Hopp til innhold

Elva er tilbake for fyrste gong på 12 år

På 1950-talet blei Aura demd opp til kraftproduksjon. Sidan den gang har store delar av elva vore tørrlagt. Men i år viser ho eit glimt av sin gamle styrke.

Aura elv ved Finnset i Eikesdal

AURA: Elva renn for fullt igjen i bygda Eikesdal i Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

– Det er utruleg.

Bård Eiliv Oppigard må nesten rope for å overdøyve elvebrusen.

I ein normal sommar kunne vi gått tørrskodd på steinane under oss. I gamle tider var Aura kjend som ei god lakseelv. No er laksen utrydda i åtte kilometer av elva.

Bård Eiliv Oppigard på brua ved skytebana i Eikesdal. Aura i bakgrunnen.

Bård Eiliv Oppigard frydar seg over å sjå elva Aura slik. Han drøymer om at elva skal få renne slik oftare.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men i år fossar vatnet på ny gjennom Eikesdal.

– No er det liv her. Det gir liv i heile dalen. Utan dette vatnet er ikkje bygda den same, seier Oppigard.

Aura

Elva Aura i 2021. Normalt er det lite vassføring og laksen klarer ikkje å gyte i det meste av elva.

Foto: Christine Fagerbakke

Fløymer over

Kjelda til livet i elva ligg på fjellet, 856 meter over havet.

Aursjøen gir vatn til eit av dei største kraftverka i landet. Sidan demninga blei bygd i 1953, har vatnet runne ned til nabokommunen Sunndal.

Men i år har sommaren i Møre og Romsdal vore så våt at kraftverket ikkje klarer å ta unna alt vatnet. Aursjøen renn over, og Aura fløymer ned sitt gamle løp.

Vannkraft, Aursjødemningen, Aura elv
Aursjødammen
Vatn rett ut av Aursjøen og blir til Aura
Elvar renn over demninga på Aursjøen
Aura strøymer ned på grunn av overløp på Aursjøen.

– Det er svært sjeldan vi har overløp der. Aursjøen er eit stort magasin og Aura kraftverk sluker mykje vatn, seier hydrolog i Statkraft, Even Loe.

Vatnet som har runne ned i dalen sidan 29. juli, kunne gitt over 84 GWh straum. Det er det same som årsforbruket til 5.250 norske hushaldningar.

Førre gong Aursjøen fløymde over var i 2010. I år har Aura vore på sitt høgste sidan år 2000.

– Kor lenge overløpet vil vare denne gongen er vanskeleg å seie. Det er vêret som styrer det, seier Loe.

Aura med høg vassføring.
Aura hausten 2021 lite vatn i elva.

Vil ha vatn heile året

Folket i bygdene langs vassdraget har eit ønske om vatn forbi demninga kvart år.

– Det hjelp ikkje med eit overløp ein sjeldan gong. Dei fleste år kjem ikkje laksen opp i elva. Det er åtte kilometer med øydelagde gyteplassar, seier Kirsti Fagerslett.

Ho er leiar i elveeigarlaget lengre ned i vassdraget.

Kirsti Fagerslett, leiar i Eira elveeigarlag.

Krist Fagerslett er leiar i Eira elveeigarlag. Ho jobbar for å få eit krav om minstevassføring i Aura. Elvane Aura og Eira heng saman via Eikesdalsvatnet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Nyleg vurderte regjeringa om elva skulle få noko av vatnet tilbake.

Svaret var tungt for bygdefolket å akseptere: Ikkje ein drope til elva.

Alt vatnet frå Aursjøen skal gå til produksjon av straum. Avgjerda skal gjelde i 30 år.

No ser EU-organet ESA på saka.

Dei har sett i gang ei gransking for å undersøke om Noreg bryt EU sitt vassdirektiv i vedtaket om Aura.

Samstundes vurderer regjeringa reglane på nytt i 87 lakseelver.

I høyringane tek mange til orde for meir vatn:

Bjerka, Nordland

Bjerka, Nordland

«Elva var rik av laks og sjøørret. Fiskebestanden er i en kritisk fase. Vi har ikke nok vann til å sikre en levedyktig bestand.» (Bjerka bygdefeskarlag)

Heddøla, Vestfold og Telemark.

Heddøla, Vestfold og Telemark

«Vannføringen er uforutsigbar og lite egnet for innsig av gytelaks. Vi har dokumentert fiskedød. Det er nødvendig med minstevannføring og tiltak for å sikre levedyktig bestand av laks og ørret» (Fiskeutvalget, Notodden JFF)

Lundesokna, Trøndelag

Lundesokna, Trøndelag

«Det høstbare overskuddet av laks er kraftig redusert. Lundesokna er sterkt påvirket av effektkjøring. Både minstevannføring og krav til myke overganger er fraværende.»(Gaula fiskeforvaltning)

Simadalselva i Eidsfjordvassdraget

Eidfjordvassdraget, Vestland

«Eidfjordvassdraget har særlig stor verdi som laksevassdrag med sin bestand av storlaks. Situasjonen for laksen har vært kritisk i mange år, vannkraft er vurdert som avgjørende.» (FNF Hordaland)

Daleelva på Vestlandet.

Daleelva, Vestland

«Daleelva er sterkt regulert og det blir gjennomført effektkjøring. Det fører til brå endringer i vannføringen, tørrlegging og stranding av laksyngel, gytegroper og gytefisk om høsten.» (Fagrådet Daleelva)

– Ein smak av slik det kunne vore

For ei kort stund får i alle fall bygdefolket nyte elva sin brus.

Her er ikkje ein regnfull sommar berre negativt.

– Det er ein smak av slik det kunne vore. Elvedur og liv i heile dalen. Det er slik det skal vere i Eikesdal, seier Bård Eiliv Oppigard.

Bård Eiliv Oppigard
Aura elv ved Finnset i Eikesdalen
Eikesdal i Møre og Romsdal, mot Finnset. Elva Aura er stor på grunn av overløp på Aursjøen.
Eikesdal sett frå Aursjøvegen. Elva Aura er stor på grunn av overløp på Aursjøen.

Les også Kampen om vatnet

Mardalsfossen i Eikesdalen

Les også Norge må forklare seg om vannkraft og laks

Sideelv Aura

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL