Hopp til innhold

Melder Statkraft til politiet etter slamutslepp i nasjonal lakseelv

Ei stor opprydding ventar etter at Statkraft slapp ut enorme mengder slam i lakseelva Surna på Nordmøre. No vel kommunen og elveeigarlaget å melde dei til politiet for utsleppet.

Slam i Surna. En fra elveeierlaget demonstrerer slammengden høsten 2023, et år etter utslippet til Statkraft.

SLAM: Slik såg det ut i elva Surna om lag eitt år etter utsleppet som skjedde i september 2022.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Surnadal kommune og elveeigarlaget har meldt Statkraft til politiet for det dei meiner er alvorleg miljøkriminalitet, brot på forureiningslova, vassressurslova og naturmangfaldlova.

Anett Ranes, fungerande ordførar i Surnadal.

Anett Ranes, fungerande ordførar i Surnadal, seier dei har vurdert grundig om dei skulle melde Statkraft til politiet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Å melde nokon til politiet er ei alvorleg sak, men utsleppet er meir alvorleg, seier Anett Ranes, fungerande ordførar i Surnadal.

Vidare legg ho vekt på både dei kortsiktige og langsiktige konsekvensane som utsleppet har og kan føre til.

– Vi synest det er veldig trist å sjå at elva vår nesten har blitt nesten eit slamdeponi. Vi har ein sterk identitet knytt til elva og laksen vår. Tilbakemeldingane frå dei som driv med laksefiske er at dette har fått merkbar nedgang. Så Surna som lakseelv har fått ein knekk i omdømmet, seier ho.

Leiar i Surna elveeigarlag, Georg Solem, seier at avgjerda om å ta saka til politiet kjem uavhengig av den politimeldinga som Statsforvaltaren leverte førre veke. Han vektlegg at dei har følgt saka tett over lengre tid og at dei har måtte brukt tida fram til no for å kome til ein konklusjon.

Surnadal anmelder Statkraft. Anett Ranes, fungerande ordførar i Surnadal og Leiar i Surna elveeigarlag, Georg Solem på politistasjonen i Surnadal.

Surnadal kommune og Surna elveeigarlag melde i dag Statkraft til politiet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Oppdaga utslepp for seint

Hausten 2022 tømde Statkraft vassmagasinet oppe i fjella i samband med ei stor rehabilitering av demningane til Trollheimen kraftverk.

Det førte til at store mengder slam, frå botn av dammen, gjekk ut i elva Surna før dei oppdaga det.

Opprusting i Trollheimen

Statkraft rustar opp demningane i fjellområdet Trollheimen, eit prosjekt til ca. 650 millionar kroner. Det var i samband med dette at utsleppet skjedde.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Statkraft har i ettertid beklaga hendinga, og sett i gong ei kartlegging av omfang og konsekvensar.

Før jul hadde dei også eit møte med NVE, Surnadal kommune, ulike forskingsmiljø og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for å jobbe med ein tiltaksplan for kva som kan gjerast med Surna.

Surnadal kommune og Surna elveeigarlag meiner likevel at det er grunnlag for å melde saka til politiet.

– Dette har råka fleire naturreservat, og vi har ein laksefjord og lakseelv som skal ha særleg vern. Då meiner vi at det skulle ha vore ei heilt anna alvorsgrad og førebuingar før dei prosessane som har vore, seier Ranes.

Leiar i Surna elveeigarlag, Georg Solem.

Leiar i Surna elveeigarlag, Georg Solem.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Skal gå grundig gjennom den

Kåre Hønsi, direktør i region Midt i Statkraft, seier at dei nettopp har fått beskjed om politimeldinga, men at dei tek den til etterretning og vil gå grundig gjennom den.

– Uavhengig av dette jobbar vi vidare med dei tiltaka vi har starta på og samarbeidet vi har med kommunen, elveeigarlaget og den miljøekspertisen vi har hyrt inn.

Aura kraftverk i Sunndal

Kåre Hønsi i Statkraft seier at dei skal gå grundig gjennom politimeldinga og at dei jobbar for å rette opp problema som har oppstått i etterkant av slamutsleppet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Hønsi seier at rehabiliteringa av demningane var gjort etter standard måte og at alle planane var sendt inn og godkjent av NVE i forkant.

– Eg vil avkrefte påstandane om at dette kunne vore unngått, men at det då hadde kosta oss betydeleg. Vi har heller aldri spekulert i å gjere dette på ein måte som forsterka risikoen for eit slamutslepp, for å spare pengar.

– Det var ein risiko vi ikkje kjente godt nok til og vi beklagar konsekvensen av det. Vi jobbar for at dette aldri skal skje igjen, legg han til.

Regiondirektøren er også ueinig i omtalen av Surna og Surnadalsfjorden som eit slamdeponi.

– Dette er ikkje ein plass der vi deponerer slam. Vi har hatt ein uheldig prosess og det beklagar vi.

Hønsi seier at dei sette i verk tiltak like etter hendinga, og at dei jobbar i tett samarbeid med miljøfagleg ekspertise for å finne ut kva meir dei kan gjere.

– Vi har ikkje tenkt å gi opp før elva er tilbake til der den var, men den har framleis spor og skade av hendinga. Derfor held vi fram med undersøkingar av elva og følger dei råda vi får. Vårt mål er å få restaurert elva tilbake til slik den var, slik at det ikkje blir varige skader av denne hendinga.

Hønsi seier også at dei har vore opne for å gi erstatning til dei som har lidd økonomisk skade som følge av utsleppet.

Les også Slår alarm om gjørmefylt elv: – Ser ikkje eit livsteikn av verken fugl eller fisk

Georg Solem

Også meldt av Statsforvaltaren

For ei dryg veke sidan blei det klart at også Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har valt å politimelde Statkraft. Det er førebels ikkje kjent om politiet kjem til å opne ei etterforsking.

Selskapet har no to saker mot seg.

– Vi tek dei til etterretning. No har vi ikkje fått innsyn i politimeldinga frå Statsforvalteren sidan den er unndradd offentlegheit. Uavhengig av dette jobbar vi vidare med dei tiltaka vi gjer i elva, seier Hønsi.

Eitt år etter utsleppet låg det framleis betydelege mengder slam i elva, sjølv om mykje er vaska ut. Det skreiv COWI i ein rapport dei har laga på oppdrag for Statkraft.

Normal vannstand i elva Surna ved Brekkøya camping i Surnadal kommune.

Slik såg Surna elv ut nokre veker etter utsleppet i 2022.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei trur det kan krevje ein eller fleire flaumar for å spyle ut det som er att, men heller ikkje det er dei sikre på er nok. Rapporten peiker på at utsleppet kan ha hatt vesentleg negativ påverknad på elveøkologien.

Blant anna har ungfisken fått færre plassar å gøyme seg, og bestanden av elvemusling kan ha gått ned med 23 prosent.

Les også Statsforvaltaren politimelder Statkraft etter slamutslepp

Slam i Surna. En fra elveeierlaget demonstrerer slammengden høsten 2023, et år etter utslippet til Statkraft.

NINA og Birdlife Noreg har også gjort eigne undersøkingar som enno ikkje er publisert.

Fleire medlem i Energi- og miljøkomiteen har tidlegare reagert sterkt på saka, og bede Statkraft om å rydde opp.

Les også Stortingspolitikarar reagerer på slamutslepp: – Ein miljøskandale

Une Bastholm, MDG

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL