Hopp til innhold

Uro for at landet blir «støvsugd» for kraft

Summen av datasenter, hydrogenfabrikkar og grøne industrietableringar reiser spørsmål om Noreg har gapt over for mykje.

Google-tomta på Gromstul i Skien.

GOOGLE, GROMSTUL: Etterspørselen frå ny industri overskrid den krafta som er tilgjengeleg. Det foreløpige svaret på knipa er meir vindkraft, meir solkraft og nye skattereglar for å stimulere til meir vasskraftutbygging.

Foto: NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Fleire roper alarm om kraftsituasjonen etter at NRK fortalde om den australske mangemilliardæren Andrew «Twiggy» Forrest som vil bygge ein ammoniakkfabrikk på Vestlandet.

Forventa straumforbruk er 2,3 terawattimar i året.

Til samanlikning vart det i 2021 brukt 1,8 TWh straum i Stavanger.

Fabrikken inngår i ein portefølje på 10–12 planlagde ammoniakkfabrikkar, og kjem på toppen av fleire andre «kraftsluk».

Tidlegare i februar blei det klart at Google ønsker 7,5 terawattimar til eit nytt datasenter i Skien. Det svarer til 5 prosent av den norske straumbruken og er meir enn dobbelt så mykje som elektrifiseringa av Melkøya vil koste (3,6 TWh).

«Skal Google få støvsuge oss for kraft?» spør Naturvernforbundet, og koplar spørsmålet til «det massive naturtapet» som NRK har dokumentert.

Nå gjer fleire eit poeng av at det er på tide med «ei realitetsorientering».

Vi må prioritere krafta strengare og ikkje gønne på med luftslott. Det er ikkje grønt alt som glimrar, seier Sofie Marhaug i Raudt.

Vi kan ikkje love bort kraft i aust og vest

Så langt har Statnett, som fordeler «straumkvotane», sagt ja til eit årleg meirforbruk på rundt 40 terawattimar, som svarer til det fleirtalet i Energikommisjonen meiner Noreg bør auke kraftproduksjonen med innan 2030.

Mindretalet tok dissens og innvende at målet var «for ambisiøst».

I 2023 blei det sett i drift mindre enn 1 TWh ny fornybar kraftproduksjon.

Vi kan ikkje love bort kraft i aust og vest, og utan å ha nokon som helst planar for å frigjere nok kraft til det som kjem. Det er djupt uansvarleg, seier MDG-leiar Arild Hermstad.

Les også Rapport: Elektrifisering av sokkelen har massiv klimaeffekt

Trollutslepet i 1996

Kritikken mot «meir av alt, raskare»-regimet kjem også frå uventa hald.

I ein podkast-samtale med Nettavisen antydar Statnett-sjef Hilde Tonne at den norske hovudstrategien for å halvere utsleppa på sokkelen innan 2030 er ein åndssvak ide.

Eg er heilt imot det, eg synest det er heilt åndssvakt, seier programleiaren.

Her skal eg vere varsam med å seie kva eg meiner, for det kan hende at vi er einige, svarer Tonne i ein lett ironisk tone.

Felles brev til regjeringa

Det er i dag brei semje om at Noreg styrer mot kraftunderskot – men ikkje om kor lang tid det vil ta.

Statnett har åtvara mot eit snarleg underskot i 2027, medan NVE har teikna eit litt meir optimistisk bilete.

Forklaringa er at nordmenn har byrja å bruke mindre straum, og at NVE forventar at tendensen vil halde fram – sjølv med «normale» straumprisar.

Sist veke skreiv 35 organisasjonar eit felles brev til regjeringa der dei etterlyste smartare grep for å få «inntekts- og utgiftssida» i kraftrekneskapen til å gå opp – reint praktisk ved å auke satsinga på energieffektivisering.

Ifølge NVE kan energieffektivisering i norske bygningar «frigjere» 13 terawattimar som kan komme andre til gode.

Morten Wedege
Naturviterne

Morten Wedege, forbundsleiar i Naturviterne

– At nødvendig grøn omstilling vil krevje meir fornybar kraftproduksjon er openbert. Men det er ikkje like openbert at alle eksisterande og nye næringar skal ha lik tilgang til energi. Natur- og klimakrisa gir ikkje rom for ei storstilt nedbygging av natur. Energikommisjonen bygger på usikre estimat av framtidige kraftbehov. Vi må ikkje nødvendigvis akseptere dei høgaste vekstframskrivingane. Eg trur det er på overtid at vi nå begynner diskusjonen om kraft til alle typar datasenter og elektrifisering av gassproduksjon er rett prioritering.

g5Eb6Ib_T84
NTB

Terje Halleland, Framstegspartiet

– Vi er nøydde til å fordele krafta annleis enn det vi gjer i dag. Det må komme planar på bordet som viser at det er ein samanheng mellom ny kraftproduksjon og -bruk. I utgangspunktet ønsker eg at alle som ønsker det skal få tilgang til kraft, men i dagens situasjon med nesten ingen ny kraftproduksjon, stor sensibilitet i kraftprisane og eit kraftunderskot i nær framtid, må tilgangen regulerast tøffare.

t8vsBmxDaXE
NTB

Truls Gulowsen, Naturvernforbundet

– Sidan Energikommisjonen presenterte rapporten sin har vi vore klare på at både anslaget for nytt forbruk og ny produksjon innan 2030 er urealistisk. Vi har også vore imot å bruke knappe fornybare kraftressursar til elektrifisering av oljesektoren, inkludert Melkøya. Det er derfor bra at Statnett, Klimautvalget 2050 og stadig fleire andre nå begynner å be om meir realisme i kraftdebatten.

Oz36hySBiqU
NTB

Nikolai Astrup, Høgre

– Mangel på kraft er i ferd med å kortslutte klimaomstillinga i Noreg. Viss vi skal få ned straumprisane, kutte utslepp og legge til rette for nye arbeidsplassar, så er vi heilt avhengig av at det blir bygd ut meir kraft, meir nett og at det blir lagt betre til rette for energieffektivisering. Dersom vi ikkje lykkast med kraftutbygginga i Noreg, kan konsekvensen bli at industrien legg ned framfor å legge om. Det må vi unngå.

BpV1XN78OkE
NTB

Sofie Marhaug, Raudt

– Det er ikkje grønt alt som glimrar. Vi må ha ein reell debatt om korleis vi kuttar utslepp best mogleg, og kva slags jobbar vi eigentleg skal ha. Det er forskjell på utsleppskutt og såkalla ny, grøn industri. Sanninga er at mange av desse prosjekta konkurrerer med arbeidsplassar som treng krafta, og som vi skal leve av i framtida òg. Dessutan går alle etableringane på kostnad av naturen, både i form av utbygging av datasenter og ny vindkraftproduksjon.

Sigrun Aasland, Zero
Caroline Dokken Wendelborg / NRK

Sigrun Aasland, Zero

– Politikarane må bli mykje betre på å prioritere kva krafta skal brukast til. Da meiner eg utsleppskutt må komme først. Noreg har signert ein avtale i Dubai der landa forpliktar seg til ei tredobling av fornybarproduksjonen innan 2030. Vi har også forplikta oss til å halvere eigne utslepp, og det klarer vi ikkje utan å både frigjere og produsere meir kraft. Det handlar ikkje om uhemma vekst, men om å redde oss sjølve frå klimakrise.

Wnsxqyu_0b4
NTB

Kjell Ingolf Ropstad, KrF

– Regjeringa bør gjere det dei kan for å auke kraftproduksjonen vesentleg både innan 2030, 2040 og 2050. Nå er det likevel høgst uklart kor den auka kraftproduksjonen skal komme frå. Vi må vere opne for alle kraftformer, og det er blant anna derfor KrF ønsker å opne for kjernekraft.

_yy7pRl4gYM
NTB

Arild Hermstad, MDG

– Det er fullt mogleg å auke produksjonen med 30 TWh fram til 2030, og vi kan også frigjere 10 TWh med å seie nei til elektrifisering av sokkelen. Men dette krev at regjeringa tenker heilt nytt og samtidig betyr det at vi må satse meir på småskala løysingar enn det Energikommisjon tar til orde for.

6HJSMmJzBEQ
NTB

Ola Elvestuen, Venstre

– Vi meiner det er mogleg å få til både 8 TWh solenergi og 10 TWh i energiøkonomisering innan 2030. Samtidig kan det ferdigstillast noko vindkraft, fleire vasskraftverk kan oppgraderast, vi kan få i gang meir produksjon av biogass og klimagassutsleppa på Melkøya må kuttast med gasskraftverk med karbonfangst og -lagring – og ikkje med kraft frå land. Med aktive tiltak for dette forsterkar kraftbalansen betydeleg innan 2030 sjølv om 40 TWh vanskeleg lèt seg gjere på så kort tid.

O8RBMs7ql2U
NTB

Lars Haltbrekken, SV

– Vi må slutte å elektrifisere sokkelen med kraft frå land, og heller gjere det raskt med havvind. Det vil krevje at vi stiller nokre tøffe krav til oljeindustrien, men det er vi klare for. Vidare må vi innføre konsesjon for datasenter, slik at vi kan seie nei til kryptomining.

Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar Norsk Klimastiftelse
Norsk Klimastiftelse

Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar Norsk Klimastiftelse

– Noreg treng mykje meir fornybar energi for å kutte klimagassutsleppa heime, men med dagens utbyggingstempo er 40 TWh innan 2030 urealistisk. Vi bruker litt mindre kull, men like mykje olje og mykje meir fossil gass i dag enn i 1990. Når vi ennå ikkje er i gang med å erstatte kol, olje og gass med fornybar energi, blir det vanskelegare og vanskelegare å nå klimamåla etter kvart som 2030 nærmar seg.

u13xIbaWMz8
NTB

Jon Askeland, Senterpartiet

– Førebuinga til gradvis nedtrapping av olje- og gassindustrien i Noreg har ein fellesnemnar: Alt krev store mengder fornybar elektrisitet. Det betyr at det vert kamp om krafta, og fare for å driva straumprisen opp. Dette er ei kritisk utfordring for industrien: Dei store industrilokomotiva våre er avhengige av billeg straum for å investera i høgkostlandet Noreg. Svaret er å auke fornybar-produksjonen, raskt.

– Som tiårsplanane til Moskva i tida etter den russiske revolusjonen

Oddmund Klakegg (Sp) er leiar i næringsutvalet i Vestland fylkeskommune, som vedtok ein ny fornybarplan før jul. Målet er at fylket framleis skal vere det som produserer mest grøn energi i landet.

Klakegg gler seg over ammoniakk-planane til den australske milliardæren og meiner Vestland kan bli eit lokomotiv i det grøne skiftet gitt tre føresetnader:

  • At Statnett investerer ytterlegare i sentralnettet. Statnett har tidlegare varsla at dei vil investere 100–150 milliardar kroner dei neste ti åra.
  • Raskare konsesjonsprosessar. Vestland-ordførar Jon Askeland (Sp) har tidlegare sagt at NVE maksimalt bør bruke ti veker på å handsame kraftkonsesjonar.
  • At Statnett påskjønner kommunar som tar ansvar for kraftproduksjon ved at lokale og «straum-tørste» bedrifter rykker fram i køen når straumkvotane blir fordelte.
Oseberg Field Centre

Det er berekna at elektrifiseringa av sokkelen til koste om lag 15 TWh. Fleire har innvendt at strategien berre gir «papirgevinst» sidan gassen som blir «spart» blir brend ein annan stad. Resonnementet byggjer på at den norske sokkelen er omfatta av kvotesystemet i EU, og at norske kutt vert «nulla ut» av utslepp på kontinentet.

Foto: Øyvind Hagen / Equinor

Vi har sett oss store og hårete mål

I ein kronikk i Trønderdebatt tar Ola Borten Moe (Sp) oppgjer med heile tenkemåten bak det grøne skiftet, som han samanliknar med «tiårsplanane til Moskva i tida etter den russiske revolusjonen».

Den tidlegare statsråden har tidlegare samanlikna den norske hydrogen- og ammoniakk-satsinga med å kaste kraft «rett i dass» (sjå svar frå Norsk Hydrogenforum under).

Eg trur det er på tide å tilpasse karta til terrenget og ha ein ærlegare klimasamtale, uttalte han i NRK Debatten.

Les også Melkøya-elektrifisering skaper kraft-sjalusi i resten av landet

Hammerfest LNG

Klakegg fortel at han skil lag med partikollegaen og at han framleis har tru på strategien som gjer at Noreg kan nå måla i Paris-avtalen.

Eg er optimistisk, men ikkje roa. Det er framleis nokre gordiske knutar som må løysast opp.

Er eit mål til for å nå det, eller for å ha noko å strekke seg etter?

Heh, det er eit filosofisk spørsmål. Men vi har sett oss store og hårete mål. Det synest eg er flott.

Klimaministeren avviser Borten Moes påstand om at Norge ikke når klimamålene.

Klimaministeren avviser Borten Moes påstand om at Noreg ikkje når klimamåla.

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus