Hopp til innhold

Laksefisket i Møre og Romsdal er nesten halvert på eit år

Elvefiskarane i Møre og Romsdal drog opp totalt 19,3 tonn laks i fjor. Det er nesten halvparten av det som blei fiska året før.

Laksefiske i Rauma.

Fiskarar i Rauma elv.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

I 2023 blei det rapportert om ein fangst på 5676 laks til ei vekt på 19,3 tonn, mot 37,5 tonn i 2022. Det melder Statsforvaltaren i ei pressemelding. Nesten 900 av laksen blei slept ut igjen.

– Det er ein veldig stor nedgang. Det er mykje som påverkar laksen, seier Geir Moen, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Årsaka kan vere at færre laks overlevde i sjøen. Det trur Vitenskapleg råd for lakseforvaltning.. Dei meiner det kan skuldast klimaendringar.

– Forskarane meiner at overflatetemperaturen ute i havet er veldig viktig, kanskje det aller viktigaste. Dei peiker òg på lakselusa som tar livet av ein del laksesmolt som er på veg ut havet, seier Moen.

Han legg til at det ofte blir peikt på vassføringa, men at denne blei bra utover i sesongen.

Sjølaksefisket med kilenot blei også nesten halvert frå 4,3 til 2,4 tonn laks.

Driva hadde størst fangst

Ingen elver utmerka seg særleg positivt i 2023. Driva hadde størst fangst.

Moen seier at det har vore eit mål å halde nede talet på laks i elva. Elva blir nemleg stengd for laksefiske i fleire år framover etter 2023-sesongen, for å bygge opp att laksebestanden etter at elva har blitt behandla mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Derfor har det vore få restriksjonar, fordi færre fisk gjer det lettare å lykkast med behandlinga.

Elva Driva normal vannstand

Elva Driva i Sunndal hadde størst fangst, men heller ikkje her var det auke.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Han meiner at Driva har det største potensialet av elvane i fylket når elva blir friskmeldt. I Surna og Rauma blei det fiska berre litt over to tonn laks i løpet av fjoråret. Åheimselva i Vanylven var på tredje plass i tal på fiska laks i 2023, og hadde òg eit særleg godt år i 2022.

Låg fangst av sjøaure

Sjøaurefangsten i fylket kom på 3,0 tonn mot 3,2 tonn i 2022, og er framleis på eit lågt nivå. Det blei avliva 1,1 tonn og sett ut igjen 1,9 tonn.

Det blei fanga mest sjøaure i Driva med 574 kilo, og alle skal ha blitt sett ut att. Eira var nummer to med Eikesdalsvatnet og 468 kilo, og Rauma med 257 kilo.

Sjøørret i elva Driva

Sjøaure i elva Driva.

Foto: Ketil Skår

I 2023 var 70 elver i fylket opne for fiske etter laks og/eller sjøaure. Alle skal ha levert rapport frå fangsten.

Dette gir ifølgje Moen verdifull kunnskap om bestandssituasjonen i dei ulike vassdraga.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL