkering for elbilar i Ålesund

Ålesund kommune har vedtatt at også elektriske og hydrogendrivne bilar no må betale for å parkere i Ålesund.

Lading av elbil på Utstillingsplassen i Ålesund

Frå og med første januar 2017 blir det slutt på gratis parkering for elektriske og hydrogendrivne bilar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det blei bestemt på eit formannskapsmøte tysdag, og vedtaket vil gjelde frå 1. januar 2017.

Til no har det vore gratis for elbilar å parkere på offentlege parkeringsplassar med avgift. Frå 1. januar 2017 gjeld ein ny nasjonal parkeringsforskrift, der det ikkje lenger er betalingsfritak for elektriske eller hydrogendrivne bilar. Kommunane kan likevel sjølv velje å innføre betalingsfritak for desse køyretøya på kommunale avgiftsbelagde parkeringsplassar.

– Formannskapet stemte for rådmannens innstilling, som styret i Ålesund parkering, at dette betalingsfritaket ikkje skal fortsette etter at ny parkeringsforskrift er tredd i kraft, står det på kommunen sine nettsider.

Dermed er det slutt på gratis parkering for elbilar og hydrogenbilar i Ålesund frå januar.

Merkbar auke

Ifølgje kommunen har det vore ei vesentleg auke i elbilar i Ålesund dei to siste åra, noko også Ålesund parkering har merka godt. I skrivet på kommunen si nettside blir det mellom anna lagt vekt på dei store kostnadane knytt til slike parkeringsplassar.

– Parkeringsplassar for el- eller hydrogendrivne biler krev like mykje som vanlege parkeringsplassar. Den nye forskrifta krev i tillegg at det blir lagt spesielt til rette for elbilar, med at inntil 6 % av parkeringsplassane blir øyremerka dei og skal ha ladeutstyr. Dette vil koste mykje, skriv kommunen.

– Det kostar å ha eit fungerande parkeringstilbod i byen. Avgiftsparkering gir inntekter til ei slik drift og overskotet kan brukast til vedlikehald og bygging av ny og betre infrastruktur for parkering.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL