Hopp til innhold

Trugar med å politimelde Statkraft for å ha drukna elv i slam

Grunneigarane langs elva Surna trugar med å melde Statkraft til politiet etter ein massiv slamtabbe. Eitt år har gått sidan lakseelva vart fylt med slam. No vil dei ha pengar og svar.

Jan Gunnar Opsal frå elveeigarlaget står ved breidda av Surna – ei av landets viktigaste lakseelvar.

– Eg er utdanna geolog, og det å fylle elva med så mykje slam brukar naturen fleire tusen år på. Og her skjedde det i løpet av ei veke.

Slik ser det ut på botn av Surna elv i 2023.

I fjor haust vart 30 km av elva plutseleg farga brun.

Misfarginga vara i veker og vart spora tilbake til ei nedtapping av Statkraft sine vassmagasin i Trollheimen.

Opprusting i Trollheimen

Eit stort rehabiliteringsprosjekt var sett i gang etter nye krav til kva dammane skulle tole.

– Det er ei veldig alvorleg sak. Det er eit stort utslepp og vi veit enno ikkje kva slags konsekvensar det vil få for elva, seier ordførar i Surnadal, Margrethe Svinvik (Sp).

Margrethe Svinvik. Slamutslippet i elva Surna i Surnadal.

Margrethe Svinvik, ordførar i Surnadal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dei og Surna elveeigarlag er lei av å vente på Statkraft og fryktar at saka blir trenert. Dei krev at Statkraft kjem dei i møte og byrjar snakke om pengar og erstatningar.

Slamutslippet i elva Surna i Surnadal. Georg Solem i Surna elveeigarlag.

Georg Solem i elveeigarlaget.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi snakkar om eit volum som kan vere det største utsleppet i noregshistoria nokon gong. Og dette er sleppt rett inn i eit nasjonalt laksevassdrag som så går rett ut i ein nasjonal laksefjord, siger Georg Solem frå elveeigarlaget.

Vil ikkje forhandle no

Statkraft vil ikkje kommentere på mengda, men har vedgått at det var meir enn forventa. Dei ventar no på resultatet frå undersøkingane som COWI og NINA gjer på vegner av dei.

Elveeigarane har gitt Statkraft frist til laurdag med å kome dei i møte og starte forhandlingar.

– Vi synest det er for tidleg å inngå forhandlingar, seier Per Ivar Ingstad, kraftverkssjef i Statkraft.

Dei vil vente på svar og resultat frå undersøkingar dei har sett i gang i elva. Undersøkingar dei håpar kan gje svar på både kortsiktige og langsiktige konsekvensar.

Per Ivar Ingstad, kraftverksjef i Aura-områdetr i Statkraft.

Per Ivar Ingstad, kraftverkssjef i Aura-området i Statkraft. Bak han renn den regulerte elva Folda, som går frå dammane og ned til Surna.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Viktig for laksen

Surna er blant 52 nasjonale laksevassdrag og Surnadalsfjorden er ein av 29 nasjonale laksefjordar som skal ha særleg vern.

– Vi såg at elva vart så å seie livlaus i fjor haust. Då snakkar vi både om fisk og fugl. Alt dette har gjort oss bekymra for framtida, seier Georg Solem.

Dei påpeiker at det kan ta lang tid å byggje opp ein sterk laksestamme igjen, dersom denne har teke skade. Spesielt alvorleg er det der slammet har dekt til elvegrusen og øydelagt gyteplassane.

Slamutslippet i elva Surna i Surnadal

Slam frå elvebotn.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Har dei belegg for å seie at dette har vore skadeleg på sikt?

– Nei, det må vi kome tilbake til. Vi må skilje mellom sjølve utsleppet og konsekvensane på lang sikt, seier Jan Gunnar Opsal.

Slamutslippet i elva Surna i Surnadal. Jan Gunnar Opsal i Surna Elveeigarlag.

Jan Gunnar Opsal i Surna Elveeigarlag.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Likevel vil dei allereie no kome i dialog med Statkraft for å starte arbeidet med rette opp etter slamtabben. Så langt meiner dei at Statkraft har gjort for lite.

– Eg forstår at dei synest det, men det er ein kompleks sak, det er mykje som skal kartleggjast og det er ein lang strekning, svarar Ingstad.

NVE følgjer saka

Det er NVE som har ansvaret for å følgje med at Statkraft ikkje har brote lova. Surna elveeigarlag meiner tilsynsmyndigheitene så langt ikkje har gjort nok. Seksjonssjef i NVE, Mari Hegg Gundersen, tilbakeviser at dei tek for lett på saka.

NVE har følgt opp Statkraft tett etter at vi vart kjende med hendinga, seier Hegg Gundersen og viser til at dei ventar på dei same undersøkingane som NVE ventar på.

Kor alvorleg ser dei på denne saka?

Vi ser svært alvorleg på denne saka.