Hopp til innhold

Stortingspolitikarar reagerer på slamutslepp: – Ein miljøskandale

For eit drygt år sidan blei store mengder slam sloppe ut i ei nasjonal lakseelv på Nordmøre. Fleire medlemmar i Energi- og miljøkomiteen ber no Statkraft om å rydde opp.

Une Bastholm, MDG

Stortingsrepresentant Une Bastholm frå MDG kallar utsleppet i Surna for ein miljøskandale.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Eitt år har gått sidan store mengder slam og gjørme farga lakseelva Surna brun. Det var Statkraft som var ansvarlege for utsleppet.

Framleis ventar NVE, Miljødirektoratet og grunneigarane på resultatet frå undersøkingane som skal seie noko om omfang og konsekvensar.

Statkraft grunngjev utsleppet med at dei var pålagt å rehabilitere kraftverksanlegget oppe i fjellet, men vedgår at dei var overraska over mengda slam som kom.

No reagerer representantane til Venstre, SV, Raudt og MDG i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

– Dette er ein miljøskandale og ei veldig trist hending. Her må Statkraft rydde opp. Belastninga dette utsleppet medfører for villaksen og anna liv i elva kjem på toppen av mange andre trugslar, seier stortingsrepresentant Une Bastholm frå Miljøpartiet dei grøne.

Ho peiker på effektkøyring frå kraftproduksjonen som kan ramme gyteplassane, samt belastninga frå oppdrettsnæringa. Bastholm meiner det trengst fleire tiltak framover for å rette opp økosystemet og bestandane av laks og aure i elva.

– Her må regjeringa forsikre seg om at tiltak som kan bøte på skaden blir sett i verk raskt. I tillegg må rettshavarane og grunneigarar få rimeleg erstatning, seier Bastholm.

Trugar med å politimelde Slapp ut slam i den nasjonale lakseelva Surna

Slamutslippet i elva Surna i Surnadal

– Veldig alvorleg

Tidlegare klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) meiner også det hastar sette inn store nok tiltak til å gjenopprette kvaliteten for gyteområda i det han ser på som ei viktig lakseelv.

Ola Elvestuen

Venstrepolitikar Ola Elvestuen var Klima- og miljøminister under Solberg-regjeringa.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

– Det er nok av observasjonar som viser at det er store mengder slam på mange stader, og konsekvensane av så store utslepp er veldig alvorlege og negative. Dette er ikkje noko som elva klarer å reparere sjølv, då må du inn med store summar for å restaurere for å få tilbake kvaliteten i gyteområda, seier Elvestuen.

Han synest det verkar som at NVE og Statkraft har tatt altfor lett på saka.

– Må ta rekninga

Også Lars Haltbrekken meiner dette er ei alvorleg sak som krev opprydding. Han er SV sitt medlem i Energi- og miljøkomiteen.

– Når Statkraft er ansvarleg for miljøøydeleggingar må også Statkraft ta rekninga med å rydde opp. I tida framover vil ein rekke vasskraftanlegg måtte oppgraderast og pussast opp. Då er det svært viktig å ha på plass rutinar som unngår slike miljøøydeleggingar, seier Haltbrekken.

Lars Haltbrekken, Sosialistisk venstreparti

Lars Haltbrekken er stortingsrepresentant frå SV.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det er 6500 oppdemte dammar i Noreg, og NVE meiner 600 av desse er sårbare for klimaendringar. Mange av dei skal derfor rehabiliterast, og det var i samband med eit slikt prosjekt at slamutsleppet i Surnadal skjedde.

Etterlyser regjeringa

Partiet Raudt forventar at næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) stiller opp. Det er næringsdepartementet som eig Statkraft.

– Han må sørge for at selskapet tar miljøet på tyngste alvor og at dei rettar opp og betaler for skadane når feilen først har skjedd, seier miljøpolitisk talsperson Sofie Marhaug, som også er 2. nestleiar i Energi- og miljøkomiteen.

Sofie Marhaug (Rødt)

Sofie Marhaug er stortingsrepresentant frå Raudt og andre nestleiar i Klima- og miljøkomiteen på Stortinget.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Ho forstår godt at elveeigarane vil ha erstatning.

– Noreg har eit særleg ansvar for å ta vare på våre nasjonale laksevassdrag. I 2021 hamna villaksen på lista over raudlista arter. At ein heileigd, statleg aktør som Statkraft har gjort ein så grov feil er ekstremt kritikkverdig, seier Marhaug.

– Beklageleg

Statssekretær Halvard Ingebrigtsen i Nærings- og fiskeridepartementet svarar NRK at dei som eigarar har tydlege forventingar til selskapa deira når det gjeld ansvar og å ta vare på naturmangfald og økosystem.

Dette er ei beklageleg hending. Vi er opptatt av at selskapa lærer i den grad det blir gjort feil, og har god dialog med råka og relevante styresmakter, seier Ingebrigtsen.

Han peiker på at det er styret og leiinga i Statkraft som har ansvaret for å handtere denne saka.

Utenriksdepartementet har møte om Freia-boikotten

Halvard Ingebrigtsen er statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Har gjort tiltak

Regiondirektør i Statkraft, Kåre Hønsi, svarar i ein e-post til NRK at Statkraft tek natur og miljø på alvor, og at dei er lei seg for at dei ikkje greidde å føresjå slamutsleppet.

Vi tek sjølvsagt vårt ansvar i saka alvorleg. Vi har gjort tiltak for å redusere skadane, henta inn ekstern ekspertise og følgt alle deira faglege råd. Samstundes er det viktig for oss at arbeidet med å forstå konsekvensane av slamutsleppet blir gjort grundig, og at vi får ein fullstendig oversikt før vi gjer noko meir.

Han legg til at dei ikkje kan gjere avtalar om økonomisk kompensasjon før dei veit meir om følgene av utsleppet. Og skriv at Statkraft skal presentere ei kartlegging av skadane i november.