Hopp til innhold

Statsforvaltaren politimelder Statkraft etter slamutslepp

I 2022 slapp Statkraft ut store mengder slam i den nasjonale lakseelva Surna. No har Statsforvaltaren sendt inn politimelding etter hendinga.

Slam i Surna. En fra elveeierlaget demonstrerer slammengden høsten 2023, et år etter utslippet til Statkraft.

I september 2023 var det framleis mykje slam å finne i elvebotn i Surna. Då var det gått om lag eit år sidan det store utsleppet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hausten 2022 tømte Statkraft vassmagasinet i samband med ei stor rehabilitering av demningane til Trollheimen kraftverk.

Det førte også til at store mengder slam frå fjellet gjekk ut i elva Surna, og farga elva brun.

Statkraft har i ettertid beklaga hendinga, og sett i gong ei kartlegging av omfang og konsekvensar.

No vel Statsforvaltaren i Møre og Romsdal å melde det statseigde kraftselskapet til politiet. Det stadfestar lokalt politi og Statsforvaltaren sjølv.

Opprusting i Trollheimen

Statkraft rustar opp demningane i fjellområdet Trollheimen, eit prosjekt til ca. 650 millionar kroner. Det var i samband med dette at utsleppet skjedde.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Unntatt offentlegheit

Statsforvaltaren vil heller ikkje kommentere eller gi innsyn, og grunngjev det med at saka er unntatt offentlegheit. Politiet vil heller ikkje seie om dei vil starte etterforsking enno.

Statkraft sjølv fekk vite om meldinga via NRK, og synest derfor det er vanskeleg å kommentere utan å vite meir.

– Generelt seier vi at å vere kritisk til vår verksemd eller melde oss når ein meiner det er rett, står alle fritt til. Dette er ei veldig uheldig sak, og vi beklagar veldig sterkt det som har skjedd, seier regiondirektør Kåre Hønsi i Statkraft.

Aura kraftverk i Sunndal

Kåre Hønsi er regiondirektør for region midt i Statkraft.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kan krevje fleire flaumar

Tidlegare har fleire medlemmar i Energi- og miljøkomiteen reagert sterkt på saka, og bede Statkraft om å rydde opp.

Eitt år etter utsleppet låg det framleis betydelege mengder slam i elva, sjølv om ein del er vaska ut. Det skreiv COWI i ein rapport dei har laga på oppdrag for Statkraft.

– Vi har gjort undersøkingar i eit og eit halvt år. Dei konkluderer med at det er blitt betring. Men elva er ikkje tilbake til det utgangspunktet det var, derfor jobbar vi vidare med ytterlegare tiltak, seier Hønsi.

COWI skriv at det kan krevje ein eller fleire flaumar for å spyle ut det som er att, men heller ikkje det er dei sikre på er nok.

Normal vannstand i elva Surna ved Brekkøya camping i Surnadal kommune.

Elva Surna hadde tydeleg brun farge i oktober 2022.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Rapporten til COWI peiker på at utsleppet kan ha hatt vesentleg negativ påverknad på elveøkologien.

Slammet i elva har blant anna gjort at ungfisken har svært få plassar å gøyme seg. I tillegg kan bestanden av elvemusling ha gått ned med 23 prosent.

  • Fikk du med deg at laksefisket i elvene i Møre og Romsdal blei nesten halvert på eit år? Det er eit fylke med fleire populære elver som trekker tilreisande fiskarar.

Håpar å få restaurert elva

Før jul hadde Statkraft møte med NVE, kommune, ulike forskingsmiljø og Statsforvaltaren for å jobbe med ein tiltaksplan for kva som kan gjerast med Surna.

– Der har ein jobba i fellesskap etter det ein veit, med kva tiltak ein vil gå vidare med. Den prosessen held fram, og vi kjem til å gjere tiltak i 2024. Målet vårt er å få restaurert elva tilbake, seier Hønsi i Statkraft.

Han er tydeleg på at dei gjorde tiltak frå dag éin, først og fremst ved å sleppe på meir vatn for å få ei utvasking i elva.

NINA og Birdlife Noreg har gjort eigne undersøkingar som enno ikkje er publisert.

Surna gjørme

Dette bildet er frå september 2022, kort tid etter utsleppet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Elveeigarlaget i Surnadal har vore tydeleg på at også dei vurderer å melde Statkraft til politiet. Dei ønsker å forhandle om erstatning.

– I møte med elveeigarlaget og kommunen har vi uttrykt at dersom verksemda vår er til skade for nokon, er vi òg budd på å ta ansvar og erstatte direkte økonomiske tap knytt til hendinga, seier Hønsi.